Hopp til innhold

Beate Grimsrud er årets vinnar av Brageprisen i skjønnlitteratur

Den prestisjefulle Brageprisen i skjønnlitteratur går i år til Beate Grimsrud. – Dette ville ho ha vore veldig glad for, seier bror Bjørne Grimsrud.

Beate Grimsrud

Den prislønte forfattaren Beate Grimsrud avbilda tidlegare i år.

Foto: Maja Hattvang / Cappelen Damm forlag

Forfatteren som no har vunne Brageprisen gjekk bort tidlegare i år av kreft, berre 57 år gammal. Prisen får ho for den kritikarroste boka «Jeg foreslår at vi våkner».

Det er fyrste gong ein forfattar blir heidra med Bragepris etter sin død.

For broren var det både sterkt, gledefylt og ei ære å kunne ta imot prisen på vegner av syster si.

– Eg føler meg veldig stolt. Alle som står Beate nær synest dette er ein fantastisk ting.

– Og så er det sjølvsagt veldig trist at Beate ikkje fekk oppleve dette sjølv. Dette ville ho ha vore veldig glad for, seier han.

Bjørne Grimsrud med Bragepris-statuetten som han tar imot på vegne av syster si Beate Grimsrud.

Bjørne Grimsrud med Bragepris-statuetten som han tar imot på vegner av syster si, Beate Grimsrud.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Litterær lesefest

Beate Grimsrud slo gjennom med romanen «Å smyge forbi ei øks» i 1998.

Sidan då markerte ho seg i både norsk og svensk offentlegheit – ikkje berre som forfattar, men også som dramatikar og regissør.

Romanen hennar «Jeg foreslår at vi våkner» fekk strålande kritikk då den kom ut i år.

Hovudperson i boka får vite at ho har kreft, og livet blir snudd opp ned. Og tankar om livet og døden oppstår.

Bokomslag "Jeg foreslår at vi våkner" og Beate Grimsrud
Foto: Ulrica Zwenger / Cappelen DAMM

«Forfattaren greier å løfte det forferdelege. Sjå det gjennom lupe og kikkert, kitle det under buken og riste det i nakkeskinnet», skreiv NRKs litteraturmeldar Marta Norheim.

Ifølgje juryen er årets vinnar ein «litterær lesefest», og grunngjev vidare med at den rommar alt ein håpar på når ein opnar ei ny bok:

«Vinnerromanen er rett og slett eit overflødigheitshorn av skarpe formuleringar, presise observasjonar, svimlande filosofiske tankar og vilter fantasi»

– Hadde vore ei stolt mor til denne boka

Bjørne Grimsrud trur Beate hadde vore stolt og fornøgd med seg sjølv hadde ho fått oppleve dette.

– Beate pleidde å seie at ei bok er som eit lite barn du slepper ut i verda, du veit aldri korleis det går med det. Men ho hadde vorte ei stolt mor til denne boka.

Ifølgje han bestemte ho seg tidleg for å bli forfattar, og for han og resten av familien har det vore ein fryd å følgje forfattarskapet hennar.

Brageprisstatuetten 2020 i skjønnlitteratur som gjekk til Beate Grimsrud "Jeg foreslår at vi våkner"

Her viser Bjørne Grimsrud Brageprisen i skjønnlitteratur som i år går til syster hans, Beate Grimsrud. Ho gjekk bort tidlegare i år.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

– Ho var oppteken av å fortelje historier som fekk gode lesaropplevingar, og som ville nå ut til mange. Og ho klarte å nå måla sine, seier han.

Planen er å stifte eit minnestipend til Beates minne, og leggje pengepremien der.

– For ho var veldig oppteken av at nye forfattarar skulle ha dei same moglegheitene som ho.

– Det er ei enorm glede, og eit tungsinn

Kari Joynt, sjefredaktør i Cappelen Damm jobba tett saman med Beate Grimsrud.

– Det er ei enorm glede, og eit tungsinn forbunde med det, for vi skulle gjerne ha sett at ho kunne ha mottatt prisen sjølv, seier ho.

Jøynt fortel at Beate Grimsrud jobba dag og natt med boka dei siste to åra, og at ho ville ha vorte enormt glad for å få Brageprisen – ein pris ho sette høgt.

Ho ville ha hoppa og sprunge opp på scena for å ta imot prisen, legg ho til.

Kari Joynt

Kari Joynt, sjefredaktør i Cappelen Damm.

Ifølgje Joynt var Grimsrud oppteken av å fortelje historier om det å vere meneske og nå fram til lesaren med det.

Det er derfor Grimsruds forfattarskap og spesielt «Jeg foreslår at vi vaknar» har blitt ein suksess, meiner ho.

– Ho skriv om store menneskelege spørsmål som ikkje er vanskelege å forstå, og som det går an å ta. Ho har eit komisk knep som gjer at du skrattar etter at det er dødsens alvorleg.

Ho trur Grimsrud hadde hatt eit rikt forfattarskap vidare hadde det ikkje vorte avbroten alt for tidleg.

Historisk Brageprisutdeling

Det vart ein historisk Brageprisutdeling i kveld.

I tillegg til prisen til Grimsrud, gjekk heile tre prisar til klimaforfattarar.

Dag O. Hessen fekk to av dei. Han fekk Brageprisen i kategorien sakprosa for boka «Verden på vippepunktet». I tillegg kunna han smykke seg med den gjeve heidersprisen.

Dag. O Hessen med to Brageprisar.

Forskar og forfattar Dag O. Hessen med to Brageprisar

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Han blir dermed den fyrste forfattaren til å vinne to prisar same år.

– Det er overveldande og uventa. Eg ser på meg sjølv som fyrst og fremst forskar, men nå får eg vel erkjenne at eg også er ein forfattar, seier han.

I kategorien open klasse gjekk prisen til «Den store klimaguiden» av forfattar og klimaentusiast Thomas Horne.

Jenny Jordahl fekk prisen i kategorien barne og ungdomsbøker for si bok «Hva skjedde egentlig med deg?».

«Kan med hell brukes som utgangspunkt for viktige samtaler»

Kulturstrøm

  • Progrockbandet «Rush» gjør comeback med kvinne bak trommene

    Progrockbandet «Rush» gjør comeback etter over ti år med pause. Mandag varslet bandet at de skal ut på turné i USA, Canada og Mexico i 2026.

    Det blir første gang Geddy Lee og Alex Lifeson opptrer sammen etter at trommeslager Neil Peart gikk bort i 2020, skriverThe guardian.

    Lee og Lifeson har ansatt tyske Anika Nilles (42) som ny trommeslager i bandet. Hun ble oppdaget av «Rush» da hun spilte med Jeff Beck på hans siste Europa-turné i 2022.

    De beskriver den kommende turnéen som en feiring av over 50 år med Rush-musikk.

    
Alex Lifeson (til venstre) og Geddy Lee fra bandet Rush på Rock and Roll Hall of Fame i 2017
    Foto: AP
  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP