Hopp til innhold
Anmeldelse

Året som fekk England til å skake i grunnvollane

Det ville vere feil å seie at historia gjentek seg, men opprør mot eliten er inga ny oppfinning.

C.J. Sansom og bokomslag "Opprør"

HISTORISK KRIM: Dei kloke har lite makt og dei mektige har lite klokskap i den nyaste romanen til C.J. Sansom. Men helten hans, Shardlake, har ganske mykje av begge deler og balanserer på ein knivsegg gjennom blodige opprør i Tudor-tidas England.

Foto: Forlaget Press
Bok

Opprør

C.J. Sansom

Krim

2020

Press

Og slett ikkje i England, om vi skal tru forfattaren C.J. Sansom, og det skal vi nok.

Han er no ute med ny roman frå Tudor-epoken, og få kjenner tida til Henrik VIII og Elizabeth I betre enn denne juristen og historikaren som har gjort historisk krim til levebrød.

For sjuande gong sender han den idealistiske, men likevel pragmatiske London-sakføraren Mattew Shardlake ut for å løyse kompliserte og delikate saker.

Denne gongen er det ein landeigar som må bergast frå galgen, etter at han er skulda for eit særs grovt mord på ekskona si. Snart skal han, altså Shardlake, få større problem i fanget.

I 1549 er Henrik VIII død, dottera Elizabeth fyller 16 år. Veslebroren Edward VI sit på trona, mens hertugen av Somerset styrer riket på ein særs uklok måte.

Kontroversielle sauer

Stridens kjerne er ein sau. Eller rettare: mange sauer. Det er gode pengar å tene på ull, og landeigarane kjem på å gjerde inn allmenningane og bruke dei til sauebeite. Ut med kua til landsbybonden. Ulovleg? Ja visst, men kongens lokale menn let det passere, mot betaling.

Klager fører ingen veg, folket samlar seg til opprør i enorme leirar for å setje makt bak krava. Vår London-sakførar hamnar i ein leir i Norfolk. Der kastar dei slike som han i fangeholet, men Shardlake bergar skinnet fordi han er jurist. Men: maktpersonane frå Somerset og nedover let jus vere jus når makta blir utfordra.

Kamp med alle midlar

Det er ikkje heilt feil å seie at Shardlake snur sakførarkappa si etter vinden opptil fleire gonger i denne romanen. På same tid blir både han og lesaren slått av kor hjelpelause menneske er når alt blir bestemt i råd der dei ikkje er representert, og når ingen talar deira sak.

I den gigantiske leiren ser vi korleis fattigfolk blir til brutale bøller, eller til frie, ansvarlege menneske. Mest det siste. Og vi ser korleis rike menneske blir sjølvmedlidande kryp når dei må stå til rette for ugjerningane sine. Med få unntak. Men kor lenge kan denne omsnudde verda vare?

Eit enormt lerret som ikkje er for stort

Konekarusellen til Henrik VIII og intrigane ved hoffet hjå Elizabeth I er grundig gjennomlyst i talrike film og TV-seriar. I «Opprør» bruker Sansom mindre kjende, men minst like dramatiske hendingar frå tida mellom desse to regentane. Den såkalla «Kett’s rebellion» er kjernen i romanen, som både fungerer som historietime, krimroman med forviklingar og refleksjon over rettferd og rettsinn.

Midtvegs i den 750 sider lange boka spurte eg meg sjølv om det vart for langt, for omstendeleg og med for mange sidespor. Svaret blei «nei». Historia treng rom for å få fram utviklinga som skjer i og rundt personane. Sansom er ein av få forfattarar som kan fylle eit så stort rom.