Frå folkefiende til favoritt
Ho kledde Sex Pistols, men det var Jesus som sette moteskapar Vivienne Westwood i gang.
Då Vivienne Westwood døydde 29. desember 2022, vart ho hylla av musikarar, supermodellar og samfunnstoppar – og hyllesta held framleis fram. «Ei dame med ballar», tvitra Paul McCartney. «Den originale motedronninga,» slo Naomi Campbell fast, medan arrangørane av London Fashion Week dediserte heile moteveka til Westwoods minne.
Westwood skapte punkstilen, kledde Sex Pistols og var blant dei første som sette politiske bodskapar på T-skjorter. Då ho kom til Buckingham Palace for å bli adla av Dronning Elizabeth, var det utan truse på.
SER PYNTA UT, MEN... Ho gir ein snurr, skjørtet flagrar opp, og fotografane får seg ei overrasking.
Foto: MARTIN KEENE / Pa Photos / NTB ScanpixSamstundes med villskapen bygde ho opp eit av verdas største motemerke med butikkar i 97 land. Mange av dagens trendar kan sporast direkte til henne. Ho kledde menn i skjørt og lanserte unisex-mote, lenge før det var eit omgrep.
Vivienne Westwood var ein av dei mest ikoniske og paradoksale kulturfigurane i vår tid.
Jesus på korset
Vivienne vart fødd i 1941 i Derbyshire i Nord-England. Kimen til heile hennar verke var ei oppdaging ho gjorde som femåring. På besøk hos tanta si ser Westwood eit bilete av Jesus på korset. Ho reagerer med vantru og sinne. Til no har ho berre høyrt historiene om det vesle jesusbarnet i krybba.
Oppdaginga av vondskapen utløyser to reaksjonar i henne. Ein, kvifor har ikkje dei vaksne fortalt henne om dette? Ho tolkar det slik at ho ikkje kan stole på dei, ho må sjølv ut og finne sanninga. Mistilliten til autoritetar startar her.
To, ho kan ikkje tru at det finst folk i verda som vil gjere noko så vondskapsfullt som å nagle Jesus til korset. Ho kjenner at ho på ein eller annan måte vil opponere mot uretten i verda.
Westwood oppdagar tidleg at ho er flink til å sy og lage ting med hendene. Samtidig er ho interessert i politikk og historie. Ho ser at klede kan vere ein mektig måte å uttrykkje seg på. I starten handla det om å få folk til å tenkje sjølv, ved å vise fingeren til det konforme. Seinare retta engasjementet seg meir direkte mot enkeltsaker.
ARBEIDSHEST: Vivienne Westwood jobba hardt i mange år før ho blei godkjent av moteeliten. Her er ho i studioet sitt i 1983.
Foto: Mirrorpix / Getty ImagesEit banebrytande møte
I 1965 byrjar ein partnarskap som skal endre verda.
Vivienne Westwood er 24 år og åleinemor då ho møter Malcolm McLaren i London. Ho har nyleg gått ut av sitt første ekteskap.
McLaren er ein bleik 19 år gamal kunststudent med raudt hår og store visjonar. Han vil røske opp i både samfunnet og musikklivet, men har ikkje sjølv dei skapande evnene, slik som Westwood. Dei blir eit par, både i kjærleiken og kreativiteten, men mest i kreativiteten. Her er sjansen Westwood har venta på. «Eg likte ideane hans og ville bli med han på hans utforskande reise. Det handla om potensial,» har Westwood seinare sagt om forholdet.
OPPRØRSKE: Malcolm McLaren og Vivienne Westwood fotografert utanfor ein av Londons rettssalar etter å ha blitt kausjonert ut av fengsel. Dei kom fleire gongar i bråk med politiet.
Foto: Mirrorpix / Mirrorpix via Getty ImagesDei diskuterer politikk og kultur, og opnar først ein butikk ved namn «Let it rock» i den trendsettande handlegata King’s Road i London. Her sel dei plater og klede i rockabilly-stil, sydd av Westwood. Butikken blir raskt ein kul samlingsstad for rockefolk og kunstinteresserte. For eksempel kjem Iggy Pop, The Kinks og Marianne Faithfull innom.
Men McLaren og Westwood vil meir enn å kle rockarane. Dei vil starte sitt eige band som passar til den nye klesstilen dei no utviklar.
Punken
I 1974 får butikken deira nytt namn: SEX.
Det luktar lim og lær i leilegheita McLaren og Westwood deler og lagar antrekka i. Dei kjem begge to med idear, Westwood utfører dei og McLaren står for promotering. «Rubberwear for the office», kallar dei stilen. Det er lakk og lær inspirert av fetisjisme, opprivne t-skjorter med orda «Destroy» og «Chaos» på, kors snudd opp ned, hakekors i rosa. Ved å snu alle gamle symbol på hovudet vil dei drive ting framover.
DETALJANE: Jordan (til venstre) og Six (til høgre) jobba i butikken til McLaren og Westwood og blei ein slags kjendisar sjølv. Her i Westwoods ikoniske punkdesign i 1977.
Foto: Mirrorpix / Mirrorpix via Getty Images– Eg såg ikkje på meg sjølv som motedesignar, men som ein som ynskte å konfrontere det rotne samfunnet gjennom korleis eg kledde meg sjølv og andre, har Westwood sagt.
Heilt sidan rockens byrjing har image vore ein viktig del av pakken. McLaren og Westwood tar det heile eitt skritt lenger. Ho skapar det estetiske uttrykket først, så handplukkar dei bandmedlemar frå dei kulaste kundane som kjem inn i butikken. Johnny Rotten blir valt som vokalist etter å ha prøvesunge til jukeboksen i butikken etter stengetid ein dag. McLaren tar rolla som manager, og bandet får namnet Sex Pistols.
Slik lagar dei stilen som for alltid blir kjenneteikna som punk.
KONSERT: Sex Pistols i Oslo i 1977.
Foto: Henrik Laurvik / NTBNOREGSBESØK: Sid Vicious og resten av Sex Pistols backstage i Oslo i 1977.
Foto: Henrik Laurvik / NTBI USA: Johnny Rotten i 1978.
Foto: Joe Jr. Holloway / APFRÅ VENSTRE: Paul Cook, Sid Vicious, Johnny Rotten og Steve Jones.
«Summer of hate»
Sex Pistols slo gjennom som ei kule i eit Storbritannia der disko og ABBA regjerte på hitlistene. Det var gått nokre år sidan Beatles og Elvis var ferske, og ungdomen var klare for furore. Det fekk dei definitivt med Sex Pistols.
I anledning Dronning Elizabeths 25-årsjubileum ved trona, gav bandet ut singelen «God save the queen», der dei utnemnde monarkiet til eit fascistisk regime. Framferda var heller ikkje stoverein. Då Sex Pistols var gjestar på eit stort talkshow i 1976, banna dei og drakk, noko som førte til førstesideoppslag i alle dei britiske avisene dagen etter. Fenomenet Sex Pistols var eit faktum.
I dag kan du fint jobbe i staten og kalle deg punkar, eller som Nazneen Khan-Østrem, vere kommentator i Aftenposten, men i 1977 hadde Storbritannia framleis konservative kleskodar, spesielt i arbeidslivet. Punkarane stod enormt ut i gatebiletet.
– Det var eit slags anarki i estetikken som ein ikkje hadde sett før, forklarar Khan-Østrem, som opphavleg er frå Storbritannia.
Ho er klar i sin tale:
– Westwood var punkens estetiske dronning. Dei fleste banda og punkarane frå 1979 og framover var veldig påverka av den stilen, rett og slett, med sikringsnåler og opprivne nettingstrømper som vanlege folk ikkje gjekk med.
TYSKLAND: Punkarar samlar seg i Hannover i 1984. Estetikken er ikkje til å ta feil av.
Foto: HERBERT KNOSOWSKI / APKommentatoren kallar Sex Pistols-antrekka for «ikoniske» og «heilt definerande», og fortel at sikringsnåler og bondage-antrekk var heilt nytt for massane.
– Alle punkarar med respekt for seg sjølv har drøymt om å ha ei SEX-t-skjorte eller liknande frå den tida i skapet, seier kommentatoren.
Khan-Østrem påpeikar at McLaren og Westwood ikkje berre var opptatt av musikk og mote, men også av kunst og litteratur, som dei snakka mykje om. Gjennom paret fekk du ein kulturell pakke som du kunne utforske. Påverknaden blei større enn på berre klesplagg.
Sommaren 1977 får kallenamnet «Summer of hate», eit ordspel på hippiane sin «Summer of love» nesten ti år tidlegare. Sex Pistols, Westwood og McLaren blir peikt ut til folkefiendar. Folk kastar murstein inn butikkvindauget, Westwood blir truga med øks. Samtidig leverer og hentar Westwood i barnehagen. Ho har fått ein son til, denne gong med McLaren.
Westwood har ikkje sjølv vore opptatt av å skryte av punktida og hevdar ho ikkje hugsar så altfor mykje av Sex Pistols-greiene.
– Eg hadde det veldig travelt. Eg hadde to barn, har ho nøkternt sagt.
Moten
Etter gjennombrotet, og deretter dødsfallet til bassisten Sid Viscious, var energien i ferd med å renne ut for Sex Pistols. Punkestilen hadde spreidd seg og nye band kom fram. Der enkelte punkarar hengde att i 1977, bevegde Vivienne Westwood seg vidare.
I 1980 opnar Westwood og McLaren butikken på nytt, denne gongen under namnet «World’s End».
WORLD'S END: Butikken står der den dag i dag, han blir Vivienne Westwoods flaggskip-butikk etter at ho kjøper ut McLaren.
Foto: ISABEL INFANTES / AFPHo viser første kolleksjon under eige namn på moteveka i Paris i 1981. Det nye universet er fylt med glede og 1800-tals romantikk. Kolleksjonen, som får namnet «Pirates», skal i etterkant stå igjen som ein kolleksjon med stor påverknad på motebransjen. I dag er desse plagga svært ettertrakta på bruktmarknaden. Victoria and Albert Museum har sikra seg eksemplar som er pent pakka inn i silkepapir og berre blir tatt på med hanskar.
Vivienne Westwoods World's End moteshow «Pirates», på tidlig 1980-tall.
Foto: David Corio / RedfernsSjølv om Westwood lanserer ein romantisk stil, er det lite romantikk på privaten. Forholdet med McLaren tar slutt. Westwood har forklart det med at ho ville utforske nye idear medan han ville halde fram som før. Den største forskjellen var denne: Westwood ville opp av undergrunnen og inn i alle klesskap. Ho ville ha all merksemd retta mot det ho dreiv med, slik at ho kunne løfte saker og idear gjennom kleda og og seg sjølv og potensielt få enda større påverknad.
McLaren ville helst halde seg i undergrunnen.
Sakte men sikkert byggjer Westwood opp merket sitt. Trass motstand frå McLaren, som går til søksmål for å hindre henne i å halde fram utan han, klarer ho til slutt å få ein investor på kroken. Slik kan bedrifta gå frå uorganisert punk til profesjonelt motemerke med mange tilsette.
Det tar likevel lang tid før Westwood blir anerkjent i motebransjen.
PÅ CATWALKEN: Westwood med sine modellar på ei visning i 1998.
Foto: STEFANO RELLANDINI / REUTERSSuksess
I starten lo det store publikummet av plagga hennar. Skulle dette liksom vere fint?
«Ho blei ofte sett på som ein spøk. Men til slutt kunne dei ikkje ignorere henne meir,» seier sonen Joe i dokumentaren «Vivienne Westwood. Punk, icon, activist». Det er med mote som med ein del andre kunstformer, ein ser ikkje alltid kor viktig noko er før augneblinken er passert. Noko du ler av i samtida, kan ende opp med å vere sjangerdefinerande. Slik var det med Westwoods motemerke.
SMART: Westwood brukte statusen sin for eksempel til å støtte varslaren Bradley Manning. Denne t-skjorta viste ho i 2013.
KLIMAREVOLUSJON: Westwood avslutta si eiga visning i 2013.
DETALJ: Det kunne gjerne vere pent også, men alltid med Westwoods eigen spinn på antrekket.
KJOLAR: Vivienne Westwood viste mote i Wien i 1999.
DETALJ: Visning for sesongen 2019-2020.
ANGLOMANIA: Frå Westwoods underlinje, Anglomania, i 2007.
LIKE: Det hendte at Westwood styla modellane slik at dei likna henne. Ho uttalte at ho var svært nøgd med eigen utsjånad, også då ho blei eldre.
BANEBRYTAREN: Westwood let seg inspirere av kilten og viste tidleg menn i skjørt på catwalken.
SOLBRILLER PÅ: Modell viser mote frå 2021-kolleksjonen.
SKJERF: Vivienne Westwood-kolleksjon for sesongen 2019-2020.
Westwood skulle bli 50 år før ho vart godkjent av moteeliten. Ho blei utnemnt til årets designar to år på rad etter å ha blitt forbigått mange gongar. I dag framhevar mange designarar handverket hennar som ein stor inspirasjon.
Utover 1990-talet og inn i eit nytt årtusen opplevde Westwood stor suksess. Westwoods kjolar gjorde sitt inntog på raude lauparar, ho blei ein favoritt blant rebelske kjendisar som Pamela Anderson og Helena Bonham Carter.
BRYLLAUP: Vivienne Westwood gjekk frå Sex Pistols til «Sex and The City». Då Carrie Bradshaw i den kjente serien gifta seg med sin Big, var det med ein brudekjole frå punkens gudmor på.
Foto: New York Daily News Archive / NY Daily News via Getty ImagesElse Skålvoll Thorenfeldt er i dag kommunikasjonssjef for Noregs nye motebibliotek, International Library of Fashion Research, men ein gong var ho tekstildesignar. Som ung i Paris leverte ho tekstilar til mellom anna Vivienne Westwood. Dette innebar to møter i året med Westwood.
– Ho var akkurat slik du innbiller deg at ho skal vere. Ho var eksentrisk, skarp og alltid kledd som sine kolleksjonar.
Sjølv om Vivienne Westwood i enkelte situasjonar kunne bli oppfatta som streng (for eksempel i dokumentaren «Vivienne Westwood. Punk, icon, activist», der ho kjeftar på ein tilsett og bannorda fyk vegg imellom), opplevde Thorenfeldt henne aldri som noko anna enn utruleg imøtekomande. Då tekstilane til Thorenfeldt hamna i ein Westwood-kolleksjon, fekk ho i etterkant tilsendt foto av plagga der hennar tekstilar var brukt.
– Det var ikkje vanleg, det, at designarar gadd å sende over bilete. Det viser ein sjenerøsitet.
UTRADISJONELT PAR: I 1992 møter Westwood sin nye mann, den 25 år yngre motestudenten Andreas Kronthaler. Etter kvart giftar dei seg og jobbar saman, side om side, som designarar i merket.
Foto: BERTRAND LANGLOIS / AFPI spagaten
Dei siste åra har Westwood nesten byrja å kjempe mot eigen suksess. I ein dokumentar ser vi henne stoppe opninga av ein ny butikk i Kina. Ho er opptatt av at merket ikkje må vekse seg altfor stort, slik at ho ikkje lenger har kontroll på både image og korleis kleda blir laga.
Vivienne Westwood er i dag det største uavhengige motehuset i verda. Det betyr at ho aldri har selt merket til ei anna merkevare, som etter kvart har blitt vanleg i motebransjen. Marc Jacobs, ein av arvtakarane, er for eksempel eigd av Louis Vuitton.
Slik har ho på mange måtar klart å halde ein fot innanfor punkideala om å gjere det sjølv og opponere mot det etablerte, sjølv om det er noko paradoksalt over det heile.
Sjølv om ho klatra til topps i den mest kommersielle bransjen som finst, fekk ho respekt i punkmiljøet. Kanskje er det fordi at uansett kva ho gjorde, så verka det ekte.
Dei siste åra har ho køyrt tanks til David Camerons hus for å protestere mot klimautslepp, ho har sitte fengsla i eit gult kanaribur utanfor ein rettssal til støtte for Julian Assange, og ho har reist på forskingstur til Arktis for å lære om klimaendringane. Då Vivienne Westwood opna ny butikk i New York for nokre år sidan, dukka Kim Kardashian opp, medan gamlemor sat heime i London og skreiv politisk avhandling.
2020: Vivienne Westwood aksjonerer for Julian Assange i London.
2013: Ho protesterer mot fracking. Dei siste åra av livet via ho meir og meir fokus til klimakrisa.
2015: Vivienne Westwood protesterer mot fracking.
2013: Vivienne Westwood og demonstrantar vil at myndigheitene skal forby giftige plantevern-midlar som skadar biene.
Vivienne Westwood kommenterte sjølv overgangen frå punk til mote slik:
– Folk verkar framleis overraska over at ein kan ha vore i punken og så i moteeliten, men alt heng saman. Det handlar nemleg ikkje om mote, for meg, det handlar om historia. Ideane.
Motsetnadane følgde henne til grava.
I den anonyme gravferda øyremerkt familie i heimbyen, hadde ho bedt om at kyrkja skulle vere tartankledd. Eit firma i Skottland fekk oppgåva med å skaffe tekstilen, dei enda opp med å køyre heile vegen med store tøyrullar i ein varebil for å rekke gravferda. Tøyet kosta 45.000 pund. Ein ekstrem luksus, kan nokre tenkje, men så klart hadde Westwood tenkt på kva som skulle skje med tøyet etterpå. Bitane som ikkje blei stelt av fans, blei resirkulert.
Kjelder: Biografien «Vivienne Westwood» av Vivienne Westwood og Ian Kelly, dokumentarfilmen «Vivienne Westwood. Punk, icon, activist», Yahoo news, MSN, The Guardian, podkasten Stil si episode om Vivienne Westwood.
Hei!
Har du tips til nye saker? Ta gjerne kontakt. Du kan lese alle våre kultur-langlesingar her.