I 50 år fyrte vi laus i havet – utan reglar som tar omsyn til sjøpattedyra

I leitinga etter olje har det blitt skote seismikk meir enn 164 millionar gongar i farvatna våre, viser tal NRK har samla inn.

FFIs forskningsfartøy HU Sverdrup II på Jan Mayen for å forske på nebbkval og lyd i 2013.

SÅRBAR: Nebbkvalen dykkar djupt, lever langt til havs og er veldig følsam for støy. Dette er ein av artane som det har vist seg kan utvikle dykkarsjuke.

Foto: Erik Grønningsæter

Når ein leitar etter olje skyt ein med luftkanon mot botnen, sender lydbølgjer gjennom havet. Det er seismikk.

Skota skremmer og skadar dyreliv i havet, men omfanget av dette er framleis ukjent, påpeikar forskar Petter H. Kvadsheim.

– Heile verda snakkar om kva effektar seismikk har på sjøpattedyr, vi snakkar berre om fisk, seier Kvadsheim.

Han er sjefsforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) og leia arbeidet med kunnskapsrapporten om forureining med støy i havet.

Seismikk skjer også der tettleiken av sjøpattedyra er størst.

Og skota rekk langt:

Dette er eitt seismikk-skot i Barentshavet. Det påverkar ALLE sjøpattedyr innanfor 500 meter.
Lyden strekkjer seg til Svalbard og Vesterålen. Her kan kvart fjerde dyr høyre skotet.
Ein bardekval utanfor Grønland eller Trøndelag vil også høyre skotet.
Skota kjem ustanseleg. Dei siste 50 åra har det i Noreg vore rundt 3000 tokt og blitt skote meir enn 164 millionar gonger ned i havet.

Lyd er den viktigaste reiskapen for dyra i havet, for å kunne prate, orientere seg, finne mat, partnar og å rømme frå fiendar.

Likevel:

Inntil for berre eit par år sidan blei det ikkje tatt noko omsyn til sjøpattedyra i reguleringa av seismikken, ifølgje kunnskapsrapporten frå 2020.

Då kom det krav om såkalla «soft start». Det vil i praksis seie å fyre av varselskot med lågare lydnivå, før ein deretter trappa opp med fleire salvar med seismikk.

Då får dyra ein sjanse til å stikke av – før dei blir råka og risikerer skade.

– Det er første gong det er tatt omsyn til sjøpattedyr i regulering av seismikk i Noreg, påpeikar Petter H. Kvadsheim.

TEST: Slik ser eit seismikk-skot ut. Her frå testen til FFI og HI.

Ødegaard/Kvadsheim / FFI

– Opptatt av å vise omsyn

Norsk olje og gass avviser at bransjen ikkje har tatt omsyn til sjøpattedyra.

– Seismikkbransjen er opptatt av å ta omsyn og sameksistens. Difor har ein praktisert såkalla «soft start» under innsamling av seismikk, også før dette vart pålagt, skriv Turid Øygard, fagsjef for areal og leiting, i ein e-post til NRK.

I 2019 var det er 50 år siden oljefunnet ble påvist av det amerikanske oljeselskapet Phillips Petroleum Company.

OLJELEITING: Vi skyt seismikk for å finne plassar vi kan bore etter olje.

Foto: Carina Johansen / NTB

Norsk olje og gass har inga samla oversikt eller statistikk som viser omfanget av «soft start», det som i praksis vil seie varselskot. Dei viser til selskapet PGS.

– PGS har utført soft starts ved seismikk-innsamling i Noreg sidan starten av 2000-talet, seier Gunhild Myhre, VP business development i selskapet.

Inga forsking

Forskar Petter H. Kvadsheim seier Noreg heller ikkje har forska på kva skade eller påverknad seismikken har på sjøpattedyra.

– Inntil nyleg brydde vi oss heller ikkje om internasjonal forsking på feltet.

FFI-sjefsforskar Petter Kvadsheim

FORSKAR PÅ SEISMIKK-STØY: FFI-sjefsforskar Petter Kvadsheim på forskingstokt.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

– Kva tenkjer du om dette: Omfanget av seismikken, mangel på regulering og forsking?

– Noreg er ein oljenasjon og kvalfangarnasjon med sterke og gode tradisjonar for å forvalte verdas største sjøpattedyrbestandar. Eg synest det er merkeleg at vi i Noreg ikkje har anerkjent dette problemet før.

Forskaren framhevar at oljeleitinga har flytta seg inn i område som er meir sårbare, men høgare tettleik av sjøpattedyr enn Nordsjøen.

– Difor bør ein og vurdere krav om observatørar om bord ved seismikk i Norskehavet og Barentshavet, seier Kvadsheim.

Slike observatørar ser til om pattedyra er i nærleiken. Andre land som skyt seismikk har pålegg om slike observatørar.

Andre land strengare

EU, USA og fleire andre land, mellom desse Brasil og Mexico, har regulert strengare enn Noreg, viser ein ny publikasjon frå Miljødirektoratet:

Ulike lands reguleringer av seismikk med hensyn på sjøpattedyr

Krav / vilkår

Brasil

Mexico

USA

Norge

Operasjon ved dårlig sikt forbudt

-

-

-

-

Operasjon ved dårlig sikt kun med PAM

JA

JA

JA

-

Størrelse av tiltakssone (m eller km)

1 km

X

500

-

Tid for undersøkelse/søk før seismikk-skyting starter (min)

30

-

30

-

Krav til MMO (sjøpattedyrobservatør) (min. antall)

2

X

2

-

Varighet av ramp-up (soft- start) (min)

20-40

-

20-40

-

Krav om shut-down når dyr oppdages

JA

JA

JA

Nei

Krav om shut-down (SD) eller redusert styrke (PD) i snuområdet

SD

PD

PD

Nei

Restriksjoner for sensitive områder og tidsperioder

JA

X

JA

Nei

Sjå heile tabellen med forklarande fotnotar i rapporten frå Miljødirektoratet.

Sjøpattedyra våre har kome i skuggen av konflikten mellom oljeleiting- og fiskeri, meiner forskar Petter H. Kvadsheim.

– Fokuset i Noreg har dreidd om kor vidt fisken blir påverka av seismikk, seier han.

Kvadsheim påpeikar at problemstillinga er rekna for ny hjå oss, sidan Nordsjøen ikkje i like stor grad har sjøpattedyr som nordlege havområde.

Skyting av seismikk

MEIR FORSKING: – Fokuset i Noreg har dreidd om kor vidt fisken blir påverka av seismikk, seier forskar Petter Kvadsheim (blå), her ute på testoppdrag.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Likevel, engelskmennene har hatt krav om seismikk-observatørar i Nordsjøen.

– Så ein kan spørje om kvifor våre vurderingar er annleis enn andre land, meiner Kvadsheim.

Vil ha meir regulering

Riksrevisjonen varsla for eit par år sidan at det ikkje blei tatt nok omsyn til miljø og effektane på sjøpattedyr ved seismikk.

Dei påpeika manglande kunnskap om korleis støy påverkar sjøpattedyr. Undersøkinga frå 2019 sa og at myndigheitene sine råd ikkje omfatta dyra.

Dei anbefalte ei rådgjeving som tar omsyn til sjøpattedyra.

Miljødirektoratet varsla i vinter at dei vil ha strengare regulering av seismikk, med krav om observatørar og stans eller redusert styrke i skytinga av seismikk, om dyra blir sett for nær.

Mistenkjer kvaldød

Trass i at seismikk er meir omfattande, må forskarane lene seg på studiar om effektane av militære sonarar.

– Desse viser at militære sonarar stressar og forstyrrar sjøpattedyra under kvile og måltid, pass av ungar og når dei kommuniserer.

For mange artar vanlege i norske havområde, som knølkval, blåkval, nebbkval, spermkval og spekkhoggar, kan slik forstyrring avbryte beitinga.

– Sjølv om vi ikkje veit dette sikkert, er det ingen grunn til å tru at seismikk vil skremme dyra noko mindre enn sonar, meiner Petter H. Kvadsheim.

For dyrelivet høyrest det ut som torevêr når vi fyrer laus med seismikk i havet. Bardekval pratar over store avstandar ved bruk av lydbølgjer i same frekvensområde som seismikk.

Dei prøver først å overdøyve støyen med å rope høgare, oftare eller på andre frekvensar. Om støyen aukar, gir dei til slutt opp.

Ekspertar mistenkjer at nokre stranda kvalar har blitt redde av høge lydar, skremde til å endre åtferd på ein måte som gjer at dei utviklar dykkarsjuke, strandar og døyr.

Bråket frå oljejakta kjem på toppen av ein straum av støy i havet. Lydforureininga er dobla dei siste tiåra. Mellom anna frå skipsfart.

– Vi veit ikkje nok om korleis summen av støyen påverkar dyra. I tillegg kjem dei kjemiske belastningane. Vi ser ikkje alt i samanheng. Det er vi nøydde til i framtida, poengterer Kvadsheim.

– Eventuelle kvalar kjem lett unna

Oljedirektoratet er klar over den aukande merksemda knytt til sjøpattedyr, skriv kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Rasen i ein e-post. Dei viser til det nye kravet om soft start ved seismikk og skriv:

«I Noreg har vi strenge reglar for korleis selskapa skal ta omsyn til gyting og pågåande fiske. Vi har kome langt i samarbeidet med fiskerisektoren og opplever at det er god dialog mellom aktørane.»

Kommunikasjonsrådgjevaren viser til geolog og fagmiljø i Oljedirektoratet. Dei påpeikar at det er ein stor skilnad på norsk sjøterritorium og mange andre lands sokkelområde:

«Dei er altså ikkje direkte samanliknbare. Norsk seismikkinnsamling føregår i store havområde, utanfor grunnlinja, og på djupt vatn. Eventuelle kvalar kjem lett unna dersom dei er der. Det føregår ikkje gyting og kalving i område der det blir samla inn seismikk,» heiter det mellom anna i e-posten.

«Her er det først og fremst (store) område for beiting kvalane brukar.»

Knølhval bryter overflaten i det de har slurpet i seg en sildestim
Foto: Torgeir Beck Lande / NRK

– Verdas største tettleik av sjøpattedyr

FFI-forskar Petter H. Kvadsheim reagerer slik på dette:

– Eg er ikkje einig i at norske havområde skil seg frå situasjonen i mange andre land kor det blir brukt seismikk. Kanskje bortsett frå at vi i Norskehavet og Barentshavet har verdas største tettleik av sjøpattedyr.

Kvadsheim framhevar at norske havområde er svært viktige beiteområde for mange artar av vandrande kvalar.

– Blir dei forstyrra i beitefasen, noko vi veit kan skje ved mykje støy, får dette store konsekvensar for dei. Vi har og artar som både kalvar og parar seg i norske farvatn.

KJELDER: Tala på seismikk er samla inn og berekna med hjelp frå Oljedirektoratet, berekningane på kor langt skota rekk er gjort i samråd med forskar Petter H. Kvadsheim, Forsvarets forskningsinstitutt.

Hei!

Vi jobbar i NRKs klimaredaksjon og har nettopp skrevet saka Blålys for havet. Har du tips til andre ting vi bør dykke ned i? Ta kontakt!