Hopp til innhold

12 av dei beste krim­bøkene gjennom tidene

NRK sine litteratur­kritikarar har henta fram krim­klassikarane frå bok­hylla.

Påskebøker

KRIMFAVORITTAR: Alt frå sjarmerande røvarforteljing til moderne ultravold.

Foto: FORLAGENE/COLORBOX

KRIMFAVORITTAR: Alt frå sjarmerande røvarforteljing til moderne ultravold.

Foto: FORLAGENE/COLORBOX

Kriminal­romanen «Bergenstoget plyndret i natt!» blei lansert palme­søndag 1923.

Etter det har nord­menn boltra seg i blod­drypande spenning i bøker, på TV og radio i påske­feriane gjennom hundre år.

Les også Nye bøker som kan gi den perfekte krimpåsken

Bokomslag av 13 nye krimbøker i 2023.

For å feire dette jubileet har nokre av litteratur­kritikarane i NRK henta fram dei absolutte krim­favorittane sine.

Kanskje hamnar nokre av dei på leselista di til påske?

En prikk for å markere ny del av artikkelen.
Jonas Hansen Meyer billedbyline

Moderne krim startar med Sherlock Holmes

Jonas Hansen Meyer, litteraturkritikar

Mesterdetektiven sitt første oppdrag

Portrett av Arthur Conan Doyle i svart-hvitt og bokomslag av "En studie i rødt"

KLASSIKAR: Denne utgåva av klassikaren, som kom i 2015, er på berre 120 sider.

Foto: Bokvennen
  • Bok: «En studie i rødt» av sir Arthur Conan Doyle
  • Omsett av: Nils Nordberg
  • Utgivningsår: 1887/1986

Ein Afghanistan-veteran og ein eksentrisk kjemi­student flyttar inn i 221 Baker Street i London. Ganske snart samarbeider dei om å oppklare eit makabert mord i eit forlate hus.

Dette er den første romanen om den mest kjente detektiven i verds­historia, Sherlock Holmes.

Boka er ein halvdel krim­gåte, ein halvdel røvar­forteljing og svært sjarmerande.

Denne gløymer du aldri

Bokosmlag av "Jernvognen" og portrett av Forfatter og journalist Sven Elvestad (Psevdonym Stein Riverton)

HAR SETT SPOR: Rivertonklubben, som står bak «Rivertonprisen – den gylne revolver» til årets beste norske kriminalroman, er oppkalla etter forfattaren.

Foto: Vigmostad&Bjørke/NTB/Scanpix
  • Bok: «Jern­vognen» av Stein Riverton (pseudonym for Sven Elvestad)
  • Utgivningsår: 1909

Journalisten Sven Elvestad var uhyre produktiv og skreiv nærare 100 romanar. Ei handfull av dei har verkeleg høg kvalitet. Av dei er nok «Jern­vognen» den beste.

Romanen fortel om eit mord ved ein bade­stad i Noreg tidleg på 1900-talet. Mykje krim­litteratur gløymer ein raskt, og etter to eller tre år kan du difor lese bøkene på nytt. «Jernvognen» derimot gløymer du aldri.

Trass det vil du sannsynlegvis lese ho igjen.

Ville vendingar

Portrett av Harlan Coben og bokomslag av «Ikke et ord»

TV-AKTUELL: Fleire av Harlan Coben sine bøker har blitt TV-seriar.

Foto: Claudio Marinesco / Cappelen Damm
  • Bok: «Ikke et ord» av Harlan Coben
  • Omsett av: Sissel Herborg Busk
  • Utgivningsår: 2003

Ein dag får David Beck ein e-post frå det som ser ut til å vere kona. Men ho blei drepen for åtte år sidan.

Det spelar ikkje så stor rolle kva bok av Coben du les, dei er alle spennande. I det tilsynelatande idylliske forstads­livet Coben skildrar, kan dei du stolar mest på vere dei som svik deg. Avslutningane i bøkene held som regel ikkje like høg standard, men eg tilgjev Coben!

Dei ville vendingane i handlinga er så morosame å vere med på, at det framleis er verdt det.

En prikk for å markere ny del av artikkelen.
Leif Ekle billedbyline

Handlingane i «Kain» ville ha vore kriminelle om dei ikkje var gjort eller satt i scene av Vårherre sjølv!

Leif Ekle, litteraturkritikar

Morosamt om kriminelle forhold

Portrett av José Saramago og bokomslaget av boken "Kain"

NOKO ANNA: Gje denne ei sjanse om du er trøytt av politiromanar og whodunnits.

Foto: Torunn Nilsen / Cappelen Damm
  • Bok: «Kain» av José Saramago
  • Omsett av: Kjell Risvik
  • Utgivningsår: 2011

Kain er son til Adam og Eva og broder­mordaren i Det gamle testamentet. Etter drapet på broren Abel må han vandre rastlaust omkring. Samstundes som han utan vidare kan flytte seg mellom ulike notider.

Slik blir han vitne til ei rekkje av dei mange forferdelege og makabre hendingane i gamle­testamentet. Utslettinga av Sodoma er eitt døme, Abrahams nestenmord på sonen Isak eit anna. (Hadde det ikkje vore for Kain, hadde Isak døydd den dagen på fjellet).

«Kain» er altså inga kriminal­bok i vanleg forstand. Derimot ein burlesk, ofte direkte morosam roman om svært kriminelle forhold og hendingar.

Ei noir-hylling

Portrett av Dan Turèll og bokomslag av "Mord i mørket"

MYKJE GODT: Dette er den første av heile 12 bøker i serien.

Foto: Peder Bundgaard / Dan Turèll Samlingen/Borgen
  • Bok: «Mord i mørket» av Dan Turèll
  • Omsett av: Aase F. Jensen
  • Utgivningsår: 1981

Dan Turèlls Mord-serie handlar om ein namnlaus frilans­journalist i avisen Bladet og inspektør Ehlers, ven og uven, på Halmtorvet politi­stasjon.

Serien opnar med nettopp «Mord i mørket». I ei såkalla slum­kaserne på Vesterbro i København blir ein eldre mann, ein pensjonist, funnen drepen. Dagen etter skjer det igjen i det same huset. Den namn­lause må ut og gå (han går mykje).

Boka er ei lang hylling til alt noir. Som forlaget skriv på mi pocket­utgåve: «Midnat, mord og morfin – en ægte Turèll-thriller».

Sjarmerande manipulator

Matt Damon har rollen som "Den talentfulle Mr. Ripley"

MELLOM PERMAR: Boka er òg blitt til film med Matt Damon i hovedrollen.

Foto: Mirage Enterprises/Miramax/Paramount/Timnick Films / NRK
  • Bok: «Den talentfulle Mr. Ripley» av Patricia Highsmith
  • Omsett av: Colbjørn Helander
  • Utgivningsår: 1955

«Den talent­fulle Mr. Ripley» kom på norsk i 1960. Eg las utgåva i Den svarte serie seint på 60-talet. Eg var ten­åring, men har aldri gløymt den fråstøytte fascinasjonen for denne sjarmerande manipulatoren, kjølig psykopatisk, udiskutabelt farleg.

I starten av forteljinga blir Ripley opp­søkt av ein grunn­rik Herbert Greenleaf. Han ber Ripley dra til Italia og få sonen til å komme heim til USA. Uskyldig nok, kanskje, men dramaet i trekant som følgjer, blir krevande for fleire enn Tom Ripley.

Boka er den første i ein serie på fem, og lat ikkje filmatisering halde deg borte frå originalen til Highsmith.

En prikk for å markere ny del av artikkelen.
Marta Norheim billedbyline

C.J. Sansom har skrive krim for dei som ikkje er spesielt glade i krim, men som gjerne les gode og spennande historier

Marta Norheim, litteraturkritikar

Ny vinkel på tudor­tida

C.J. SANSOM og bokomslag av "OPPLØSNING"

INGEN SUPERHELT: Han blir ofte redd, sjølv om han i eit par svært akutte situasjonar viser seg snarrådig på eit nivå som tangerer James Bond.

Foto: Forlaget Press
  • Bok: «Oppløsning» av C.J. Sansom
  • Omsett av: Knut Johansen
  • Utgivningsår: 2008

Året er 1537, og Henrik 8. vil løyse opp kloster­vesenet i England. I klosteret ved Scarnsea blir ein av kongens menn funnen med «en glipe mellom hodet og skuldrene».

Shardlake blir sett på saka, som er temmeleg komplisert: Alle munkane mislikar å bli kasta ut av livet slik dei kjenner det, og talet på potensielle mordarar er tilsvarande høgt.

Shardlake oppklarer saka og klarer brasane i denne og seks bøker til, trass i frykt, pukkelrygg og aversjon mot blod.

Anti­helten viser oss tudor­tida frå ei ny vinkel. Utruleg nok.

Les anmeldelse av boka her.

Supersmart politi

Bokomslag "Vinterdronningen" og portrett av forfatteren Boris Akunin

AMBISIØS OG INTELLIGENT: Fantorien får sin store sjanse til å vise kva han duger til når den unge adelsmannen Kokorin tar livet av seg.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Aschehoug/AP/NTB
  • Bok: «Vinter­dronningen. Fandorins første sak» av Boris Akunin
  • Omsett av: Isak Rogde
  • Utgivningsår: 2002

Erast Fandorin er eit fenomen: Supersmart kriminal­politi som greier å manøvrere seg ut av dei mest usannsynlege livs­farlege situasjonar. Kultivert, lærd, og sjølvsagt elegant.

«Vinterdronningen» er første bok i Fandorin-serien, forfatta av B. Akunin alias Grigori Chalcovitch Tchkhartichvili, japansk­kunnig russisk forfattar med røter i Georgia.

I denne første romanen tek B.Akunin oss til Moskva 1876. Saka inkluderer foreldre­lause barn, adels­damer og pengar. Store pengar.

Etter kvart i serien får han ein vaske­ekte japansk ninja til kompanjong, noko som gjer eventyra endå meir fantastiske.

Les anmeldelse av boka her.

Historisk krim­roman

Bokomslag "Vredens dag" og portrett av Kurt Aust.

DANSK-NORSK: Kurt Aust er fødd og oppvaksen i Danmark, men har bodd i bodd i Noreg sidan 1982.

Foto: Helle K. Hagen AS / Aschehoug
  • Bok: «Vredens dag» av Kurt Aust
  • Utgivningsår: 1999

Den første av åtte romanar om Petter Hortten, ein kvikk norsk gards­arbeidar, og Thomas av Bouberge, dansk professor. Ikkje før har dei snubla inn på eit landsens verts­hus, før det skjer eit mord der. Mordaren vere på vertshuset.

Det nærmar seg nyttårs­aftan 1699. Dommedags­profetar trur det blir, ja, domme­dag. Bouberge går i oppklarings­modus, Petter heng med, og Kurt Aust teiknar eit fyldig og fascinerande bak­teppe av sed og skikk, tru og overtru.

Det er ei god arbeids­deling. Slik skal ein historisk kriminal­roman vere.

En prikk for å markere ny del av artikkelen.
Ola Hegdal billedbyline

Alle bøkene av sør-afrikanaren Deon Meyer er gode. Nokre av dei er ypparlege

Ola Hegdal, litteraturkritikar

Sør­afrikanske skugge­sider

Portrett av Deon Meyer og bokomslag av "Hvit skygge"

PRODUKTIV: Deon Meyer har skrive mange bøker frå Sør-Afrika.

Foto: Philippe Matsas/OPALE / Tiden forlag
  • Bok: «Hvit skygge» av Deon Meyer
  • Omsett av: Eve-Marie Lund
  • Utgivningsår: 2010

Ei av dei beste bøkene til Deon Meyer er «Hvit skygge», om den profesjonelle livvakta Lemmer. Han får eit oppdrag som skal setje den kjølige profesjonaliteten hans i fare, når kvinna han skal beskytte likevel blir skadd. Likevel er det noko med det ho fortel han som Lemmer ikkje får til å stemme.

Lemmer legg ut på ei jakt på dei ansvarlege, som han må vedgå har blitt svært personleg. Jakta skal føre han i nær­kontakt med korrupsjon, øko­terrorisme og andre skuggesider av det sørafrikanske post-apartheid-samfunnet.

«Hvit skygge» er ein rein makt­demonstrasjon i effektiv skrive­kunst.

Den gode psykopaten

Portrett av Lee Child og bokomslag av "Syndebukk"

SOLID BUNKE: Det har kome ut 26 bøker om Jack Reacher.

Foto: Sigrid Estrada / Cappelen Damm
  • Bok: «Syndebukk» av Lee Child
  • Omsett av: Truls Danielsen
  • Utgivningsår: 2013

– Jack Reacher er ein eks­soldat som vandrar USA på kryss og tvers, ein moderne miks av cowboy og shaolin-munk. Han kjem til byen, hamnar i trøbbel, bankar opp slemmingar og reiser vidare.

Reacher er ein ikonisk moderne helte­figur, ein slags mannleg fantasi om den gode psykopaten som kan ordne opp i all verdas urett, utan skruplar og PTSD.

Ja, det finst både filmar og TV-seriar om mannen. Men eg meiner framleis det er noko eige med den opplevinga ein får av å lese den kjølige og uhyggeleg effektive prosaen til Lee Child.

Visse typer ultra­vold er best på papir.

Infernalsk og handy

Bokomslag av "Knokkelbyen" og portrett av Michael Connelly

BEST SOM BOK: Bosch er òg beæra med ein TV-serie, som slett ikkje er verst. Men bøkene er mykje betre, meiner Ola Hegdal.

Foto: Gyldendal
  • Bok: «Knokkelbyen» av Michael Connelly
  • Omsett av: Peter Lorentzen
  • Utgivningsår: 2003

Harry Bosch. Smak på namnet. Som ein hybrid mellom tysk powertool og nederlandsk helvetes­målar. Michael Connelly har teikna ned krønika om Harry Bosch. Mannen som har tatt på seg jobben med å få ting på rett kjøl i Los Angeles.

Dei to første i serien om Bosch har av ein eller annen grunn ikkje kome ut på norsk, og mange av dei andre er i dag utselde frå forlaget. Her er antikvariat og bilbliotek løysinga. Og naturlegvis er dei å få tak i på engelsk, og som lyd­bøker.

«Knokkel­byen» er ein av mange grunnar til at Connelly har blitt kåra til verdas beste krim­forfatter.

En prikk for å markere ny del av artikkelen.

NRK har laga høyrespel av den første historia om Sherlock Holmes:

Militærlegen dr. Watson kommer såret og syk hjem fra krigen, og ser seg om etter et sted å bo. Et tilfeldig møte får større konsekvenser enn Watson kunne drømme om. I rollene medvirker blant andre: Erik Hivju (dr. Watson), Kai Remlov (Sherlock Holmes), Roy Bjørnstad (Gregson), Odd Furøy (Lestrade) og Jon Eivind Gullord (Stamford).

HØYR: Radioteatret har laga høyrespel av «En studie i rødt» av sir Arthur Conan Doyle – Sherlock Holmes sitt første oppdrag. Militærlegen dr. Watson kjem såra og sjuk heim frå krigen, og ser seg om etter ein stad å bu. Eit tilfeldig møte får større følgjer enn Watson kunne drøyme om.

Les også:

Les også «Hører med i et komplett hyttebibliotek»

Bokomslaget til originalutgivelsen av Bergenstoget plyndret i natt

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB