Hopp til innhold

Slik blir Eurovision på NRK

På laurdag er det endeleg duka for den store finalen i Eurovision. 26 land kjempar om å vinne verdas største musikkonkurranse.

Greenroom Alessandra

Alessandra gjekk vidare til finalen i Eurovision. På torsdag skal 16 nye land kjempe om ein plass i finalen.

Foto: Camilla Sand / NRK

Etter semifinalane på tysdag og torsdag er det nå klart for kva land som skal i elden i Eurovision-finalen.

Kven som vinn står att å sjå, men det som er heilt sikkert er at det blir ein kveld fylt med elleville, morosame og rørande framføringar.

Noreg skal synge i andre halvdel av finalen med startnummer 20. Oddsfavoritten Sverige skal ut på scena som nummer 9, mens Finland er bidrag nummer 13.

Nabolandet Danmark var spådd til å nå langt, men gjekk ut av semifinalen på torsdag, og reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

Sjå heile rekkefølgja for finalen i faktaboksen under:

Totalt 26 land skal opptre i finalen som finn stad laurdag 13. mai.

Slik ser du Eurovision på NRK

  • Finalen kan du sjå laurdag på NRK 1 og NRK TV kl. 21.
  • P3 har også finalesending på NRK 3 og på P3.no frå kl. 20.30 på laurdag.
  • Du kan få med deg alt av Eurovision-finalen også på radiokanalen NRK P1 frå kl. 21.

Har du spørsmål om Eurovision? Eller saknar du ein plass der du kan få utløp for dine meiningar og synspunkt rundt årets framføringar?

Da kan du gå inn på NRK.no laurdag kl. 21 og ta del i NRK Svarer. Ingen spørsmål er for dumme, og ingen meiningar er for dryge!

  • Ei kvinne med langt, blondt hår ikledd ei kvit bluse smilar mot kamera. Ovenfor ho er ein plakat der det står Eurovision Song Contest på.

    Marte Stokstad kommenterer Eurovision-sendingane på NRK 1.

  • Arian Engebø, Egil Skurdal og Adelina Ibishi skal leie Eurovision-sendinga til P3.

    Arianrhod Engebø, Egil Skurdal og Adelina Ibishi er programleiarar i P3 si Eurovision-sending. Nate Kahungu kjem også innom for å vere kveldens motepoliti.

  • Jon Marius Hyttebakk i forbindelse med Eurovision-sending på P1 og NRK 1

    Kommentator Jon Marius Hyttebakk losar deg trygt gjennom Eurovision-finalen på radiokanalen NRK P1.

Slik stemmer du

Du kan stemme opp til tjue gongar på kvart bidrag, og du kan stemme etter at siste låt er framført.

For å stemme, ringjer ein 829 69 6 + talet på den du vil stemme på. Eller sende SMS til 26900 med talet på den du vil stemme på.

Du kan også stemme i den offisielle Eurovision Song Contest-appen, der du også kan gi digital applaus.

Kvar stemme både via telefon og app kostar fem kroner, og du kan ikkje stemme på Noreg.

Stemmeskjema

Ein klassisk gjengangar når det gjeld Eurovision.

I skjemaet står artistane oppført i den rekkjefølgja dei opptrer i, i tillegg til stemmeinformasjonen.

Her kan du fylle inn poenga dine etter kvart som artistane har framført nummeret sitt, og du kan gi poeng på alt frå sceneshow til styling.

Les alle Eurovision-sakene her.

Sjå finalen på NRK1 eller i NRK TV kl. 21.00 laurdag 13. mai.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska