Hopp til innhold

Noah (19) nektar å gi opp kampen for Lågendeltaet

Det har snart gått eitt år sidan regjeringa bestemte at nye E6 forbi Lillehammer kan krysse Lågendeltaet naturreservat. Motstandarane gjev likevel ikkje opp.

Denne veka aksjonerte Lågendeltaets venner i Hovemoen, eit skogsområde tett inntil Lågendeltaet naturreservat.

Eit titals demonstrantar stoppa hogstmaskinene som har vore i sving sidan nyttår. Dei har tatt ut ei lang, brei gate av furuskog, heilt ned til Lågendeltaet naturreservat, nok til ein firefelts motorveg.

– Vi aksepterer ikkje at hogsten er starta her. For mykje er uavklart i saka enno, seier Noah Myklebust Christensen.

Noah Myklebust Christensen fra Lågendeltaets venner. 
Aksjonerer i Hovemoen

Noah Myklebust Christensen, med fleire, stoppa hogstmaskinene i Hovemoen like ved Lågendeltaet.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Naturvernarane har fått ny glød, etter at programleiar Bård Tufte Johansen trekte fram Lågendeltaet i NRK-serien Oppsynsmannen.

Med denne gløden gjekk Christensen fremst for å stoppe maskinane. Med seg hadde han aksjonistar frå Lågendeltaets venner.

Mykje brukt område

Det er Nye Veier AS som skal bygge ny E6 frå Biri til Øyer. Blant anna gjennom Hovemoen. Men det er Innlandet fylkeskommune som eig og høgg skogen.

– Dette området er planlagt som veg, og vi har vald å hogge der nå. Det er verdfull skog, som vi nå tek ut og omset på heilt vanleg måte.

Det seier eigedomssjef i Innlandet fylkeskommune, Per Anders Bakke.

Frå før er store delar av Hovemoen brukt til næringsformål. Grustak, reinseanlegg for Lillehammer kommune og handel.

Likevel er det att delar med høg furuskog med skogsstiar, eit mykje brukt trenings- og friluftsområde.

Hovemoen blir hugd

Sidan nyttår år har Innlandet fylkeskommune hogd fleire tusen kubikk tømmer i Hovemoen. Hogstfeltet gjev godt plass til ein firefelts motorveg. – Vi tar ut skog på vanleg måte, seier eigedomssjef Per Anders Bakke i Innlandet fylkeskommune.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Politiet rykka ut

Politiet kom til staden, og dei sørga for at skogsmaskinene stoppa for demonstrantane.

– Vår oppgåve er å gjere dette så trygt som mogleg, slik at ingen blir skadde, seier innsatsleiar Trond Bjørge.

– Det er farleg å gå nær skogsmaskinene. Så her kan ingen gjere noko så lenge det er demonstrantar her.

innsatsleder Trond Bjørge stopper hogstmaskiner i Hovemoen

Innsatsleiar Trond Bjørge bad skogsmaskinene stoppe arbeidet, slik at ingen vart skadde.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Fryktar gass frå skifer

Lågendeltaets venner rettar aksjonen sin både mot Fylkeskommunen og Nye Veier. Dei kjøper ikkje forklaringa om at Nye Veier ikkje har noko med hogsten i Hovemoen å gjere.

– Nye Veier kan ikkje jobbe som om vegen er avklart. Det er den ikkje, for vi har ei klage liggande i Miljødirektoratet, seier Noah Myklebust Christensen.

Klaga Christensen viser til, handlar om giftig gass frå skifer.

Store delar av ny E6 forbi Lillehammer skal gå i tunnel på Vestsida. Frå tunnelen kjem det veldig mykje masse, tenkt til å bygge vegen vidare sørover mot Biri.

Naturvernarane meiner å ha prov at skiferen inneheld syre, som kan skilje ut farleg gass og dei har klaga.

Statsforvaltaren i Innlandet avviste klaga, men naturvernarane tok den vidare til Miljødirektoratet seint i fjor haust. Der får NRK til svar at dei framleis undersøker saka og ikkje veit når svaret er klart.

NRK forklarer

Dette er saka

Dette er saka

Regjeringa vedtok ny E6 i natur­reservat

I fjor vedtok regjeringa at ny E6 forbi Lillehammer kunne krysse Gudbrandsdalslågen gjennom Lågendeltaet naturreservat.


Dette skjedde etter at Miljødirektoratet først hadde sagt nei.


Eksisterande E6 ligg også i naturreservatet.

Dette er saka

Sterke protestar

Naturvernrørsla og fleire politiske parti har protestert kraftig mot avgjerda til regjeringa.


Både før og etter.


Dei meiner det blir heilt feil å legge ein 4-felts motorveg gjennom eit naturreservat.

Dette er saka

Viktig verne­område

Lågendeltaet ligg der Lågen renn ut i Mjøsa ved Lillehammer.


Det er eit våtmarksområde med eit spesielt rikt dyre- og planteliv.


På våren stoppar tusenvis av trekkfuglar på sandbankane her for å raste på den lange vegen mot nord.


Naturreservatet vart oppretta i 1990.

Dette er saka

Nye Veier skal bygge

Det er Nye Veier AS som skal bygge ny E6 heilt frå Mjøsbrua ved Biri og til Øyer.


Arbeidet med vegen frå Lillehammer til Øyer er i gang.


Men strekninga frå Lågendeltaet til Biri er utsett.

Dette er saka

Klage i Miljø­direktoratet

Årsaka til utsettinga nå er ei ny klage som Miljødirektoratet skal behandle.


Naturvernorganisasjonane fryktar at skiferen inne i tunnelen forbi Lillehammer kan innehalde syre.


Syre kan gje farlege gassar.


Nye Veier seier dei venter på avgjerda før dei går vidare med vegen.

Dette er saka

Anleggs­bransjen ønskjer ny veg.

Naturvernarane håper at vegen skal stoppast.


Næringslivet og anleggsbransjen i Innlandet er på si side veldig misnøgde med at arbeidet går for sakte.


Dei vil ha jobben med å bygge den nye vegen.

Nye veier ventar på avgjerda

Eigedomssjef Per Anders Bakke i Innlandet fylkeskommune seier at klaga ikkje har utsetjande verknad for dei, altså kan hogginga i Hovemoen gå føre seg som planlagt.

Medan Utbyggingsdirektør Espen Almlid i Nye Veier, seier at dei må respektere klaga og vente på svar frå Miljødirektoratet.

– Vårt arbeid mellom Biri og Lillehammer har stoppa opp. Vi kan ikkje gjere noko med tunnelen så lenge klaga ligg i Miljødirektoratet.

Han seier han forstår at aksjonistane gjerne vil få fram bodskapen sin.

Men mykje står på spel. Om dei må køyre bort massen, må prosjektet endrast, seier Espen Almlid.

– Da må vi sjå på korleis vi skal bygge vegen på anna måte. Og kostnadane vil sjølvsagt auke, fordi vi må køyre bort veldig mykje stein.

Espen Almild

Utbyggingsdirektør Espen Almlid i Nye Veier vil vente til Miljødirektoratet har behandla ei ny klage frå naturvernhald.

Foto: Aleksandr Nedbaev / Aleksandr Nedbaev

Les også Foreslår massivt bygge­forbud i naturen

Samarbeider om løysingar

Da regjeringa godkjente å legge ei bru over naturreservatet Lågendeltaet, fekk Nye Veier sterke krav på seg til å gjere naturskadane så små som mogleg.

Både der brua skal gå, men også i området i Lågendeltaet der vegen går i dag. For den eksisterande vegen tek ein mykje større del av

– Nå har vi eit godt samarbeid med Lillehammer kommune om å finne gode løysingar, seier Espen Almlid.

Men Lågendeltaet venner slår seg ikkje til ro.

– Vi gjev ikkje opp å hindre vegbygginga, sjølv om regjeringa har bestemt at den skal byggast, seier Noah Mylkesbust Christensen.

Sjå Oppsynsmannen her:

Bård rydder på havbunnen, klatrer opp i et tårn og drar til et område der noen har brukt mye dynamitt.

Flere saker fra Innlandet