Etter at Tretten bru fall saman 15. august har kvardagen vore utfordrande for innbyggjarar og næringsliv i Tretten. Gudbrandsdalslågen deler lokalsamfunnet i to.
Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune vedtok i dag å jobba vidare med planane om både ei mellombels og ei permanent bru.
Dette skal skje «så fort som mogleg». Men kven som skal ta rekninga er framleis uklart.



RIVING: Slik ser det ut på Tretten over ein månad etter brua kollapsa og delte bygda i to. Rivinga er i gang, og politikarane vil ha ei ny bru til innbyggarane så raskt som mogleg.
– Ikkje vår feil at brua datt ned
Dei som bur på vestsida av Gudbrandsdalslågen no har no ein rundt 22 kilometer lang omkøyringsveg.
Dottera til Ingeborg Frøyse Moe starta på skulen i haust og brua kollapsa første dagen. Ho og Nina Bjørnesset er redd kvar morgon når dei leverer borna på skulebussen, som køyrer på ein smal omkøyringsveg.
DYRT OG TUNGVINT: Mødrene Ingeborg Frøyse Moe og Nina Bjørnesset føler dei er blitt isolerte frå resten av bygda. Bjørnesset seier familien hennar no brukar over 2000 kroner i månaden på drivstoff per bil på grunn av omkøyringsvegen.
Foto: Arne Sørenes / NRKDei som bur på vestsida er blitt meir isolerte frå resten av bygda. Og oppmodinga til dei to mødrene på vestsida var klar før møtet i fylkeskommunen.
– Det er ikkje vår feil at brua datt ned. Så dei må finne pengar, seier Nina Bjørnesset.
– Så får dei krangle om kven som skal ta rekninga etterpå, men vi må ha ei bru. Elles ruinerast heile Tretten som bygd rett og slett, seier Ingeborg Frøyse Moe.
Frøyse Moe er veldig letta over at politikarane i fylket no vil jobbe vidare for å finne løysingar.
– Eg er veldig letta og glad for å endeleg få vite at det skal skje noko. Det er ein tryggleik å vite at dei jobbar så hardt dei kan før vinteren så vi kan sende ungane våre trygt på skulen.
OMKØYRINGSVEG: Dei som bur på vestsida på Tretten må no ta denne vegen for å komme seg til sentrum. Trailerar, skulebussar og personbilar køyrer her. Innbyggarane håpar dei slepp det når vinteren kjem.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK– Vi toler dette dårleg
Ordførar i Øyer kommune, Jon Halvor Midtmageli (Sp) er også glad for vedtaket. Han får spørsmål frå innbyggarane sine kvar dag.
– Vi toler dette veldig dårleg. Det er hovudnerven i sentrum. For kvar dag vi er utan bru jo verre er det eigentleg, seier Midtmageli.
KONSEKVENSAR: Ifølge ordførar, Jon Halvor Midtmageli er det no rundt 20 trailerar om dagen som må køyre på den smale omkøyringsvegen. Han seier også at butikkane på austsida av elva har mista opp mot 50 prosent av omsetninga si etter brukollapsen.
Foto: Arne Sørenes / NRKHan meiner det hastar å få ei mellombels løysing på grunn av at omkøyringsvegen er lang, smal og kronglete.
– Den bør og må vere på plass før vinteren kjem slik trafikken er på vegane i dag. Utolmodigheita er veldig stor.
Forventar hjelp av staten
Oppryddingsarbeid og oppsetting av dei to bruene vil truleg koste om lag 300 millionar til saman, ifølge berekningane til fylkeskommunen.
- 35–50 millionar å rydde opp brurestane som framleis ligg i Lågen.
- 50 millionar til mellombels bru
- 200 millionar til ny permanent bru. Denne prislappen er veldig usikker.
Og rekninga for alt dette vil ikkje fylkesordførar, Even Alexander Hagen stå med åleine.
– Vår forventning er klar. Her må staten vere med å betale elles vil det få dramatiske konsekvensar for andre tiltak på fylkesvegnettet i Innlandet, seier Hagen.
VIKTIG: Fylkesordførar, Even Aleksander Hagen seier det er viktig å få på plass bru også for lokalsamfunnet. Han seier ein både må vareta trafikken og binde saman Tretten aust og vest.
Foto: Arne Sørenes / NRKBrua høyrer til fylkeskommunen og Samferdselsdepartementet har tidlegare sagt at dette må dei betale for sjølv.
Etter møtet i fylkesutvalet i ettermiddag har NRK sendt førespurnad til Samferdselsdepartementet med spørsmål om det no er aktuelt å bidra. Vi har ikkje lukkast å få svar enno.
Fylkeskommunen har hatt møter med departementet om denne finansieringa. Og måndag 26. september har dei eit nytt møte for å diskutere dette.
Hagen vil ikkje gi seg på at dei treng hjelp av staten. Han forventar at det kjem budsjettpengar til dette i 2023.
– Det er både ein historikk som seier at staten har eigarskap og det er ein ekstraordinær situasjon, seier han.
Vil komme i gang raskt
Fylkeskommunedirektør i Innlandet, Tron Bamrud la i dag fram forslaget til framdrifta i denne saka. Han er glad for å ha politikarane i fylket i ryggen.
Han håpar at løysingane kan komme på plass raskt. Helst før jul.
– Men vi tør ikkje love noko for det er så mange faktorar. Vi må sørge for at vi bygger bruer som er heilt trygg, seier han.
I tillegg til finansieringa av dette manglar dei enno nokre tillatingar for å sete i gang med arbeidet. Mellom anna hos Statsforvaltaren i Innlandet og Vegvesenet.
– Det er eigentleg ikkje «rocket science», men det må gjerast riktig.
STORE KONSEKVENSAR: Tron Bamrud har lagt fram innstillinga til framdrift i saka. Han seier dei må ta omsyn til naturområdet som er verneverdig. Kollapsen av brua på Tretten har ført til enorme konsekvensar både for miljø, økonomi og trafikken.
Foto: Innlandet fylkeskommune