Hopp til innhold

Jon Fosse vant Brageprisen i skjønnlitteratur

Den prestisjefylte Brageprisen i skjønnlitteratur går i år til Jon Fosse for boka «Eit nytt namn».

Jon Fosse

Forfattaren, lyrikaren og dramatikaren Jon Fosse stakk av med Brageprisen i skjønnlitteratur.

Foto: Tom Kolstad / Samlaget

«Eit nytt namn» er den siste boka i ein serie på i alt sju bind, «Septologien». Boka er ifølgje juryen som har tildelt Jon Fosse prisen ei mektig avslutning på eit ruvande skjønnlitterært verk.

«Teksten bæres frem av ordknapphet, gjentakelser og stadige skifter i tid og sted, uten et eneste punktum. Det kan tidvis være krevende for leseren, for forfattaren forlanger tilstedeværelse.»

NRK sin meldar Knut Hoem omtala boka som eit «morosamt mysteriespel».

– Lengste faste forholdet

Prisvinnaren sjølv kom med oppmuntrande ord til dei av kollegaene hans som framleis ikkje har fått prisen.

– Det har vore nemnt at det er 30 år sidan den blei delt ut for fyrste gong og sant å seie så var eg nominert for 30 år sidan. Det har blitt ein del nominasjonaretter etter den gong, men det tok si tid før eg fekk den. Det får vere til trøyst til alle som er nominert og som ikkje har fått prisen. Hald ut, så får du den!

Det er ikkje første gong forfattaren, lyrikaren og dramatikaren Jon Fosse får Brageprisen. I 2005 fekk den prislønte Fosse Brageprisen sin heiderspris. I ei årrekke har han også vore ein av dei heitaste norske kandidatane til å stikke av med Nobelprisen i litteratur.

– Først og fremst vil eg takka redaktøren min, Cecilie Seiness, som har hjelpt meg på utruleg mange vis. Og så vil eg takka forlaget mitt, Samlaget, som har halde ut med meg sidan rundt 1980. Det er det lengste faste forholdet eg har hatt i vaksne liv. Så stor takk og til Samlaget.

Fosse vaks opp i Strandebarm i Hardanger og flytta seinare til Bergen der han i 1983 debuterte med romanen «Raudt, svart». I dag bur han i æresbustaden Grotten, som ligg i Slottsparken i hovudstaden.

Nokre av bøkene hans er omsett til over førti språk, men også skodespela hans gjer det bra i utlandet. Etter Henrik Ibsen, er han den mest spelte norske skodespelforfattaren.

Aschehoug hagefest 2018

Liv Køltzow fekk Brageprisen sin heiderspris for sitt forfattarskap.

Foto: Heiko Junge / NTB

Fleire prisar

I dag blei i alt fem Brageprisar delt ut på Dansens hus.

Den gjeve heidersprisen er det Liv Køltzow som kan smykke seg med. Gjennom ein lang karriere har ho skrive noveller, romanar, dramatikk og essays. Tema som går att i forfattarskapet hennar er tida og bevisstheita. Juryen omtalar ho som viljesterk og eigenrådig:

«Ho har i bok etter bok utvist stor språkleg bevissthet og psykologisk innsikt. Forfatterskapet representerer særegne bidrag til norsk litteratur, og har en åpenbar plass i norsk litteraturhistorie.»

Innan kategorien sakprosa vann Lena Lindgren med debutboka hennar «Ekko. Et essay om algoritmer om begjær».

Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie fekk prisen i open klasse for boka «Min historie etter Utøya». Den handlar om Cathrine Trønnes Lie, som mista søstera si då dei var på leir saman på Utøya.

Les NRK si meldinga av boka her.

«Eit anna blikk» av forfattar Erlend Skjetne nådde til topps blant barne- og ungdomsbøker.

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB