23. april 2005: Jawed Karim lastar opp ein 19 sekund lang videosnutt frå ein dyrehage på YouTube. Det einaste han snakkar om er kor store snablar elefantar har.
I dag har videoen over 355 millionar avspelingar.
Videosnutten vart starten på YouTube, som i dag har milliardar av både videoar og avspelingar.
Jawed Karim har blitt styrtrik på YouTube. Han publiserte også den aller første videoen.
Foto: Skjermdump, YouTube– Det blei jo sett på som ein enorm revolusjon.
Det seier Petter Bae Brandtzæg, som er professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo, om starten av YouTube.
Å dele video på måten YouTube mogleggjorde var noko heilt nytt, fortel han.
For plutseleg kunne folk dele historier om alt frå feriestadar til politiske opprør via levande bilete på internett.
– Det vart også sett på som eit demokratisk verktøy. Folk kunne på ein måte vere journalistar, seier Brandtzæg,
Petter Bae Brandtzæg, professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo.
Foto: Theo Aasland Valen / NRK– På ein måte TV-kanalen min
Ifølgje YouTube sjølv vert det i dag lasta opp meir enn 500 timar med video kvart einaste minutt.
Thomas Ryste frå Ørsta, betre kjent for humorkarakteren Kjell «Kjellen» Bigset, starta YouTube-karrieren sin i 2006.
– Eg trur nok eg var den første i Noreg som laga humorvideoar, påstår Ryste med eit smil.
Thomas Ryste har stor suksess med karakteren sin Kjell «Kjellen» Bigset.
Foto: Eivind A. Pettersen / NRKHan hadde laga videoar om «Klypa-universet» lenge, men med YouTube kom det nye moglegheiter.
– Det er fantastisk. Det er på ein måte TV-kanalen min, men så når eg kanskje ut til enda fleire enn det ein gjer via fjernsynet, seier han.
Kjell «Kjellen» Bigset var innom radiostudio i samband med 20-årsjubileet sitt i 2021.
20-årsjubileet skal også feirast av Patrick Greve frå Vardø. Han har over 33.000 følgarar på YouTube-kanalen sin, og er kjent for å lage reaksjonsvideoar.
– Det er eigentleg litt rart at folk vil sjå på at nokon reagerer til andre videoar, men det verkar som at sjåarane liker å høyre tankane til folk enten om dei er einige eller ikkje, seier 28-åringen.
Youtubar Patrick Greve seier han skal feire 20-årsjubileet med kaffi og kake.
Foto: NRKMen det er ikkje reaksjonane og tankane som har fått han langt meiner han.
– Eg liker å vere så nær meg sjølv som mogleg, men eg må sjølvsagt skru på litt sjarm. Eg gjer og ein del forarbeid for å klare å halde på merksemda til folk, seier han.
Greve fortel at han eigentleg trur at YouTube er døyande, men det stoppar han ikkje frå å publisere videoar der.
– YouTube er hjartebarnet mitt!
Begynte som 14-åring
– YouTube var vel eigentleg det som starta yrket eg har nå, trur eg.
Oliver Bergset frå Eide på Nordmøre er stor på TikTok, men han har også 16.000 abonnentar på YouTube-kanalen sin.
– Eg begynte å legge ut gaming-videoar der når eg var rundt 14 år, tippar eg.
Oliver Bergset begynte å legge ut videoar på YouTube som tenåring.
Foto: Julia Marie Naglestad / Julie Marie Naglestad/NRKHan seier at YouTube har vore viktig for å bygge forståing for internett og for kva innhald som fungerer, men at det er vanskeleg å lykkast som Youtubar i Noreg i dag.
– Vi konkurrerer jo plutseleg mot profilar frå heile verda, som har ein mykje større marknad for det. Ein må lage innhald som er på lik linje som det dei gjer, seier han.
Men Bergset legg til at mange trur at YouTube er på veg tilbake, også i Noreg.
– Det har alltid vore ein draum
Håkon Stokke har den siste tida teken av på TikTok. Sjølv om han gjer det bra i formatet kortvideo, er det ein ting YouTube gjer betre.
– Du bygger samband med sjåaren i YouTube-videoar fordi du har lengre tid til å snakke med dei, seier 17-åringen.
Sjølv har han vakse opp med YouTube.
Håkon Stokke har nådd 83 tusen følgjarar på TikTok.
Foto: Privat– Eg var jo berre ein unggut som ikkje hadde lov å spele GTA eller ha PC til å spele Minecraft, men eg kunne sjå på andre spele det på YouTube.
Det var desse videoane som førte Stokke dit han er i dag.
– Det har alltid vore ein draum. Eg har jo laga fleire YouTube-kanalar fordi eg synast det er kult å filme videoar, seier han.
– Eitt av dei mest brukte media
Brandtzæg, professor i medieinnovasjon, fortel at YouTube har bevart sin posisjon på mange plan. Han trur årsaka er at det femnar breitt.
– Det er alt frå teikneseriar for barn og forelesingar på universitetet til små læringsvideoar om korleis ein set inn batteri på den og den tingen. Ein bruker video til ganske mange praktiske ting i kvardagen òg, seier han.
– Tenker du at YouTube har vore med å sette premissane for dei sosiale medievanane vi har i dag?
– Absolutt, YouTube har hatt ein heilt unik posisjon. Det har også vore eitt av dei mest brukte media dei siste ti åra, særleg blant unge menneske i Noreg.
Norsk dokumentar. YouTube er ein del av kvardagen til barna våre. 83 prosent av norske 10-11-åringer bruker nettstaden kvar veke. Youtube-stjernene har blitt idol, men de er også tilgjengelege og i dialog med sine fans. De er kule storesøstrer og storebrødre som gir gode råd. Det er et tillitsforhold annonsørar veit å utnytte.