Hopp til innhold

Sterk motstand mot å endre naturvernet

Klima- og miljøministeren opnar for å endre vernet for Lågendeltaet. «Spiker i kista», «hårreisande» og «urovekkande bagatellisering», er nokon av reaksjonane.

Arild Hermstad

ØNSKER ABSOLUTTE GRENSER: Arild Hermstad meiner det må vere ein nullvisjon for tap av natur innan 2025. – Det betyr at unødvendige prosjekt som raserer natur må skrinleggast. MDG vil også lovfeste fleire absolutte grenser for naturinngrep.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det kom som eit sjokk på både utbyggaren, Nye Veier og Lillehammer kommune da Miljødirektoratet ikkje ville gje dispensasjon for å få ein ny bru over Gudbrandsdalslågen, lengre nord enn der den eksisterande ligg.

Dei som feira Miljødirektoratet sin avgjerd før jul, er sjokkerte i dag.

Vert vernet oppheva så syner det at verneavgjerd ikkje betyr nokon verdas ting i møtet med tunge utbyggingsinteresser, skriv leiar i MDG, Arild Hermstad, i ein e-post til NRK.

Kan endre verneforskrifta

I dag hadde klima- og miljøvernminister Espen Barth-Eide (Ap) og samferdselsminister, Jon-Ivar Nygård (Ap) møte med ordførarar Ingunn Trosholmen (Ap) i Lillehammer og stortingsrepresentant Rune Støstad (Ap)

– Det var eit veldig godt møte, og vi gjekk ut frå det i forvissing om det kan finnast ei løysing innanfor det forslaget som nå ligg på bordet, seier Barth-Eide til NRK.

Rune Støstad, Espen Barth Eide, Ingunn Trosholmen og Jon Ivar Nygård.

GODT MØTE: Klima- og miljøvernminister Espen Barth Eide seier han har hatt et godt møte saman med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, ordførarar Ingunn Trosholmen (Ap) i Lillehammer og stortingsrepresentant Rune Støstad (Ap).

Han presiserer at dei enno ikkje har løysinga klar. Dei vil sjå på den opphavlege planen for motorvegen, men prøve å finne løysingar som vernar naturen betre. Det kan bli aktuelt å sjå på verneforskrifta.

– Det er slik at skal ein gjennom dette området så må ein sjå på verneforskrifta, og det skjer gjennom anten ein dispensasjon eller ei endra forskrift. Dette har vi ikkje landet på. Det skal gjerast ordentleg og grundig, seier Barth-Eide.

Frå nå blir det Klima- og miljødepartementet og samferdselsdepartementet som tar over arbeidet med saka.

– Det er ingen grunn til at vi skal bruke lang tid nå. Men nokre veker må vi ha på oss, seier Barth-Eide.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier til NRK at han trur dei to statsråda vil finne ei god løysing.

– Denne vegen kjem til å bli bygd, men det vil skje på ein måte som vil ta godt omsyn til natur og miljø, seier han.

Sterke reaksjonar

SV meiner at mindre motorvegutbygging er ein del av budsjettavtala frå i fjor.

Lars Haltbrekken er klimapolitisk talsperson i SV. Han seier det var viktig å stoppe planane om motorveg gjennom naturreservatet.

Miljødirektoratet kom med denne avgjerda dagen etter det store klimatoppmøtet i Montreal i Canada.

– Da kan ikkje regjeringas første svar vere å svekke vernet av natur i Noreg, seier han.

Lars Haltbrekken, klimapolitisk talsperson i SV

VIL PRIORITERE NATUREN: Lars Haltbrekken (SV) seier ein bør ha ei innstilling til å ta vare på natur og at det bør vere uaktuelt å svekke verneforskrifta.

Foto: LARS ERIK SKREFSRUD / NRK

SV om ny E6: – Eit kroneksempel på ein miljøfiendtleg motorveg

MDG oppfattar nyheita om at klima- og miljøvernministeren opnar for å endre verneavgjerda i Lågendeltaet som ein spiker i kista for naturvernet i Noreg.

Det skriv Arild Hermstad (MDG) i ein e-post NRK.

– Det er hårreisande at statsråden som skal ha ansvar for å ta vare på naturen brukar så mykje av tida si for å finne måtar å bygge den ned på, fortset han.

Sofie Marhaug er stortingsrepresentant for Rødt.

STILLER SPØRSMÅL: – Lågendeltaet er eit av få våtmarksområde i Noreg, og Miljødirektoratet har vore tydeleg på at motorvegen faktisk ikkje er naudsynt. Når skal naturen vinne, om ikkje i denne saka?, spør Sofie Marhaug (R).

Foto: Ihne Pedersen

Rødt sin stortingsrepresentant, Sofie Marhaug, har no spurd Barth-Eide kva han meiner er feil i Miljødirektoratet sin grunngjeving for å avslå søknaden om disposisjon.

Viss Barth-Eide og regjeringa vil fjerne verneforskrifta for å tvinge gjennom ein ulønnsam motorvegutbygging i Lågendeltaet naturreservat, så er det hårreisande.

Naturvernforbundet skriv i ein pressemelding at spørsmålet om utbygging av Lågendeltaet er ei prinsipiell sak.

Om Barth-Eide holar ut naturvernet nå, rett etter at han sjølv kom heim med ein ny internasjonal naturavtale og forpliktingar om 30 prosent vern, er det ekstremt uheldig, skriv dei.

Leiar i Naturvernforbundet Innlandet, Ole Midthun, seier at ein av de viktigaste grunnene til at dei har sagt nei til ein ny trase er at det vil fragmentere verneområdet i enda større grad.

Midthun seier dei allereie har hatt kontakt med departement for å prøve å få eit møte.

Ole Midthun, Naturvernforbundet i Innlandet.

BEKYMRA FOR KOMPROMISS: – Kompromissar går ofte i favør av utbygging og utvikling, heller enn på naturen sine premissar, seier Ole Midthun i Naturvernforbundet.

Foto: Frode Meskau / NRK

Også Natur og Ungdom reagerer på utspelet frå dagens møte.

Det er umogleg å bygge ein ny veg og samstundes ta vare på naturinteresser, skriv Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård i ein e-post til NRK.

Ho sit i sentralstyret i Natur og Ungdom. Dei meiner det ikkje er tida for å prioritere vegar.

Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom

NETTOPP DIFOR: Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård gir Espen Barth-Eide rett i at det må sjåast på det samla natur-fotavtrykket. – Og derfor kan vi ikkje endre på vernet av Lågendeltaet, skriv Losnegård.

Foto: Isabelle Dorothy Fuglevig Poole

Planane vart stoppa

I april 2022 gav Statsforvaltaren i Innlandet grønt lys for at Nye Veier kunne starte arbeidet med ny E6 forbi Lillehammer – gjennom naturreservatet.

Nye Veier stod klare til å sette spaden i jorda då Miljødirektoratet stoppa planane 19. desember 2022.

Naturreservatet er verna fordi det er eit viktig område for fugl.

Berre regjeringa kan endre vedtaket frå Miljødirektoratet. Enten ved å endre verneforskrifta for Lågendeltaet naturreservat eller med å finne andre løysingar for vegen.

Det er dette klima- og miljøministeren nå vil sjå grundigare på.

Miljødirektoratet seier i dag at dei ikkje har nokon kommentar på signala frå regjeringa.

Vår rolle i denne saka har berre vore å vurdere om det er juridisk grunnlag for dispensasjon frå verneforskrifta, skriv Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Les også Har brukt over éin milliard på planlagd E6: Kan vere forgjeves

Ingunn Trosholmen (Ap). Ordfører Lillehammer

Ordførar i Lillehammer, Ingunn Trosholmen, seier ho er veldig glad for at statsrådane tok imot henne og Støstad. Og at dei lytta til det dei sa: At det er mogleg å bygge ny veg og samtidig ta vare på naturinteressene.

– Eg er frykteleg letta i dag. Nå har vi fått regjeringa til å sjå at det finnast måtar å bygge vegen på som tek vare på natur og samferdsel, seier Trosholmen.

Vil gå i dialog

Espen Bart-Eide seier at dei sjølvsagt nå vi gå i dialog med alle partar som har engasjert seg i saka.

Han seier til NRK at E6 forbi Lillehammer tek opp i seg dilemma som ein kjem til å møte mange gonger i framtida.

– Det er viktig for meg at naturen som heilskap kjem betre ut. Vi må sjå på det samla natur-fotavtrykket vårt. Her kan det vere snakk om kompensasjonstiltak eller tiltak knytt til den gamle vegen og den nye vegen.

Ifølge Barth-Eide kan det vere snakk om smalare veg, lågare fartsgrenser og miljøtiltak langs den eksisterande vegen, som nå blir ein lokalveg.

– Det treng ikkje vere ein firefelts veg med fartsgrense 110 heller.

Frå før er det verna eit område lengre nord i Gudbrandsdalslågen som erstatningsområdet for tapt natur i Lågendeltaet.

Les også Mobiliserte mot E6-nei: – Store konsekvensar for utviklinga i Innlandet

Vegforum Innlandet inviterte tirsdag til pressemøte om E6 Moelv-Otta. Beboere langs dagens trase har laget velforeninger. Her representert ved: Helge Gjerde(Busmoen vel), Henriette Klougart Jevnesveen(Vingnes vel)
og Asle Birkeland(Vingar grendeutvalg).

Flere saker fra Innlandet