Africa2
Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / Marco Vaglieri / NRK

Draumen om Afrika

Supergitarist og Toto-frontmann Steve Lukather klør seg i hovudet. Kvifor er hiten hans frå 1982 så populær no?

– Eg syntest melodien var god, men då eg høyrde teksta sa eg berre: «I bless the rains down in Africa? Kva faen er det du syng om? Er du Jesus, Dave?»

På telefon frå Los Angeles mimrar Steve Lukather (61) tilbake til då han høyrde «Africa» for første gong på starten av 80-talet.

Hadde det vore opp til Lukather skulle songen aldri blitt med på albumet.

– Eg sa til resten av bandet at om dette vart ein hit, skulle eg springe naken ned Hollywood Boulevard, seier Lukather og flirer.

37 år seinare er «Africa» ein av verdas mest populære songar.

Radiostasjonane spelar han på repeat, artistar står i kø for å lage coverversjonar og folk held fram med å velsigne regnet i Afrika på karaokebarar over heile verda.

Berre dei siste to åra har strøymetala stige med over 220 prosent.

Men Afrika? Kva er det eigentleg denne songen handlar om?

Africamasketromme

Regnet i Afrika

Det var keyboardisten David Paich som hadde skrive teksten. Han hadde gått på ein katolsk skule i barndomen og møtt mange Afrika-misjonærar. Dei hadde fortalt han om korleis dei brukte å velsigne alt saman der nede: folket, biblane, avlingane og regnet. Dette vart inspirasjonen til den verdskjente strofa «I bless the rains down in Africa».

Misjonærane fortalde også at dei ofte var einsame. Paich ville difor skrive ei romantisk historie om nokon som flyg til Afrika for å besøke ein einsam misjonær.

Det var berre eit problem. David Paich hadde aldri vore i Afrika.

Alt han kunne om kontinentet kom frå misjonærar, filmar om Dr Livingstone og reportasjar i National Geographic. Dette kan nok også forklare kvifor han tilsynelatande trudde fjellet Kilimanjaro stod like ved sida av Serengeti nasjonalpark. (Dei ligg 290 km frå kvarandre.)

«As sure as Kilimanjaro rises like Olympus above the Serengeti»

Lukather har blitt mobba for låten i snart fire tiår. Det er eit verdshav mellom Oslo og LA, men gjennom den forsinka telefonlinja kan ein framleis høyre at det er litt sårt.

– Folk har sagt: «Eg hatar det Africa-bandet. Teksta gir inga meining.» Og det har dei rett i. Men då har dei ikkje høyrt resten av songane våre. Dei som høyrer meir, endar ofte opp med å seie «Hei, eg visste ikkje at desse karane kunne rocke!»

Steve Lukather har eit poeng. Musikarane i Toto er ikkje kven som helst.

Africagitar

Lyden bak Michael Jackson

I starten var bandet mest kjent for å ha nokre av dei beste studiomusikarane i verda.

Lukather har spelt og laga musikk med artistar som Elton John, Aretha Franklin, Joni Mitchell, Chicago, Cher, Diana Ross, Lionel Richie, Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr, Eric Clapton, Miles Davis ...

Det er vanskeleg å finne ein gitarist med større karriere enn Lukather. Til saman har han spelt på over 1.500 album.

Mest stolt er han av «Thriller» med Michael Jackson. Få kjenner til at Lukather og resten av musikarane i Toto spelar på verdas mest selde album. (Dei står også bak instrumenta på megahiten «We are the world».)

Likevel er det altså «Africa» han skal vere mest kjent for. Songen vart ein stor hit då han kom ut, og fauk heilt til topps på den amerikanske Billboard-lista. Albumet vann heile seks Grammy-prisar og selde over 12 millionar eksemplar.

Toto

TOTO 1983: Frå venstre: Jeff Porcaro, Steve Porcaro, Michael Porcaro, Dave Paich, Dave Hungate, Bobby Kimball og Steve Lukather.

Foto: Ap

«Africa» fekk også gode tilbakemeldingar i Noreg. Sjølv om det her til lands var «Rosanna» som klatra høgast på VG-lista.

Songen gjekk inn i mengda av mange udødelege 80-talshitar. Han har aldri vore upopulær, men i Totos katalog har han likevel måtte nøye seg med å vere ein god nummer tre, etter «Rosanna» og «Hold the line».

For nokre år sidan begynte det derimot å skje store endringar i musikkverda. Desse endringane skulle bli svært positive for «Africa».

Toto + Kygo = sant?

Elektronisk dansemusikk opplevde enorm oppsving på starten av 2010-talet. Skrillex var ein av dei største frontfigurane. Artisten har vunne fleire Grammy-prisar og spelt konsertar for hundretusenvis over heile verda.

Men med stor popularitet følgde også store forventingar. Folk reiste land og strand for å høyre musikken. Songane på konsertane måtte difor vere i verdsklasse. Spesielt den siste – sjølve crescendoet som for alvor skulle overtyde publikum om at dette var ein av livets beste kveldar.

Skrillex skjønte at berre verdas beste song var god nok. «Africa» av Toto vart difor fast avslutning på alle konsertane. Fleire EDM-artistar heiv seg på same suksessoppskrift. Og det unge publikummet velsigna regnet som om det ikkje var nokon morgondag.

Då Kygo for alvor slo gjennom med EDM-sjangeren «tropical house» i 2015, skildra det amerikanske magasinet GQ musikkstilen hans som Totos «Africa» med ei basstromme.

Referansen er lett å skjøne: Kygo-lyden er spekka med marimbaer, fossar, fuglekvitter, knips med fingrar ...

Musikkjournalist Audun Vinger i Dagens Næringsliv ser også likskapen:

– «Africa» er heilt klart relevant for «tropical house» og mykje anna elektronisk klubbmusikk. Mykje på grunn av dei melodiske rytmeinstrumenta og loopen som går igjen, noko som var uvanleg på den tida, seier Vinger.

Journalisten er Toto-fan og har følgt bandet i ei årrekke. Dei siste åra har han sett eit større og større spektrum av ulike aldrar og motar på konsertane deira.

– EDM-bølgja spelar med, men interessa har eigentleg kome frå alle kantar. Songen er teknisk imponerande og veldig godt produsert. Samtidig smiler folk av den inderlege 80-talsepoken, den merkelege teksten og den rare musikkvideoen. «Africa» er som skapt for internett og meme-alderen.

Ordet «meme» blir brukt om ulike fenomen som spreier seg raskt på tvers av store mengde brukarar på internett. Ein av desse brukarane heiter Markus Neby og jobbar som programleiar i radioprogrammet P3morgen.

Africafugler

Eit lyrisk underverk

– Hausten 2016 begynte vi å få tilsendt veldig mange memer om «Africa» frå lyttarane. På den tida hadde vi quiz som skulle ha ulike tema kvar dag, men eg valde alltid Toto, mimrar Markus Neby i studio etter sending.

Sidan den gong har songen blitt ei slags hymne for programmet. Han blir stadig vekk omtalt og spelt ved eit kvart euforisk høve.

NRK P3 skal eigentleg ikkje spele eldre musikk enn 10-15 år, men leiinga har gitt «Africa» frikort.

– Kvar einaste setning er jo gull! Det er eit lyrisk underverk. Min favoritt Twitterkonto må nok vere «africa by toto bot». Han tweetar ulike setningar frå «Africa» kvar einaste dag.

Laster Twitter-innhold

Sjølv om songen har blitt mykje tulla med, vil ikkje Neby på nokon måte gå med på at dyrkinga av låta er ironisk.

– For meg er dette 100 prosent inderleg. Ikkje berre som programleiar, men også som musikar. (Markus Neby er også keyboardist i elektronikabandet Lemaitre. jour.merk.) Så har eg jo skjøna at det også er noko merkeleg og morosamt her.

Lat oss sjå litt meir på det merkelege og morosame rundt Africa-dyrkinga. Det har jo trass alt bidratt til veldig mykje av populariteten.

«Verdas mest etterlengta cover»

6. desember 2017 oppretta 14 år gamle Mary frå Cleveland i USA ein Twitter-konto med namnet «weezer cover africa by toto».

I den første tweeten kom ho med ei tydeleg oppfordring til Weezer-vokalist Rivers Cuomo:

Laster Twitter-innhold

Fleire kasta seg på, og det amerikanske poprock-bandet fekk plutseleg same førespurnad frå fans over heile verda. Kampanjen hadde ein tydeleg spøkefull tone, så bandet bestemde seg for å vere litt tullete tilbake.

Weezer covra riktig band, til og med riktig album, men feil song. Nemleg «Rosanna» (Steve Lukathers favorittsong av Toto). Spøken fungerte perfekt og helte berre bensin på Twitter-bålet.

Eit halvår seinare vart presset for stort. Det opphavlege ønsket gjekk endeleg i oppfylling.

«Africa» vart Weezers største hit på over 10 år.

Toto svarte med å lage ein cover av Weezer-klassikaren «Hash pipe». Deira versjon tok dessverre ikkje like mykje av. Men så har jo også «Hash Pipe» og «Africa» litt ulik legendestatus.

Weezer føyer seg uansett inn i ei laaaaaang rekke med band og artistar som har covra «Africa». Mange av dei har fleire millionar avspelingar.

«Africa» av Toto har nesten blitt umogleg å sleppe unna.

Heilt umogleg kan det vel ikkje vere, tenkjer du kanskje. Kva om ein rømmer langt inn i ein av dei største ørkenane i verda?

Nope. Songen er der også. Den tysk-namibiske kunstnaren Max Siedentopf har nemleg sett opp ein lydinstallasjon midt i den namibiske ørkenen som spelar «Africa» på repeat, 24 timar i døgnet.

Steve Lukather kan ikkje anna enn å flire av heile opplegget. Songen som «aldri kom til å bli ein suksess» har gjort Toto til eit av verdas mest populære band. Gitaristen må knipe seg sjølv i armen når han ser tilbake på ei lang karriere. Samtidig innser han at ho begynner å nærme seg slutten.

– Dei siste to åra har eg mista 75 personar i livet mitt. To av dei har vore mine beste vennar. I år er eg like gammal som faren min var då han fekk kreft. Eg går til legen heile tida for å sjekke om eg er ok. Eg har jo levd eit vilt liv, og skal eigentleg ikkje framleis vere ok.

Mørke framtidsutsikter til trass. Lukather gler seg i alle fall til å fullføre det som moglegvis blir Totos aller siste turné.

– Eg gler meg til å spele i Noreg. Folk ser så glade ut der borte. Det er som å spele for Disneyland. Eg lovar dykk at de skal få ein lang versjon av «den songen».

– Du sa innleiingsvis at du skulle springe naken ned Hollywood Boulevard om songen vart ein hit. Men du har framleis ikkje sprunge?

– Altså. Eg lovar deg at ingen vil sjå meg springe naken ned Hollywood Boulevard. Ingen! Ballane mine kjem til å slå gnistar.

PS: Elskar du også «Africa» av Toto? Då vil du truleg også setje pris på desse greiene:

I 1995 var NRKs Mari Lunnan på besøk hos familien Porcaro i California. Høyr far Joe Porcano fortelje om korleis bandet TOTO vart til og om sine eigne utfordringar då sønene ville at han skulle spele perkusjon på «Africa».

Denne gitarversjonen av Andy Mckee er ein av Steve Lukathers personlege favorittar.

Under P3morgens julefrukost 2018 gjorde Markus Neby og KORKs Sissel Walstad sin eigen harpeversjon av «Africa».

Denne akustiske versjonen med Ingrid Olava og Andreas Ulvo i duoen «Innlandet» er også verdt å få med seg.

Angel City Chorale frå Los Angeles har også velsigna regnet på sin eigen måte. Denne tolkinga tok dei heilt til semifinalen av «America's Got Talent» i fjor.

Etter denne saka kom ut, har veldig mange tipsa om metall-versjonen til Leo Moracchiolis frå Ålgård i Rogaland. Kanskje ikkje så rart? Videoen har nesten 36 millionar visningar på Youtube.

Denne må sjølvsagt også med. Totos legendariske musikkvideo har i skrivande stund over ein halv milliard avspelingar. Kommentarfeltet under videoen er også gull.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Tidlegare har eg mellom anna skrive om Totos «Africa», Villa Stenersen og verdas sterkaste mann

Anbefalt vidare lesing: