Det er ikkje kvar dag vi får ein splitter ny krim frå Morgenbladet, sjølve høgborga til finkulturen i Noreg.
Så det er ikkje utan visse forventningar eg opnar denne boka, frå sjefredaktøren sjølv.
Får vi semikolon? Prangande kulturell kapital og hyppige referansar til Wittgenstein og Bourdieu? Ikkje i det heile.
I staden verkar det som Sun Heidi Sæbø kan ha henta inspirasjon til denne spretne journalistkrimmen frå ei anna avis ho har jobba i.
Som, til dømes, Dagbladet.
Bimboen som forsvann
«Kidnappingen» startar, som rimeleg er, med ei kidnapping.
Ei ung, hot påverkar-dame blir brutalt bortført frå vestkantheimen til foreldra sine. Kidnapparane etterlet seg eit ultimatum og ein tidsfrist: 10 millionar innan 14 dagar.
Elles er Alexandra Engh-Poulsson historie!
Denne tidsfristen skapar, i motsetnad til det vanlege mordmysteriet, ei nedteljing og ei akutt kjensle av hast i etterforskinga.
Bokstaveleg tala er dette ein deadline som både politi og presse gjer sitt beste for å slå.
I «Nyhetsbladet» gir denne tragedien ein journalist ein ny sjanse.
Julie Lunde har altfor lenge vore ute i kulda etter ein uheldig episode som gjorde at ho fekk klistra på seg den lite flatterande diagnosen «sex-avhengig».
Jakta på dei mystiske kidnapparane gir henne endeleg sjansen til å komme attende til krimgjengen i avisa.
Dag for dag vekslar historia mellom journalistane og deira leiting etter spor, den depraverte rikmannsfamilien til Alexandra og dei svenske skurkane som har henne i si makt.
Og jakta blir naturlegvis meir og meir intens, dess nærare vi kjem til den dødelege fristen.
KRIMDEBUT: Sun Heidi Sæbø (f. 1980) er sjefredaktør i Morgenbladet og debuterte i 2015 med sakprosautgivelsen «Kims lek». «Kidnappingen» er den første skjønnlitterære utgivelsen hennar.
Foto: Johanna Siring / Cappelen DammPressekrim
Sun Heidi Sæbø skriv seg her inn i ein godt etablert moderne krimsjanger ein kan kalle pressekrimmen.
Typisk er det ein journalist som skriv om eit miljø hen kjenner godt, nemleg avisredaksjonen. Med ein (som regel) kvinneleg journalist i hovudrolla som etterforskar, ein moderne variant av dei hardkokte mannlege privatdetektivane frå gamle dagar.
Tenk for eksempel på heltinna til Randi Fuglehaug, Agnes Tveit, ein bladfyk som også har eit noko rufsete seksualliv som akilleshæl.
Pressekrimmen kan slik vere eit ypparleg utgangspunkt for både samfunnskritikk og mediekritikk.
Her sit iallfall skildringa av miljøet i redaksjonen som eit skot.
Sæbø gir oss ei både kjærleg og satirisk framstilling av det indre livet i tabloidpressa, med ein redaksjon full av lett karikerte typar som framleis er til å tru på.
Den mest brutale karikaturen er den av nyheitssjefen Liv. Som av forståelege grunnar går under kallenamnet «Livredd». Fordi ho er konstant engsteleg og ute av stand til å taka vanskelege avgjerder.
Her smør Sæbø tjukt på, i et smått vondskapsfullt og ganske så fornøyeleg portrett av ein virrete mellomleiar i ei middels avis.
Kvardagen i Nyhetsbladet er elles prega av ein desperat jakt på klikk og scoop og marknadsdelar, noko som heller ikkje er så frykteleg langt unna røynda.
Skråblikk på media
«Kidnappingen» er skriven i ein høveleg kynisk og satirisk tone, med akkurat så mykje humor og mikrodosert empati at ein ikkje får direkte dårleg samvit av å knegge gjenkjennande.
Sæbø legg heller ikkje fingrane imellom når det gjeld rikmannsfamilien Engh-Poulsson i all sin grådige arroganse.
Den kompliserte intrigen blir spekka med så mange ting i tida at den får eit nesten overtydeleg preg av å gå føre seg akkurat her og no.
Her finn vi svenske gjengkriminelle, trusselen frå Kina, og vestkantbimboar som roper etter merksemd på some, og får det. Akkurat slikt stoff som dei ekte avisene er fulle av.
Ein kan til og med sjå på heile kidnappinga som eit slags ekko av Lørenskog-saka.
Ingen lekkasje
Julie Lunde og hennar kumpanar må etterforske vidt. Spora går både til Stockholm, New York og Beijing.
Kriminaliteten i våre dagar er som kjend internasjonal, og det held ikkje lenger å marsjere inn på ein luguber bar og skvise opplysningar ut av den lokale tystaren. Her trengst det både chatting, googling og telefonering.
Held så intrigen vatn? Ja, det vil eg seie.
Rett nok finst det svake punkt. Som til dømes: ein moderne gjengkriminell utan smarttelefon?
Men slikt får gå på kontoen til den diktariske fridomen. Det heile er så godt og kvikt skrive at ein glatt overser enkelte mindre skavankar.
Lyden av oppfølgjar
Her finst det både ymting og frampeik, og mange lause trådar, meir enn nok til å starte opp ein heil ny vev.
I siste kapittel kan ein faktisk, om ein lyttar godt etter, nesten høyre det i bakgrunnen: tastinga av bok nummer to i serien.
Det er ein godlyd, vil eg seie, for både forfattar og forlag.
Og for lesaren, som nok gjerne vil ha ein ny dose med Julie Lunde og hennar eventyr i den moderne mediebransjen.
Hei!
Eg heiter Ola Hegdal, og les og melder bøker for NRK – gjerne krim- og spenningslitteratur, eller sakprosa. Her kan du lese meldinga mi av «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte, «Papirdukkene» av Eva Fretheim eller «En perfekt mor» av Alex Dahl.