Hopp til innhold

Departementet avviser krav om gransking av regjeringskvartalet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ikkje følgje kravet frå norske arkitektar om ei uavhengig gransking av konkurransen for nytt regjeringskvartal.

Lysning

Team G8+ nådde ikkje opp i konkurransen med sitt forslag til nytt regjeringskvartal, «Lysning». Dei fekk avvist klaga dei sende Statsbygg fordi dei meinte at konkurransen ikkje var rettferdig.

Foto: Team G8+

Fleire store arkitektkontor sende måndag kveld eit opprop der dei ber om at det blei oppretta ein uavhengig kommisjon som skal evaluere konkurransen om nytt regjeringskvartal.

Team G8+, som blei nummer to i konkurransen, har tidlegare klaga til Statsbygg fordi dei meiner deltakarane deltok på ulike vilkår. Fleire av kontora på vinnarlaget, Team Urbis, har tidlegare på oppdrag frå Statsbygg vore med å utarbeide reguleringsplanane for området. Men klaga blei avvist Statsbygg.

Nei frå departementet

Statssekretær Paul Chaffey

Statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet ser ingen grunn til at dei skal utnemne ein uavhengig kommisjon som skal gå granske konkurransen om nytt regjeringskvartal.

Foto: Henrik Bøe / NRK

No blir også oppropet og kravet om ein uavhengig granskingskommisjon avvist av departementet:

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet ser ingen grunn til å fråvike dei etablerte ordningane, Klagenemda for offentlege anskaffingar og det alminnelege rettsapparatet. Det er ikkje aktuelt å utnemne ein kommisjon slik oppropet tek til orde for. Eg kan ikkje sjå at det er kome nokre konkrete innvendingar til dei svara Statsbygg har gjeve på klaga, skriv statssekretær Paul Chaffey i ein e-post til NRK.

Fleire av laga som tapte kampen om å få teikne det nye regjeringskvartalet, har støtta Team G8+ i klaga til Statsbygg. Og både Team G8+ og fleire andre av laga har vurdert søksmål mot Statsbygg om det skulle bli avdekka feil.

Kostbart prosjekt

Regjeringskvartalet er eitt av dei største og dyraste byggeprosjekta i Noreg gjennom tidene. Statsbygg har tidlegare sagt at den totale prislappen truleg blir eit tosifra milliardbeløp. Så langt er det brukt over 5,8 milliardar kroner på blant anna opprydding, midlertidige sikkerheitstiltak og planlegging av nytt regjeringskvartal.

Gravemaskiner river deler av Regjeringskvartalet

Statsbygg trur det nye regjeringskvartalet kjem til å koste eit tosifra milliardbeløp. Til no har dei brukt 5,8 milliardar på prosjektet.

Foto: Statsbygg

Ifølge framdriftsplanen til Statsbygg, skal Stortinget vedta byggestart av eit nytt regjeringskvartal i 2019. Og så skal det vere innflyttingsklart seinast i 2027.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober