– Det har kome 5577 klager, i tillegg til nokre blanke. Det er rekordmange, seier leiar for Kringkastingsrådet, Per Edgar Kokkvold.
Torsdag klokka 09.00 skal rådet behandle dei mange klagene på hijab-bruken i programmet «Faten tar valget». I denne programserien skulle Faten Mahdi al-Hussaini finne ut kva parti ho ville stemme på. Kokkvold seier at det har kome nokre klager som er over grensa.
– Det er nokre hatefulle og truande klager. Og dei får den behandlinga dei fortener, nemleg ingen.
Dersom Kringkastingsrådet kjem fram til at det er grunn til å kritisere NRK, betyr det likevel ikkje at kvinner med hijab ikkje lenger kan bli viste på skjermen.
– Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ. Dersom rådet gjev gode råd, vil også kloke NRK-sjefar lytte til dei råda dei får, seier Kokkvold.
Forstår at folk er provoserte
Hans Rustad, redaktør i den islamkritiske nettstaden document.no, synest ikkje det er det minste rart at folk har klaga på «Faten tar valget». Han viser til den såkalla kors-saka, der nyheitsopplesar i NRK, Siv Kristin Sællmann, vart nekta å bera kors på skjermen i 2013.
– NRK kjem med ei heilt formalistisk grunngjeving om at ho var nyheitsanker, medan Faten ikkje er programleiar. Men dette er proforma argument. I det eine tilfellet skal korset ut, i det andre skal islam inn. Det er ikkje rart at folk blir provoserte av det.
Men det er ikkje det einaste som provoserer redaktøren. Han seier òg at utsegna frå kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen om at «sterke og mørke krefter ynskjer at muslimsk ungdom ikkje skal vera synlege» gjorde vondt verre.
– Når kringkastingssjefen gjekk så hardt ut mot kritikarane, og nærast brennemerkte dei, så verkar det som NRK stiller seg bak Faten som ideal.
- Les også: Nå svarar Faten på hetsen
Gler seg til møtet
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen skriv i ei melding til NRK at han vil vente med ytterlegare kommentar til Kringkastingsrådet har behandla saka, og at han ser fram til møtet og til å høyre vurderingane frå rådet.
Kringkastingssjefen har tidlegare sagt at kritikken mot programmet ikkje er relevant.