Hopp til innhold

- Begge typane er like trygge

Den største leverandøren av tåteflasker på den norske marknaden vil framleis bruke BPA.

Philips Avent Airflex 260 ml

Philips Avent Airflex med BPA.

Foto: Grønn Hverdag

Max Hellström

Max Hellström, PR-sjef i Philips Avensis.

Foto: Philips

Philips Avent produserer både tåteflasker med og utan BPA, og fører fleire av flaskene som i testen syner seg å innehalde miljøgifta .

Men Max Hellström, PR-sjef for selskapets nordiske avdeling, svarar i ein e-post til NRK at dei aktar å halde fram med å levere produkt med BPA.

- Begge typane er like trygge. Våre flasker med BPA oppfyller alle krav frå nasjonale styresmakter og EU.

Hellström meiner det er marknaden som styrer.

- Konsumentar spør etter både flasker med og utan BPA, difor forhandlar vi det også.

Nyttar ikkje merking

Symbol for polykarbonat

Symbol for polykarbonat.

På dei klassiske tåteflaskene til Philips Avent som inneheld BPA, står det ingenting om BPA-innhald verken på emballasjen eller på flaska.

Selskapet nyttar heller ikkje BPA-merkinga som enkelte produsentar nyttar - men som ingen er forplikta til å nytte - resirkuleringsteiknet med eit sjutal i midten.

Men Hellström er ikkje einig i at dei fører forbrukarane bak lyset.

- BPA er ein komponent i eit anna stoff; polykarbonat. Dette finst klart og tydeleg på pakninga til flaskene.

Billigare produksjon

Ekspertar frå fleire hald har advart mot at BPA kan vere kreftframkallande, og det blir jobba med forbod i mange land.

Men så lenge BPA ikkje er ulovleg, vil Philips Avent halde fram med produksjonen.

- For oss er det særs viktig å følgje dei reglane som finst, spesielt i produkt til barn. I dag tilbyr vi begge alternativ, fordi det enkelt og greitt er etterspørsel etter det, skriv Hellström.

Han innrømmer at pris også spelar inn.

- Flasker utan BPA er dyrare å produsere, og kostar difor litt meir for kunden.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)