Sløyd rosa2
Foto: Javier Auris / NRK

Vi må snakke om sløyd

Før måtte ein sage og høvle for å bli eit heilt menneske. No er det snart berre fliser igjen av sløydfaget.

Ein kvar norsk heim med respekt for seg sjølv har minst ei brødfjøl frå sløyden i kjøkkenskuffa. Gjerne med flotte bokstavar gravert inn med svipenn: «Til mamma», «God morgon» eller berre enkelt og greitt «brød».

I tillegg finst det tusenvis av smørknivar, krakkar, grautsleiver og andre ting som er mogleg å lage av tre.

Bak desse gjenstandane ligg det mykje hardt arbeid. Frå å først berre vere ein trekloss på høvelbenken, har dei blitt forma til faktiske gjenstandar med hjelp av saging, skjering, høvling og pussing. Masse pussing.

Pussing med grovt sandpapir.
Pussing med fint sandpapir.
Pussing med ekstra fint sandpapir.

Bra nok no?

– Nei, du må nok pusse i hundre timar til.

(Fritt etter minne frå 90-talet.)

Sløydsalen var ei tidsmaskin som tok oss tilbake til før krigen. Dei gamle benkane (som har sett like ut sidan 30-talet), høvlane, knivane, sagflisene som låg som eit teppe på golvet …

I same omgivnadar har foreldra, besteforeldra og oldeforeldra våre også stått og pussa med ulike typar sandpapir.

Faget sløyd har røter heilt tilbake til den industrielle revolusjonen.

Mann vs maskin

På 1860-talet vart det sett i gang husflidskurs på fleire plassar i Noreg. Årsaka var at mange frykta fabrikkane skulle øydeleggje dei rike tradisjonane for handarbeid i landet.

Den generelle oppfatninga var at handverk vekte sansen for det vakre i mennesket. Arbeidet sprang ut av mennesket sin ande, og var difor etisk høgverdig.

I motsetnad til ting laga av maskiner, som var utan ande, og dermed umoralske.

Den same tanken heng framleis igjen i sløydfaget i dag. Derav det maniske opphenget etter å pusse vekk alle spor frå maskinene, slik at berre det reine møtet mellom mennesket og naturen står igjen.

Sløyd

SLØYD I 1952: Dette bildet er tatt på gamle Revheim skole utanfor Stavanger. Lenge var sløydfaget berre for gutar.

Foto: Stavanger skolemuseum

Heilt sidan slutten av 1800-talet har det blitt sagt at sløyd er viktig for «allmenndanninga». Altså den elementære kunnskapen eit menneske bør lære seg under oppveksten.

Å kunne bruke hendene til å lage ting har vore sett på som grunnleggjande lærdom i lange tider.

Korleis står det til med denne kunnskapen i 2019, for eksempel i tiande klasse på Hovseter skole i Oslo?

Kniv og hammar

Sløydlærar Mia Christin Torgrimsen (30) legg kroppsvekta si over holjernet og pressar metallet inn i treklossen på høvelbenken.

Rundt ho står 20 elevar i ein halvsirkel og observerer. I haust skal dei lage ulike kjøkkenreiskapar. Men først må dei lære å bruke dei ulike verktøya.

sløyd

HOLJERN: Sløydlærar Mia Christin Torgrimsen viser korleis ein skal bruke eit holjern for å skjere eit hol i treklossen.

Foto: Javier Auris / NRK

I dag er sløyd ein del av «Kunst og handverk». Faget står på timeplanen mellom to og tre timar i veka. Ordet «sløyd» er ikkje lenger brukt i læreplanane. Men omgrepet lever framleis i beste velgåande.

Etter demonstrasjonen med holjernet skal elevane på Hovseter skole sjølv få prøve. Dei går i gang med friskt mot, men nokre blir snart motlause av oppgåva.

«Eg klarer ingenting.»
«Ikkje eg heller.»
«Skjønar det ikkje, eg.»

Om sløydsalen såg gammaldags ut på 90-talet, må han sjå fullstendig forhistorisk ut i dag. Det einaste i rommet som røper at vi er i 2019, og ikkje 1919, er ein liten plankebit på veggen.

yolo2

YOLO: Eit akronym for det engelske uttrykket «You Only Live Once». Den canadiske artisten Drake populariserte uttrykket då han brukte det i songen «The Motto» frå 2011. Det er difor sannsynleg at denne plankebiten har blitt laga i ettertid.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Å vere flinke til å arbeide med hendene sine, er ikkje det dagens ungdom er mest kjent for. Men sløydlærar Mia ser likevel potensialet i elevane, og går tolmodig rundt til kvar elev og rettleiar. Med litt hjelp går det også betre etter kvart.

– Sløyd er fysisk. Det er bra. Vi slepp å sitje stille, seier ei av jentene medan ho lener seg over holjernet.

Fasilitetane på Hovseter skole er slitne. Det er også fire høvelbenkar for lite for klassa. Elevane her er likevel heldige. Dei har nemleg noko mange skular i Noreg manglar: Sløydsal.

Sag < nettbrett

Hausten 2019 sende NRK ut ei spørjeundersøking om sløydfaget til alle grunnskulane i Noreg. Vi fekk svar frå 930 skular.

10 prosent av skulane som svarte har ingen sløydsal.

Skulane som framleis har sløydsal vart oppmuntra til å kommentere svaret sitt. Mange av dei same tilbakemeldingane viser ein klar tendens. Her er eit lite utval:

«Gammelt og slitt utstyr.»
«Mangelfullt ødelagt utstyr.»
«En stor del av verktøyene er gamle og i dårlig forfatning.»
«Alt utstyr er delvis ødelagt og nærmere 30-40 år gammelt.»

Aha!

Så noko av årsaka til at sløydsalen ser så gammal ut er fordi han faktisk er gammal. Det er tydelegvis ikkje berre, berre for ein gammal travar å konkurrere mot 3D-skrivarar og klassesett med nettbrett når pengane skal delast ut.

Kunnskapsløftet i 2006 skulle bidra til å heve prestasjonane i matematikk, naturfag og lesing.

Det kan derimot verke som om sløydsalen er på veg til å bli eit museum. I alle fall om utviklinga held fram som ho gjer i dag.

sløyd

SLØYDSKAP 2019: Verktøy og reiskapar til sløydsalen kostar mykje. Mange skular tar seg difor ikkje råd til å kjøpe nytt, og tar heller til takke med gammalt utstyr.

Foto: Javier Auris / NRK

Tømrarmeister Ole Thorstensen fekk mykje merksemd då han i 2014 skreiv ein tekst for Morgenbladet om stoda for «dei manuelle arbeidarane» i dagens samfunn.

Han merkar ein stor skilnad frå då han sjølv var skuleelev på 70-talet. Då var sløydsalen ein ordentleg stad med godt utstyr. Rommet gav ei ærefull kjensle.

Sløyd var gjævt. Sløyd var status.

No er han bekymra for utviklinga. Mildt sagt.

«Dei store taparane»

– Kor mange foreldre i dag ønskjer at ungane sine skal bli handverkarar i staden for å ta mastergrad?

Ole Thorstensen lar spørsmålet henge i lufta før han held fram:

– Handverkarane og andre i praktiske yrker har vore dei store taparane dei siste tiåra. Både når det gjeld kompetanse, løns og arbeidsvilkår. I dag ser vi ein stor mangel på gode kompetente fagfolk, og vi har berre sett byrjinga. Dette er eit kjempeproblem for samfunnet, seier Thorstensen.

Ole Thorstensen

TØMRAR OG FORFATTAR: Ole Thorstensen gav ut boka «En snekkers dagbok» i 2015. Boka er seld til 16 land. No jobbar han med ei ny bok der han reiser for å jobbe som snikkar i Polen.

Foto: Signe Dons / Aftenposten

Tømrarmeisteren spår ei krevjande framtid for «dei manuelle», som han kallar personar som jobbar med praktisk arbeid. Ifølge SSB er han heller ikkje heilt på jordet. Ein rapport viser at behovet for helsefagarbeidarar og handverkarar i Noreg berre vil bli større.

– I Noreg kallar vi det polakk-arbeid. I Polen kallar dei det ukrainar-arbeid. Vi har tappa Polen for så mykje arbeidskraft at dei sjølv må importere handverkarar frå Ukraina. Det er noko «parasittisk» med dette, men vi har gjort oss heilt avhengige av dei. Kva gjer vi når dei reiser eller sluttar å kome?

Trur du det finst ein samanheng mellom mangelen på handverkarar og sløydundervisninga i grunnskulen?

– Sløydfaget er eit symbol på alt dette. Skulen har eit medansvar. Sløyden har ikkje vore like viktig som dei teoretiske faga. Det handlar om kva slags signal ein sender ut, seier Thorstensen.

Dei siste åra har fleire tatt til orde for at noko må gjerast for å få fleire til å velje handverksfag på vidaregåande skule. Dei fleste er einige om at noko må gjerast, men kva?

No har også regjeringa kome på bana. I haust la dei fram ein ny strategi, med det lovande namnet «Praktiske og estetiske fag skal styrkes i skolen, barnehagen og lærerutdanningen».

Er det ein vind med forandring vi høyrer?

Håp og ønskjer

I den nye strategien frå regjeringa står det at «det tidligere har vært mye fokus på de fysiske rammene til disse fagene, som utstyr. Nå vil regjeringen løfte pedagogene».

Altså ...

No er det ikkje lenger dårleg utstyr og slitne sløydsalar som skal prioriterast. Det har det tydelegvis vore mykje snakk (og mindre handling) om frå før av.

No er det pedagogane som skal løftast. Forståeleg nok. Sløydstatistikken er heller ikkje på lærarane si side:

Halvparten av lærarane i kunst og handverk har ingen formell kompetanse, ifølge SSB.

No er målet difor å utdanne fleire lærarar i faget. I 2021 skal det kome ei ny masterutdanning for studentar som vil bli lærarar i praktiske og estetiske fag.

Dette håpar regjeringa skal bidra til å løfte kompetansen også i sløydsalane. I alle fall ein gong i framtida.

Vidare i strategien står det nemleg at det ikkje vil kome noko kompetansekrav for å undervise i praktiske og estetiske fag med det første. Fordi «skoleeiere allerede er under press for å innfri gjeldende kompetansekrav for tilsetting og undervisning i andre fag»

Med andre ord:

Lat oss få kompetanse i dei andre faga først. Så tar vi sløyden seinare.

Hovseter sløyd 2

SLØYD: Elevar ved Hovseter skole øver seg på å bruke holjern i sløydsalen. I dag har mange elevar i Noreg verken salar, utstyr eller pedagogar til å lære seg handverket.

Foto: Javier Auris / NRK

Lennart Johansson er dagleg leiar for organisasjonen «Kunst og design i skolen». Han er svært skeptisk til strategien frå den nye regjeringa.

– Han inneheld mange fine ord, ønskjer og håp. Men overlèt framleis alle tiltak som kostar pengar til lokale instansar å vurderer nødvendigheita av. Både når det kjem til rammefaktorar og lærarkompetanse.

Med andre ord vil utviklinga truleg halde fram som før?

– Ja, svarer Johansson.

Siste ord i debatten om sløyd er neppe sagt. I mellomtida held undervisninga fram i salar med varierande kvalitet over heile landet.

Det gjeld også Hovseter skole, som faktisk har ein lærar med solid sløydkompetanse.

«Ikkje mist motet»

– No kjem vi til den delen av sløyden som tar lengst tid …, begynner Mia.

Ho har samla alle elevane igjen for ein siste leksjon før timen er ferdig. Elevane står spente og ventar på å få høyre om kva som tar lengst tid i sløydtimane. Kan det vere høvling? Saging? Skjering? Nope.

– Det er pussing! Ikkje mist motet under pussinga. De skal pusse vekk alle merker frå verktøy og maskiner. Vegen dit er lang, men viktig, seier læraren.

Når timen er ferdig og elevane har gått er tida inne for å stille læraren det siste spørsmålet:

Kva er det som er så viktig med denne pussinga?

– Om elevane tar seg jobben med å fjerne merka, så oppdagar dei at produktet dei lagar liknar noko dei kan kjøpe i butikken. Det handlar om å lære seg kvalitet og korleis ein «god finish» ser ut. Det gir ei god meistringskjensle.

Kjelde:

  • Fra tegning, sløyd og håndarbeid til kunst og håndverk. En faghistorie gjennom 150 år / Steinar Kjosavik (2001)

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Tidlegare har eg mellom anna skrive om Totos «Africa», Villa Stenersen og verdas sterkaste mann

Anbefalt vidare lesing: