Døden og arkitektur
Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg / NRK

Døden og arkitekturen

Få ting har påverka hus og byar meir enn smittsame sjukdomar. Korona blir truleg inkje unntak.

Då svartedauden herja i Europa på 1300-talet, skjønte italienarane at dei måtte begynne å tenkje annleis om hus og byar. Dei rydda tronge og overbefolka gater, utvida bygrensene og bygde karantenehotell (kanskje ikkje hotell, men i alle fall hus for å stenge inne sjuke folk).

På 17- og 1800-talet kom den industrielle revolusjonen og britane flokka saman i byane. Dei hygieniske tilhøva var ikkje heilt på topp, og tusenvis døde av sjukdomar som koppar og kolera. Kanskje ikkje så rart, når folk budde tett i fuktige hus og lukta av flytande avføring og rotne dyrekadaver fylte gatene.

Heldigvis såg nokon samanhengen mellom helse og arkitektur. I 1848 fekk juristen Edwin Chadwick innført den første offentlege helselova i Storbritannia.

Dette resulterte i at bygatene vart breiare, og kloakken vart lagd i røyr. Folk fekk til og med vassklosett! Dei med god råd flytta ut av dei røykfylte bysentruma og bygde det vi i dag kjenner som forstadar.

På starten av 1900-talet var tuberkulose ein av dei store folkefiendane i Europa. 250.000 menneske døde av sjukdomen berre i Noreg. Før antibiotika vart oppfunne på 40-talet, vart pasientane send til sanatorium. Dette var helseheimar der sjuke menneske kunne kome for å styrke immunforsvaret, med hjelp av store vindauge, frisk luft og roande fargar på veggane. Når det ikkje fanst medisinar, vart sjølve huset medisinen.

Harastølen

SANATORIUM: Luster Sanatorium ligg 500 meter over Sognefjorden. Huset frå 1902 vart bygd i fjellsida på grunn av den friske fjellufta, i tillegg var det god smittevernvennleg avstand til resten av bygda.

Foto: Harastølen Hotell

Fleire av desse sanatoria kjenner vi i dag som nokre av dei første modernistiske bygga.

2020 vil for alltid vere omtalt som året då koronapandemien snudde kloden på hovudet. Vi har difor fått arkitektar til å sjå i krystallkula. Korleis kan norske heimar, jobbar og byar forandre seg etter korona?

Heimen

Heimekontoret har blitt den nye normalen for tusenvis av nordmenn. 55 prosent av oss seier at vi ønskjer å halde fram med å jobbe meir heimanfrå etter korona, ifølge ei spørjeundersøking utført av Yougov for forsikringsselskapet If.

Det er berre eit problem. Dei fleste heimar er ikkje designa for å jobbe i.

Arkitekt Jan Olav Jensen seier han kjem til å teikne heimar på ein ny måte i framtida. No vil han alltid stille seg spørsmålet: Kvar er heimekontoret?

– Vi har fått eit større behov for å vere i ulike lydsoner, også i mindre leilegheiter. Ei moglegheit kan vere små kontorplassar på berre eit par kvadratmeter, som ein sånn lesesalspult som kan lydskiljast, seier Jensen.

Cathrine Vigander er einig. Ho har jobba med arkitektur og helse i ei årrekkje, og har også undervist om temaet på Arkitekthøgskolen i Oslo.

Vigander meiner fleire vil trenge eit ekstra rom i tillegg til kjøkken, stove og soverom.

Planteikning

YESTERDAYS NEWS?: Ja, det er vel ein grei toroms dette, men kvar er heimekontoret?

Illustrasjon: 167089962 / Shutterstock

– I dag sit mange ved matbordet eller i senga og ser på skittentøyvasken medan dei jobbar. Behovet for å kunne trekke seg tilbake har blitt større, enten det er eit barn som skal spele Playstation eller vaksne som treng kontor.

Dette er jo ein veldig fin tanke, men korleis i all verda skal folk flest få råd til dette ekstra rommet med dagens bustadprisar?

Vigander seier det ikkje nødvendigvis handlar om kvadratmeter, men at bebuarane heller vil få større fridom til å velje romløysing sjølve. Med veggar som er enkle å flytte på, som ein mekanisk kan tette inn til golv og tak for lydisolasjon. Ho meiner også at det er på høg tid at ein hevar minstehøgda i bustadar frå 240 til 270 cm under taket.

– Om vi skal vere meir heime, treng vi meir lys og luft. Vi veit også at dagslys er bakteriedrepande.

Frå den første bygningsloven i Noreg kom i 1827, har 240 cm under taket vore minstekrav i bustadar. Sidan den gongen har snitthøgda for oss nordmenn blitt over 10 cm høgare. Takhøgda er framleis den same.

Jobben

Meir jobbing heime fører nødvendigvis til færre folk på jobben. Korleis vil dette påverke arbeidsplassane?

– Alle er usikre på kva som skjer med kontorlandskapa etter korona. Det kan vere at storleiken blir den same, men med færre menneske på jobb samtidig. «Free seating» trur eg det kjem til å bli mindre av, seier Vigander.

Mykje tydar på at smittevern har kome for å bli. Ikkje like ekstremt som under pandemien, men likevel noko arkitektar kjem til å ha i bakhovudet når dei skal teikne nye næringsbygg. Som Cathrine Vigander seier:

– Vi må gå ut frå at det vil kome fleire pandemiar. Det vil få konsekvensar for vår måte å tenkje arkitektur på.

Vigander trur også det kan kome fleire vaskar i garderobar og inngangsparti – at det blir ein fast rutine å vaske seg på hendene når ein kjem inn i nye bygg.

Villa Savoye

FORBILDET: Den sveitsiske arkitekten Le Corbusier plasserte ein vask ved inngangspartiet i Villa Savoye utanfor Paris. Bygget vart oppført i 1931.

Foto: The famous sink in the hall at the Villa Savoye / Lloyd Alter

(Bildet er henta frå Treehugger.com. Lisens: CC BY 2.0)

Jan Olav Jensen trur pandemien kan gi cellekontoret ein renessanse. Betyr det at det elska og hata (kanskje mest hata) opne kontorlandskapet kan forsvinne?

– Det er ikkje like naturleg å sitje trongt i store opne kontorlandskap lenger, der ein bytar plass fleire gongar om dagen. Det er ikkje unaturleg at ein kan kome fram til ein ny type kontor – kanskje noko som kan vere ein mellomting av opne landskap og celler, seier Jensen.

By og land

2020 var året då mange av oss endeleg fann ut at internett kan brukast til meir enn Snapchat, Instagram og kattevideoar.

Det gav titusenvis av nordmenn moglegheita til å jobbe utan å gå på jobb. Vi har også shoppa til den store gullmedaljen – utan å gå i butikken.

Tal frå programvareselskapet Salesforce viser at netthandling i Norden hadde si største auke nokosinne i år, med heile 54 prosent i andre kvartal samanlikna med året før. Handelen i butikkane minka drastisk. Kva slags konsekvensar kan dette ha for bygatene våre?

Skjelett-arm med hånd plasserer et bygg

– Netthandelen kjem nok til å gå ned igjen, men ikkje like lågt som før pandemien. Det er ikkje sikkert vi kjem til å ha like mange butikkar lenger, seier Vigander.

Arkitekten trur det vil bli større konkurranse om førsteetasjane i byane, og at det kan bli meir normalt å kombinere butikk og bustad, slik som det var før industrialiseringa av Noreg, og som det framleis er i den tredje verda.

I mange år har det vore ein tydeleg tendens: folk har flytta ut frå distrikta og inn til byane. Kan koronapandemien bidra til å snu denne trenden? Arkitekt Marit Justine Haugen meiner det har blitt færre gode grunnar til å busette seg i byen.

– Ein treng ikkje lenger å bu i Oslo for å jobbe i Oslo. No kan du bu på bygda og jobbe i sentrum. Fortetting i høgda rundt knutepunkt i byane har vore eit mantra, men kor tett skal vil bygge når vi ikkje lenger treng å reise inn på kontoret?

Ok, så langt kan det verke som vi alle skal sitje og sture på kvart vårt heimekontor ein eller annan plass uti hutaheiti. Og kanskje blir det slik for nokon av oss. Men Haugen seier vi ikkje må gløyme det som ifølgje ho er arkitekten si aller viktigaste oppgåve:

– Våre sosiale mekanismar er dei same som for 2000 år sidan. Vi treng nærleik, tilhøyrsle og friksjon i bybildet. Å legge til rette for stadar vi kan møtest vil alltid vere arkitekten sitt hovudfokus.

– Festen er over

Lat oss vere ærlege. Ein videosamtale er sjeldan like bra som ein ordentleg samtale. Ein quiz på Zoom er ikkje det same som quiz på pub. Avstandsforhold kjem heller aldri til å bli den mest føretrekte forma for forhold.

– Vi menneske har eit stort behov for å møte kvarandre. Det har vore eit fortettingshysteri i byane. Vi har bygd ned parkar og grøne lunger som vi treng for å møtest ute. Med mindre trafikk i byane burde vi gjere om fleire gater til parkar og møtestadar, meiner Cathrine Vigander.

Marit Haugen trur vi kjem til å bli like sosiale som før, så snart vi får vaksinen. Riktig nok med meir fleksibilitet og fridom til å velje når vi ønskjer å vere sosiale, og når vi vil nytte oss av digitale løysingar. Ho trur likevel at ein fest vil få si endelege avslutning under korona: den store byggefesten.

– Oppgåva i vår bransje er å bygge bra med færre kvadratmeter. Vi må transformere, nedskalere og fokusere meir på deleløysingar. Vi må bygge med mindre CO₂-avtrykk og med arkitektur som løyser sosiale utfordringar og fremjar materialnyskaping. Pandemien har eskalert omstillinga mot det grøne skiftet i byggebransjen. Festen er over, og endringane vil skje fort, konkluderer Haugen.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut saka eg skreiv om Villa Stenersen i fjor. 

Anbefalt vidare lesing: