Hopp til innhold

Mobiliserte mot E6-nei: – Store konsekvensar for utviklinga i Innlandet

Nye E6 forbi Lillehammer skulle gjere trafikken meir effektiv og sikker. Tysdag mobiliserte politikarar og innbyggjarar mot at utbygginga er stoppa av miljøomsyn.

Vegforum Innlandet inviterte tirsdag til pressemøte om E6 Moelv-Otta. Beboere langs dagens trase har laget velforeninger. Her representert ved: Helge Gjerde(Busmoen vel), Henriette Klougart Jevnesveen(Vingnes vel)
og Asle Birkeland(Vingar grendeutvalg).

LOKALE MØTTE OPP: Tysdag møtte Helge Gjerde (Busmoen vel), Henriette Klougart Jevnesveen (Vingnes vel) og Asle Birkeland (Vingar grendeutval) for å protestere mot vedtaket.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi er redde for at prosessen no stoppar heilt opp, og at vi må leve med dagens E6 i all framtid, med alle dei ulempene det fører med seg for oss bebuarar, seier Asle Birkeland i Vingar Grendeutvalg.

Like før jul sa Miljødirektoratet nei til å leggje ei ny bru gjennom Lågendeltaet Naturreservat ved Lillehammer. Dei einaste som kan endre vedtaket er regjeringa.

– Her ser vi ikkje ein einaste grunn til å gi dispensasjon, har direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet sagt.

Tysdag møtte både NHO, bebuarforeiningar og politikarar opp ved Vingnesbrua for å vise kva dei meiner om vedtaket.

PLANLAGT: Her kan ein sjå kvar brua var planlagt, og kvar dagens bru går gjennom Lillehammer.

Meiner det blir meir trafikkfarleg

Stortinget vedtok bygginga av ny E6 gjennom Innlandet heilt til Otta i 2019. Målet var å få ned talet på ulykker og sikre gode vilkår for transport og personbilar.

Vegforum Innlandet inviterte tirsdag til pressemøte om E6 Moelv-Otta. Møtet fant sted på Vingnesbrua i Lillehammer. Bak synes dagens E6 med dagens bru gjennom Lågendeltaet. Fra venstre: Regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund, Guttorm Tysnes(gul jakke), Odd Eirik Kokkin (Nestleder LO Innlandet) og Jon Kristiansen (Regiondirektør NHO Innlandet), Roger Granum (V) og Truls Gihlemoen (Frp).

FLEIRE MØTTE OPP: Tysdag møtte både NHO, bebuarforeiningar og politikarar ved Vingnes-brua for å vise protesten sin mot vedtaket.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Birkeland seier det vil vere fleire ulemper om ein droppar utbygginga.

Han meiner det vil føre til meir kø, støy, svevestøv og trafikkfarlege situasjonar i nærområdet. Dette på grunn av trafikantar som køyrer lokale omvegar for å komme fortare fram når det blir kø, meiner han.

NHO, som også var til stades, meiner E6-nei vil vere negativt for transportbransjen, mellom anna for transport av fisk.

– Det har store konsekvensar for Innlandet si utvikling om E6 ikkje blir bygd, meiner regionsdirektør Jon Kristiansen i NHO Innlandet.

Vegforum Innlandet inviterte tirsdag til pressemøte om E6 Moelv-Otta. Jon Kristiansen(Regiondirektør NHO Innlandet) og Hans Kristian Enge, gruppeleder Arbeiderpartiet.

REAGERER: Jon Kristiansen, regionsdirektør NHO Innlandet og Hans Kristian Enge, gruppeleiar for Arbeidarpartiet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi vil ikkje ha den løysinga vi har i dag med at E6 går tvers gjennom det mest sårbare delen av Lågendeltaet. Det må regjeringa og miljødirektoratet skjønne, slik at vi får lagt vegen i tunnel og får ein betre gjennomfartsåre her, seier fylkesordførar Even Alexander Hagen (Ap).

– Siger for naturen

Til no har Nye veier fått ferdig 43 kilometer frå like sør for Hamar fram til Moelv. Bygginga nordover skulle starte i år. Men så sa det stopp.

Statsforvaltaren i Innlandet sa ja til dispensasjon frå verna i fjor haust. Men Naturvernforbundet og den lokale aksjonsgruppa Lågendeltaens Venner klaga, og dei vart høyrde.

Lars Haltbrekken i SV har engasjert seg i vern av Lågendeltaet. Han har uttalt at vedtaket i Miljødirektoratet ikkje burde komme som eit sjokk på nokon.

Aller minst på Nye veier, som han meiner burde avklart dette, før dei brukte så mykje tid og pengar på brua gjennom naturvernområdet.

– Dette er ein siger for naturen. Vi kan aldri meir leggje veg gjennom naturvernområde, har han tidlegare sagt.

Miljødirektoratet grunnar avgjerda si slik: Direktoratet har avslått søknaden om dispensasjon frå verneforskrifta fordi vi meiner vilkåra for dispensasjon ikkje er til stades.

Store summar

Nye veier har brukt 1,1 milliardar på å planleggje den nye vegen frå Moelv til Øyer. I dette ligg planarbeid, regulering og erverv til grunn.

Men talet er i praksis mykje høgare. Statens vegvesen, kommunen og Statsforvaltninga har og brukt store summar på planlegging.

Les også Ny naturavtale øydelegg for norske vegprosjekt

nmeTiOBTjZ