Hopp til innhold

Har brukt over éin milliard på planlagd E6: Kan vere forgjeves

Enorme summar er brukt på vegen, men planane vart stoppa av Miljødirektoratet. – Burde ikkje komme som noko sjokk, meiner SV.

Etter kva NRK erfarer har Nye Veier brukt 1,1 milliardar på å planlegge ny veg frå Moelv til Øyer. I dette ligg planarbeid, regulering og erverv av grunn.

Men talet er i praksis mykje høgare. Statens Vegvesen, kommunen og Statsforvaltning har og brukt stora summar på planlegging.

Miljødirektoratet sa nei

Like før jul sa Miljødirektoratet nei til å legge ei ny bru gjennom Lågendeltaet Naturreservat ved Lillehammer.

Dei einaste som kan endre vedtaket er regjeringa. Om dei vil.

Lite tyder på det.

Ingunn Trosholmen (Ap). Ordfører Lillehammer

ÅRELANGT ARBEID: Ordførar Ingunn Trosholmen (Ap) i Lillehammer er fortvila og oppgitt. I meir enn 10 år har byen planlagt ny E6. Millionar er brukt på arbeidstimar, møter og konsulentar. Alt tyder på at prosjektet nå stoppar opp.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Sjølv om ordførar Ingunn Trosholmen (Ap) i Lillehammer set alt inn på å få snudd vedtaket.

Men mange møter med partifellar på Stortinget og regjeringa ser så langt ikkje ut til å nytte.

Ingen alternativ

Stortinget har vedtatt bygginga av ny E6 gjennom Innlandet heilt til Otta. For å få ned ulykkene og sikre gode vilkår for transport og personbilar.

Til nå har Nye Veier fått ferdig 43 kilometer frå like sør for Hamar fram til Moelv. Bygginga nordover skulle starte i år.

Men nå er det stopp.

Det har ligge i planane sidan 2018, at vegen skulle gå i tunnel på vestsida av Lillehammer, for så å krysse Lågen i eit naturvernområde.

Statsforvaltaren i Innlandet sa ja til dispensasjon frå vernet i fjor haust. Men Naturvernforbundet og den lokale aksjonsgruppa Lågendeltas Venner klaga – og dei vart høyrd.

– Her ser vi ikkje ein einaste grunn til å gje dispensasjon, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Ellen Hambro

FULL STOPP: – Naturreservatet er oppretta for å ta vare på sårbar natur, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Hambro peiker på at prosjektet har ei negativ samfunnsinteresse på 5,6 milliardar kroner.

Så det er ingen grunn til å verne av samfunnsmessige årsaker.

Eit sjokk

Vedtaket kom som eit sjokk på Lillehammer kommune og utbyggaren Nye Veier. År med planlegging, prosjektering, møter og synfaringar vart brått fånyttes.

Sidan reguleringsplanen vart vedteke i 2018 har ingen av dei operert med noko alternativ til trasé forbi byen.

– Nå må vi planlegge heilt på nytt, seier utbyggingsdirektør Espen Almlid i Nye Veier.

Planprosessen har pågått i flere år. Men først i begynnelsen av 2022, lenge etter at bru-alternativet var «valgt», sendte Nye Veier sin søknad om dispensasjon.

Seks kommunestyrerepresentanter i Lillehammer ba om lovlighetsvurdering av disse planene allerede i 2018, men ble nedstemt i kommunestyret og fikk ikke medhold hos Statsforvalteren.

Espen Almlid, Utbyggingsdirektør i Nye Veier.

FRYKTAR LANG FORSEINKING: Utbyggingsdirektør Espen Almlid fryktar at heile E6-prosjektet i Innlandet blir sett på vent.

Foto: Nye Veier

Les også: Miljødirektoratet sier nei til ny motorveg i naturreservat

Illustrasjon av ny E6 over Lågendeltaet i Lillehammer
Illustrasjon av ny E6 over Lågendeltaet i Lillehammer

Noreg må verne naturen

Lars Haltbrekken i SV har engasjert seg i vern av Lågendeltaet. Han meiner vedtaket i Miljødirektoratet ikkje burde komme som eit sjokk på nokon.

Lars Haltbrekken og Mona Fagerås vil stanse motorvegprosjektet gjennom Lågendeltaet ved Lillehammer

PÅ SYNFARING: Lars Haltbrekken og Mona Fagerås frå SV var på synfaring i Lågendelta i fjor haust. Haltbrekken meiner samferdselspolitikken er endra nå.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Aller minst på Nye Veier, som han meiner burde avklart dette, før dei brukte så mykje tid og pengar på brua gjennom naturvernområdet.

Haltbrekken legg ikkje skjul på at E6-vedtaket varslar ein endra politikk – som SV har pressa hardt på for.

– Dette er ein siger for naturen. Vi kan aldri meir legge veg gjennom naturvernområde.

Les også: Legg ny E6 gjennom naturreservat

Bremsene på

Espen Almlid i Nye Veier seier dei nå skal vurdere om dei kunne gjort meir for å avklare haldninga til vernestyresmaktene tidlegare.

– Men det hadde vore vanskeleg for oss å søke om noko konkret før vi var ferdig med alle planane før jul.

Rett etter vedtaket sa han at heile prosjektet stod i fare. Nå er han litt på gli. Men - han legg ikkje skjul på at endringane i planar forbi Lillehammer kan bremse bygginga av resten av vegen.

Strekningane nord og sør for byen heng tett saman med det som no er stoppa.

Men korkje Samferdsels- eller Klima- og miljødepartementet vil endre vedtaket. Da må dei endre verneforskrifta.

– Eg minner om at Miljødirektoratet i sine vurderingar seier det ikkje er heimel til å gje dispensasjon slik prosjektet står nå, seier Aleksander Heen (Sp) i Klima og Miljødepartementet.

Han seier ingen ting om å endre verneforskrifta.

Tek Aleksander Øren Heen (Sp) 3. mandatet?

IKKJE ROM FOR Å ENDRE: Statssekretær Aleksander Heen (Sp) i Klima og miljødepartementet ser ikkje at det er mogleg å endre vedtaket frå Miljødirektoratet.

Foto: Britt Jorun Svanes / NRK

Står utan trasé

I Samferdselsdepartementet seier Tom Kalsås (Ap) at han har hatt gode og nyttige møte med ordføraren og Nye Veier. Men at saka framleis er til vurdering, og at dei må bli samde med Klima- og miljødepartementet. Han lover ingen ting.

– Ingen er usamde i at det skal byggast ny veg frå Mjøsbrua og forbi Lillehammer. Stortinget sitt vedtak står fast, seier Kalsås. Og at Nye Veier har ansvar for å bygge ut.

Men han påpeiker at dei ikkje kan starte bygging før dei har fått ein godkjent trase. Og akkurat nå finnast det ikkje.

Tom Kalsås, Ap, Rogaland, stortingskandidat, Halvnært

DET BLIR VEG: Tom Kalsås (Ap), statssekretær i samferdselsdepartementet, seier det skal byggast veg. Men akkurat nå finnast det ingen trasé.

Foto: Ingvald Nordmark

Den som ikkje er i tvil om kva han ville gjort, er Ketil Solvik-Olsen (Frp). Han var samferdselsminister i 5 år, frå 2013 til 2018.

Han er sterkt kritisk til at ein part kan stoppe heile framdrifta i ein vegplan som har komme så langt.

I 2013 fekk han på bordet ein tilsvarande sak i Åkersvika sør for Hamar.

– Usemje mellom Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet gjorde at saka vart liggande uløyst i mange år. Men vi fann ei løysing og det vart ny E6.

Solvik-Olsen meiner det er politisk styring og vilje som må til, byråkratar i eit direktorat kan ikkje bestemme.

Han tviler sterkt på om det blir noko av vegen i det heile tatt med dagens regjering.

– Det er mange i den raud-grøne regjeringa som ikkje ønskjer å satse på vegutbygging.

Ketil Solvik-Olsen, 2.nestleiar i Frp.

KØYR PÅ: Tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), seier regjeringa kan legge vegen gjennom Lågendelta. Om dei vil da!

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Få ned farten

Lars Haltbrekken seier til NRK at SV har argumentert for å få ned farten og dimensjonane på nye, planlagde vegar.

Nå har regjeringa ute på høyring eit forslag til å endre vegnormalane i nye – og eksisterande vegprosjekt.

Fartsgrenser kan bli lågare og vegar smalare enn tidlegare tenkt, fleire stader i landet.

Bengt Fasteraune

VIL STARTE BYGGINGA: Bengt Fasteraune, Sp-representant for Innlandet, ber Nye Veier starte bygginga av vegen frå Mjøsbrua til Lillehammer.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Noko Bengt Fasteraune, Sp-representant for Innlandet på Stortinget, også meiner er bra.

Han synest fleire vegar kan byggast eller utbetrast med tanke 90 km/t i staden for å få 110 km-grense. Til dømes forbi Lillehammer.