Stig van Eijk under Eurovision 1999
Foto: HO / Reuters

Gullguten som forsvann

Stig van Eijk var ei av Noregs største popstjerner. Så vart han brått vekke.

I 1999 var Stig van Eijk Noregs kulaste fyr.

I alle fall i mine ti år gamle barneauge. Med rastafletter, krigssminke og si ikoniske Chicago Bulls-trøye tok han ein overlegen siger i Melodi Grand Prix. «Living My Life Without You» vart den store hiten det året.

Men Stig var også så uendeleg mykje meir enn «berre» ein MGP-artist. Han selde drøssevis av plater, spelte haugevis av konsertar og vann gjeve prisar. Han gjekk også med solbriller inne, køyrde Mercedes kabriolet, og hadde eigne livvakter som beskytta han mot hylande tenåringsjenter.

Stig van Eijk under Hit Awards 1999.

POPSTJERNE: Stig van Eijk var den mest spelte mannlege artisten på norsk radio i 1999, og vann dermed ein gyllen mikrofon under prisutdelinga Hit Awards på TV 2.

Foto: Tor Richardsen / NTB

I eit drygt år var han ei av Noregs største popstjerner. Men så forsvann han plutseleg heilt frå rampelyset, og i ei tid utan nettaviser og sosiale medium var det umogleg å finne han igjen.

Kva skjedde, Stig? Kvar vart du av?

♦♦♦

24 år seinare finn eg Stig igjen, i ein gammal trevilla på Slettebakken i Bergen. Her sit han i eit mylder av barneleiker og klimprar på gitaren. Han har blitt 41 år gammal, fått sambuar, tre barn, skjegg, tatoveringar og enda tjukkare fletter, men elles er han ganske lik seg sjølv.

Stig van Eijk

STIG VAN EIJK: Etternamnet har han frå den nederlandske bestefaren sin.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Det har vore stilt rundt han i mange år, men den siste tida har han blitt rent ned av journalistar igjen. På ein av årets første dagar slapp nemleg MGP-redaksjonen årets store overrasking:

«Stig van Eijk vender tilbake til Melodi Grand Prix!»

Og dermed skylte ei bølgje av nostalgi gjennom heile landet. For sjølv om det snart er eit kvart hundreår sidan sist, så finst det framleis utruleg mange som hugsar den fargerike songaren.

Etter deltakinga i 1999 sa han i eit intervju at han aldri skulle delta i MGP igjen. Men sidan den gongen har mykje forandra seg. Han er likevel rask med å påpeike at det ikkje var eit lett val å takke ja til ein ny runde.

Stig van Eijk utanfor huset sitt i Bergen.

SLETTEBAKKEN HOVEDGÅRD: Stig og familien bur i eit gammalt trehus utanfor Bergen sentrum. Huset er freda, og vart bygd av byens rikaste mann, Hillebrand Harmens, i 1783.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Det har kome opp ein del minner frå den tida. Det var mykje positivt, men eg vart også blenda av veldig mange negative ting, seier han.

Lat oss setje oss ned i sofaen, ta ein kaffi, og begynne med det positive.

Den store oppturen

Sjølv om verken vennar eller familie var særleg interesserte i musikk, drøymde Stig alltid om å bli artist. Allereie i barnehagen vart han skaka i djupet av å sjå videoar av Michael Jackson.

Han var mørk, og kunne synge og danse. Eg såg for meg at eg også skulle stå på scena og synge med afro, seier han.

Stig van Eijk

UNG SPELAR: Stig vart adoptert frå Colombia då han var ni månadar gammal. Som barn var han den typen som tok med seg gitar på skulen, og spelte inn songar på kassettar som han gav til jentene i klassa.

Karrieren skaut fart i 1998 då Stig som 16-åring var med i songkonkurransen «Stjerner i sikte» på TV 2. Her tok han ein andreplass med ei sjelfull tolking av R Kelly-låten «I Believe I Can Fly».

Året etter vart han handplukka til Melodi Grand Prix. Programmet hadde lenge slite med eit gammalmodig stempel. Songane, som måtte vere på norsk, nådde sjeldan opp på hitlistene, og artistane vart ikkje rekna som ekte popstjerner.

Men no skulle det bli nye tider. Året i førevegen hadde programmet opna opp for at deltakarane kunne få synge på engelsk, og NRK proklamerte at konkurransen skulle bli «den mest attraktive staden for å vise norsk popmusikk».

I denne planen passa Stig van Eijk perfekt. Han var ung, kul og hadde laga ein fengande poplåt saman med Stargate-produsent Mikkel S. Eriksen. I tillegg var han proppfull av sjølvtillit.

Stig van Eik med låten Living my life without you

Eg følte verkeleg at vi kom med noko heilt nytt, og dei andre songane var jo ... både og. Det var mykje av det trauste og trygge. Så eg var ikkje så veldig nervøs, mimrar han.

Det hadde han heller ingen grunn til å vere. Stig van Eijk danka ut MGP-veteranar som Tor Endresen og Stephen Ackles og fekk full pott frå ekspertjuryen og alle landsdelar utanom Nord-Noreg.

På finalefesten var det ingen som brydde seg om at Stig framleis berre var 17 år gammal, og guten vart skjenka godbrisen på ekte champagne.

Stig van Eijk på fest etter MGP-finalen i 1999.

SKÅL: Finalefesten gjekk føre seg på ein restaurant i Oslo, og skal ha vart til langt ut på morgonen.

Foto: Pia Solberg / VG

Det var ville tilstandar, og veldig rart å sjå tilbake på no. Eg fekk mykje merksemd. Veldig mykje merksemd.

Interessa for Noregs nye pop-prins var så stor at VG troppa opp på hotellrommet morgonen etter med ein stor bunke dagens aviser, for å ta nye bilde til morgondagens avis. Dette var «peak» norsk kjendis i 1999.

Stig van Eijk med VG-forside

VG-FRAMSIDE: «Stig blir en STJERNE» var dommen frå Noregs største avis dagen etter MGP-finalen. Denne dagen kunne også spesielt interesserte lese om den gravide magedansaren Vienoula frå Trondheim.

Foto: Jan Petter Lynau / VG

Tilbake i Bergen rann Stigs postkasse over av parfymerte fanbrev frå heile Noreg. Familien måtte få hemmeleg telefonnummer, og tenåringsjenter flokka til huset hans for å spørje om han hadde kjæraste.

På Torgalmenningen kunne han knapt gå ein meter før han vart stoppa av ivrige fans som ville ha autograf.

Stig van Eijk skriv autograf.

AUTOGRAF-JEGERAR: Før vi kunne følgje kjendisar på sosiale medium, måtte vi faktisk fysisk følgje etter dei på gata og få dei til å skrive namnet sitt på eit papir.

Foto: Hallgeir Vågenes / VG

Stig fekk leve ei dryg veke på ei bekymringsfri rosa popsky. Så begynte ei tid med mykje sorg, smerte og motgang.

Den store nedturen

Søndag 7. mars 1999, åtte dagar etter suksessen i Melodi Grand Prix, døydde Stigs mor på Rikshospitalet i Oslo. Gerd van Eijk hadde blodkreft i over eit år, men sonen hennar tenkte aldri at han faktisk skulle miste ho på ordentleg.

Eg gjekk rett i kjellaren, og måtte prøve å halde fasaden. Men eg var jo berre 17 år, så det var veldig vanskeleg å vite kva eg skulle føle på den tida, seier Stig.

Gerd og Stig van Eijk

MOR & SON: Gerd van Eijk vart 55 år gammal. Ho låg i koma dei siste par dagane før ho døde, men kunne framleis reagere fysisk av å høyre sonen sin musikk.

I gravferda tok Stig mikrofonen framfor ei fullsett kyrkje, og framførte songen «Don’t Let Go», som han hadde skrive til mor si. Til dags dato er det framleis den framføringa han er mest stolt av å ha gjennomført.

Det var veldig spesielt for meg. Eg var veldig trist, men også takksam for at ho fekk oppleve MGP-finalen. Ho vart utruleg glad då eg vann.

I slutten av mai reiste Stig og faren til Jerusalem og den store Eurovision-finalen. Forventningane i heimlandet var skyhøge; både VG og Dagbladet hadde spådd at Noreg kunne vinne heile sulamitten. No var alt opp til ei siste framføring frå Stig.

Rett før han skulle synge, kom ein kort introduksjon. Og det er her Stig merka at noko var alvorleg gale. Lyden i øyreproppane hans var ekstremt høg. Det svei i øyra, og Stig vart heilt sjokka. Skulle han verkeleg oppleve tekniske problem no, på direkten, framfor fleire titals millionar sjåarar?

Det skulle han, for like etter starta låten med same volum, og dermed venta tre minutts lydtortur i Stigs øyre.

Når eg ser opptaket i dag, kan eg sjå frykta i auga mine. Eg syng småsurt, og er verkeleg ikkje komfortabel. Om det same hadde skjedd i dag, hadde eg jo stoppa og kravd å få syngje på nytt.

Noreg enda på ein skuffande 14. plass i Eurovision, og dagen etter vakna hovudpersonen opp med kraftige smerter i øyra og hovudet.

Avisforsider med Eurovision-skandalen til Stig van Eijk
Foto: Faximile Dagbladet / VG

Heldigvis hadde Stig nok å henge fingrane i då han kom tilbake til heimlandet. Han hadde gitt ut album til gode kritikkar, og la ut på Noregsturné. På hausten vann han prisen for «Årets mannlege artist» under Hit Awards.

No hadde Stig verkeleg trua på at artistdraumen faktisk var mogleg. Han slutta på skulen, og gjekk «all in» i popstjernelivet. På starten av det nye tusenåret handla alt om å lage ny plate. Det første albumet hadde ifølge Stig vore «litt for sukkersøtt», no ønskja han å bevege seg i ei meir vaksen og RnB-aktig retning.

Den planen var derimot ikkje plateselskapet like gira på.

Stig van Eijk i studio

I STUDIO: Stigs første plate «Where I Belong» kom ut like før Eurovision-finalen og selde til platina i Noreg. VGs kritikar gav albumet terningkast 5 og skrytte av Stigs eigenskapar som låtskrivar. Fansen hadde difor store forventningar til oppfølgjarplata.

Foto: Tom-Egil Jensen / VG

– Eg følte at dei berre ville køyre på og mjølke kua for alt ho var verdt. Men for meg var det viktig å vere tru mot min eigen musikk, og skrive mine eigne låtar.

Mot slutten av år 2000 braut Stig van Eijk samarbeidet med verdas største plateselskap Universal Studios. Han prøvde seg sidan på eit mindre selskap, men heller ikkje der opplevde han eit fruktbart samarbeid.

Så då stod han der da, utan mor, skuleplass og platekontrakt. Heldigvis hadde han framleis den kule bilen sin.

Stig van Eijk framfor bilen sin, ein Mercedes SLK 230.

RASK: Stigs Mercedes SLK 230 var verdt rundt 600.000 kroner i år 2000, noko som svarar til nærmare 1 million kroner i 2023. På dette bildet smiler han glad og nøgd for at han så langt berre har fått ei fartsbot.

Foto: Hallgeir Vågenes / VG

Nei, forresten. I same periode oppdaga Stig at det ikkje hadde blitt betalt skatt av popstjerne-inntektene, og dermed gjekk unge van Eijk på ein heftig baksmell.

Eg måtte selje bilen, eg måtte selja ditt, eg måtte selje datt ... Då var eg langt nede i dalen.

Stakkars Stig.

Stig 2.0

I dag har Stig van Eijk lagt bak seg den første MGP-tida for lengst. Han har gitt vekk den ikoniske Chicago Bulls-trøya, og på spørsmål om kvar han har gullplatene sine, må han opp i eit kott på loftet for å leite.

Nei, eg klarer ikkje å finne dei, altså, seier han etter eit par minutt med leiting.

Stig van Eijk leitar i skapet
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Livet vart ikkje heilt slik som Stig van Eijk hadde sett for seg. Med så mykje motgang ville nok mange lagt inn årene og godtatt nederlaget. For skulen stod der framleis, og det var nok av folk som oppmuntra han til å gå tilbake til eit fint og vanleg tenåringsliv.

Men Stig nekta å gi seg. Han valde å vere tru mot barndomsdraumen, og heldt fram med å gå «all in» for å leve som artist på fulltid.

Eg har jo berre dette eine livet, da. Og då må eg få lov til å halde på med det eg har lyst til. Sjølv om livet kan vere ein krokete veg.

«Krokete veg» er ei god skildring av Stigs karriere. Dei siste 20 åra har han nemleg gjort veldig mykje ... greier:

Han har turnert i fødelandet Colombia, laga vinnarlåten for Idol Sør-Afrika og spelt inn musikk med tidlegare barnesoldatar i Uganda. Han har jobba som kulturformidlar i barnehage, drive nattklubb med livemusikk, og utforska ei mengd ulike sjangrar i ei rekke ulike bandkonstellasjonar.

Stig van Eijk

BARNAS FAVORITT: I tillegg til å vere artist er Stig også ein svært habil buktalar. Gjennom karrieren har han laga fleire plater, reggae-kurs og teaterstykke for barn.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Dei siste åra har han følt seg aller mest heime i reggae-musikken.

Reggae er så leikent, og lett å improvisere i. Samtidig som bodskapen i songane gjerne har litt meir tyngde enn berre «let’s party», forklarar han.

Stig seier igjen og igjen at han føler seg ufatteleg privilegert. Han har funne roa med familien, og får leve av musikken sin kvar dag.

– Så hjelper det sjølvsagt at eg har ein kjærast med fast jobb og god økonomi. Eg veit ikkje korleis det skulle gått rundt utan ho.

Familien van Eijk

FAMILIEN VAN EIJK: Stig van Eijk og sambuaren Beate Helen Thunes saman med barna Alina (14), Julian Valencia (6) og Mio (2).

Når han ser tilbake på livet sitt, føler han seg som ein 90-åring. Men sanninga er jo at 41-åringen knapt har blitt ein middelaldrande mann.

Føler du ikkje at du framleis har ein del ...

– ... uoppgjort? fullfører Stig. Absolutt. Draumen er den same som då eg var fem år: Eg ønskjer å stå på flest mogleg scener og formidle musikken min til flest mogleg folk.

Så då MGP kontakta Stig om han kunne tenkje seg å bli med på ein ny runde i konkurransen, følte han seg tryggare på kven han var og kva han stod for. Men for at det i det heile tatt skulle bli aktuelt, hadde han to viktige krav:

  1. Han måtte få skrive songen sjølv og ha fullstendig kunstnarisk fridom.
  2. Han måtte få lov til å synge ein reggae-song.

Den er grei, svarte MGP. Sjølvsagt var det greitt. Han var jo Stig van Eijk.

MGP 2023

Den 28. januar 2023 er Stig van Eijk tilbake i rampelyset, under den tredje delfinalen av Melodi Grand Prix.

I 1999 kom han med eit nytt og moderne poputtrykk. I år skal han igjen gjere noko som aldri har blitt gjort før: Med låten «Someday» blir han den første reggae-artisten i MGPs historie.

Han tar med seg heile familien på scena. I tillegg til ein diger jordklode. Songen handlar om å vere barn og vekse opp i krig.

– Bodskapen er at uansett kor vanskeleg du har det, så kan du ikkje la ytre påverknadar knekke deg. Du må stå rakrygga og vere tru mot deg sjølv.

♦♦♦

Stig van Eijk rakk dessverre ikkje heilt opp med reggae-låten «Someday» i MGPs tredje delfinale, og kom dermed ikkje vidare til finalen i Trondheim Spektrum, 4. februar 2023.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her

Fleire saker om spennande musikarar: