Jakob Høsøien vart berre 20 år.
I over to år har foreldra stilt spørsmål til Forsvaret.
Men dei synest ikkje dei får gode svar.
For tok Forsvaret godt nok vare på den unge soldaten?
Historia om eit sjølvmord
Historia om eit sjølvmord
25. februar 2023 er 20 år gamle Jakob Høsøien frå Tynset ute i skogen ved Linderud i Oslo.
Han er elev, eller kadett som det heiter, ved Krigsskolen same stad.
Han ringer og melder to klassevenninner, og seier at han «vil kjenne på det».
Venninnene veit at Jakob slit psykisk, og fryktar at han skal prøve å ta sitt eige liv.
Dei klarer å roe Jakob ned, og snakke han ut frå skogen.
Han tryglar dei om å ikkje seie noko til leiinga ved skulen.
Men venninnene er redd for at Jakob kan skade seg sjølv.
Derfor seier dei frå til dei ansvarlege ved skulen, fem dagar etter at det skjedde.
Ei veke etter dette igjen, går Jakob ut i skogen endå ein gong.
No ringer han ikkje til nokon.
Kva skjedde eigentleg dei siste vekene Jakob levde?
Jakob sende ofte bilete heim til foreldra mens han var i Forsvaret. Dette fekk mor Sissel Bolstad då han var i Rena leir.
Jakob sende ofte bilete heim til foreldra mens han var i Forsvaret. Dette fekk mor Sissel Bolstad då han var i Rena leir.
Spørsmåla som gneg
– Vi får jo ikkje Jakob tilbake, men...
Torger Høsøien er blank i augo mens han snakkar om det som gneg både han og kona Sissel Bolstad etter tapet av sonen.
– Vi går jo kvar dag og spør oss sjølve: Kva kunne vi gjort?
Og ikkje minst, kva kunne Forsvaret gjort i forkant av dødsfallet?
I to år har foreldra på Tynset venta på eit svar frå Statsforvaltaren som har ført tilsyn med hendinga.
Det har latt vente på seg.
Først den 29. september i år, ei veke etter at NRK stilte spørsmål om saka, avsluttar Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus tilsynet.
I mellomtida har Forsvaret svart ut tilsynet fleire gonger.
Og sjølv konkludert:
Jakob fekk tilstrekkeleg helsehjelp.
Men alle er ikkje samde i den konklusjonen.
Meir om dette seinare.



Jakob Høsøien satsa på skiskyting før han reiste i militæret. Han har fleire medaljar frå junior-NM, mellom anna i 2020 då han tok både sølv og bronse i klassa M18.
Døden om natta
Natta mellom torsdag 9. og fredag 10. mars 2023 vaknar Sissel Bolstad av at det knasar i grusen utanfor huset heime på Tynset.
Ho er aleine. Ektemannen Torger har reist med dottera på skiskyttarrenn i Stryn.
Når det ringer på døra får ho sjokk.
Utanfor står både prest og kriseteam.
Beskjeden er brutal.
Guten deira har prøvd å ta livet sitt.
– Det kom som lyn frå klar himmel. Vi visste ingenting, seier Sissel Bolstad.
Torger Høsøien og Sissel Bolstad er foreldra til Jakob. Innimellom må dei ta ein pause når dei snakkar om tapet av sonen sin.
Foto: Arne Sørenes / NRKTorger Høsøien og Sissel Bolstad er foreldra til Jakob. Innimellom må dei ta ein pause når dei snakkar om tapet av sonen sin.
Foto: Arne Sørenes / NRKFrå kvar sin kant av landet hastar mor, far og søster til sjukehuset i Oslo.
Hjarta til Jakob slår når dei kjem fram, etter at medsoldatar har gitt han førstehjelp.
Men han ligg i koma.
Dagen etter får familien vite at håpet i beste fall er skjørt.
Torger Høsøien slit med å finne ord.
– Vi forstod på legen der at det var veldig små sjansar for at det kunne gå bra.
Og det går ikkje bra.
Jakob får hjelp til å puste, men hjernen er øydelagt.
Ni dagar seinare, den 18. mars, blir respiratoren skrudd av.
Jakob døyr.
Foreldra hadde inntrykk av at Jakob likte seg i Forsvaret
Sinne og sorg
At Jakob sleit psykisk på nyåret 2023 ante foreldra ingen ting om.
Ingen frå Forsvaret kontakta dei om dette.
For Jakob var ein vaksen mann på 20 år, og helsepersonell har ikkje lov til å dele informasjon med pårørande.
Men etter gravferda snakka foreldra med fleire klassekameratar. Dei kunne fortelje at Jakob hadde hatt det vanskeleg i fleire månader.
At han sleit, og truleg var psykisk sjuk.
Og at ein av klassekameratane hadde sagt frå kullsjefen ved Krigsskolen i januar.
Kullsjefen stadfestar dette til NRK.
Han seier at dei då hadde ein samtale der Jakob skal ha snakka om at han mangla motivasjon for studiet.
Kullsjefen fortel at dette ikkje var uvanleg, og at han derfor ikkje vart uroleg.
– Det var fleire kadettar som sleit i det tidsrommet etter ein periode med eit svært tungt akademisk emne, seier han.
Det gjer mor Sissel Bolstad sint.
Sint, og framfor alt lei seg.
– Eg har eit sinne av ei anna verd. Eg vaknar om nettene og bit tenner, for det skal ikkje gå an. Eg tenkjer på det for kvart steg når eg joggar:
– At Jakob kunne ha vore her i dag.
Avmakt, sinne, sorg og sakn. Kjensler som har prega tida til Sissel Bolstad etter at Jakob døydde.
Foto: Arne Sørenes / NRKAvmakt, sinne, sorg og sakn. Kjensler som har prega tida til Sissel Bolstad etter at Jakob døydde.
Foto: Arne Sørenes / NRKKunne Forsvaret gjort meir for Jakob?
Spørsmålet gneg og gneg.
Torger Høsøien utdjupar:
– Det er ingen som har skulda for at Jakob vart deprimert, og for at han tok livet sitt. Men det er nokon som kunne gjort ting annleis i forkant her, når det er så mange ved Krigsskolen som har visst så mykje som dei har gjort.
Torger Høsøien prøver å finne meining i det meiningslause.
Foto: Arne Sørenes / NRKTorger Høsøien prøver å finne meining i det meiningslause.
Foto: Arne Sørenes / NRKAktiv og livsglad
Foreldra fortel om ein aktiv gut i oppveksten.
Ein Jakob som tok fleire medaljar i junior-NM i skiskyting.
Som laga musikk, som var sosial og hadde venner.
Rett nok var han mykje aleine det siste året på vidaregåande, men det var under korona.
Jakob var ikkje den einaste som var litt aleine då, tenkte foreldra.
Jakt, musikk og skiskyting. Tre av mange ting Jakob elska å halde på med.
Dei fortel at Jakob treivst under førstegongstenesta som troppsassistent for fallskjermjegertroppen i Rena leir. Som støttepersonell for ei av Forsvaret sine elitestyrkar, fekk han utfalde seg både fysisk og sosialt.
I tenesteattesten frå Forsvaret står det mellom anna:
At han ville halde fram i Forsvaret og ta utdanning som offiser var derfor naturleg, om enn litt overraskande.
Særleg for mor:
– Eg vart jo litt betenkt, og frykta utanlandsoppdrag i krigssoner og slikt, fortel Sissel Bolstad.
– Men det var jo dette han ville.
Jakob i feltuniform. Biletet er tatt under førstegongstenesta.
Jakob i feltuniform. Biletet er tatt under førstegongstenesta.
Kven viste kva?
Kva visste eigentleg leiinga ved Krigsskolen om Jakob sin situasjon den siste tida han levde?
Og når fekk dei vite om det?
Det følgjande byggjer på augevitneskildringar, Krigsskolen sin eigen gjennomgang av hendinga, samt helsejournalen til Jakob.
I midten av januar 2023 får leiinga ved skolen vite at Jakob ikkje har det så bra.
Det er ei klassevenninne av Jakob som seier ifrå til kullsjefen.
Men akkurat når dette skjer er uklart.
Klassevenninna seier til NRK at Jakob opna seg om at han sleit med å knytte seg til andre alt i slutten av november året før.
Men Jakob var sosial, og var med på alt som skjedde. Ifølge venninna var det ingen i klassegjengen som tenkte at akkurat han følte seg utanfor.
Likevel fortalde Jakob venninna at han kjende på utanforskap. Og at han hadde gjort det lenge, heilt sidan tida på vidaregåande heime på Tynset.
Laurdag 11. februar får kullsjefen ein telefon seint på kvelden.
Ein kadett har sett ei melding Jakob har sendt klassevenninna:
Dette er ei melding i ein lang meldingstråd mellom Jakob og venninna.
Dei fryktar at Jakob tenkjer på å ta sitt eige liv.
Kullsjefen ringer Jakob, som er saman med venner.
Han seier at han har det bra, men:



Jakob på rommet.
privatMåndag 13. februar blir ein psykologspesialist knytt til Forsvarets sanitet kontakta.
Psykologen får beskjed om at det gjeld ein «Kadett med forverra mental tilstand med aukande isolasjon frå medkadetter».
Kullsjefen tar ein ny prat med Jakob, som innrømmer at han ikkje har det bra.
Dei neste dagane følgjer Jakob undervisninga som normalt, men kullsjefen loggfører at
15. februar har Jakob sin første videosamtale med psykologen.
Ifølge Forsvaret skal Jakob ha fått tilbod om fysisk oppmøte ved Nasjonal militærmedisinsk poliklinikk på Gamle Logen i Oslo, men takkar nei til dette.
Jakob er no saman med resten av kullet på kurs i Rena leir, og meiner at det vil vere upraktisk å reise til Oslo.
I journalen skriv psykologen mellom anna at:
Jakob får diagnosen «Mild depressiv episode».
23. februar skulle Jakob hatt ein ny videosamtale med psykologen, men denne blir utsett på grunn av at psykologen må i eit hasteoppdrag.
Fredag 24. februar har kadettane helgefri. Mange reiser til Trysil for å feste og stå på ski, men Jakob dreg frå Rena tilbake til Linderud.
Laurdag 25. februar skjer episoden vi starta denne historia med. Ein fortvila og desperat Jakob sender meldingar, og ringer til to klassevenninner han har nær kontakt med.
Han seier han er i skogen utanfor skulen på Linderud.
Venninnene er redde for at Jakob skal ta sitt eige liv.
Dei klarer å snakke Jakob tilbake til leiren over telefon.
Og dei lovar å ikkje fortelje kullsjefen kva som har skjedd.
For Jakob er redd han då kan miste plassen ved skulen.
Jakob vil heller ikkje at foreldra heime på Tynset skal få beskjed.
1. mars har Jakob sin andre samtale med psykologen. Også denne skjer på video. Jakob fortel ikkje om hendinga i skogen. Psykologen skriv i journalen:
Det blir avtalt å ta ein ny samtale to veker seinare.
2. mars varslar ei av venninnene kullsjefen om hendinga i skogen.
Kullsjefen prøver å kontakte psykologen, men får ikkje tak i han før seint på kvelden.
Dei blir samde om at kullsjefen må snakke med Jakob dagen etter.
3. mars møter kullsjefen Jakob, som nektar for at han har konkrete sjølvmordsplanar.
Etterpå møter kullsjefen leiinga ved Krigsskulen, samt psykologen som er med på video. Tema er Jakob, men han er ikkje med på møtet.
De går fram at dei er samde om at omsorg og ivaretaking av Jakob er fokus no. Det blir vurdert som viktig at dei som er tettast på føl han opp i det daglege.
Ved mistanke om nye sjølvmordstankar er vurderinga at Jakob bør få hjelp til å oppsøkje legevakt for oppfølging der.
Det blir også gjentatt at sjølvmordsfaren ikkje var akutt ved siste konsultasjon.
Kva som skjer vidare er uklart. Leiinga ved Krigsskolen og psykologen har ikkje dokumentert fleire tiltak for å ta vare på Jakob.
Men kullsjefen fortel til NRK at sjølv om det ikkje finst dokumenterte tiltak, hadde leiinga fleire uformelle møte om ivaretakinga av Jakob.
I tillegg fortel han om auka årvakenheit i denne perioden.
Torsdag 9. mars melder Jakob seg sjuk. Han er aleine på rommet mens klassekameratane er på skulen.
Seint same kveld sender Jakob ei tekstmelding til ei av klassevenninnene. Den får henne til å slå alarm.
Ho ringer kullsjefen, mens ho og fleire andre kadettar desperat leitar etter Jakob.
Dei finn han livlaus i skogen utanfor skulen.
I ei utgreiing om hendinga, datert 14. mars 2024, skriv dåverande leiar ved Krigsskolen følgjande:
NRK har vore i kontakt med både dåverande og noverande leiar for Krigsskolen, samt psykologen i Forsvaret. Ingen av dei vil kommentere saka ytterlegare, men viser til svar frå major Endre Nedberg i Forsvaret.
Dette kan du lese lenger nede i denne saka.
Forsvaret: – Adekvate tiltak
I over to år har Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus ført ei tilsynssak der Forsvaret blir bedt om å gjere greie for helsehjelpa Jakob fekk.
Det skjer etter at Pasientombodet klaga Forsvaret inn på vegner av foreldra 4. august 2023.
Det er oberstløytnant Alexander R. Flaata som har svara Statsforvalteren for Forsvaret.
Alexander R. Flaata er spesialist i klinisk voksenpsykologi og sjef for Instititutt for militærpsykiatri og stressmeistring (IMPS), som igjen sorterer under Forsvarets sanitet.
Foto: Moment StudioAlexander R. Flaata er spesialist i klinisk voksenpsykologi og sjef for Instititutt for militærpsykiatri og stressmeistring (IMPS), som igjen sorterer under Forsvarets sanitet.
Foto: Moment StudioI to omfattande svar går han gjennom behandlinga Jakob fekk i Forsvaret.
Flaata legg vekt på at behandlinga var frivillig.
I tillegg peikar han på at mykje av informasjonen i saka kom frå tredjepart, og at det alltid er vanskeleg å gjere konkrete vurderingar om sjølvmordsfare når informasjonen kjem frå andre enn pasienten sjølv.
Flaata vektlegg også at ein person med så milde depressive symptom som Jakob hadde, ikkje kan leggast under noko form for tvungen psykisk helsevern.
I tillegg reflekterer han rundt dobbeltrolla legar og psykologar i Forsvaret har.
På den eine sida skal dei behandle soldatar, på den andre skal dei også gjere såkalla «negativ seleksjon». Det vil seie at dei skal hjelpe til med å plukke ut soldatar som av ulike helsemessige årsaker ikkje er eigna i tenesta.
– I nokre tilfelle kan vår dobbeltrolle gjere at folk er mindre opne om eigne tankar om sjølvskading, skriv Flaata til Statsforvaltaren.
Likevel, Flaata konkluderer på vegner av Forsvaret:
I ein e-post til NRK skriv Flaata at vurdering av sjølvmordsrisiko er blant dei mest krevjande oppgåvene helsepersonell står overfor.
– Trass i erfaring og spesialisert kompetanse, er det i mange tilfelle ikkje mogleg å føreseie sjølvmord, skriv han.
Soldatar under trening på Rena.
Foto: NTBNPE: – Ikkje god medisinsk praksis
I perioden 2010 til 2023 har til saman 11 personar tatt sitt eige liv mens dei tenestegjorde i Forsvaret.
Det kjem fram av tal frå Forsvaret.
Talet er omtrent som i resten av samfunnet.
Alle var menn, og alle var enten tilsette i Forsvaret, eller i førstegongsteneste, då dei døydde.
– Ein reknar jo med at Forsvaret har gode rutinar for å handtere slike situasjonar, seier mor Sissel Bolstad.
– Men Jakob fekk ikkje forsvarleg helsehjelp, og det meiner ikkje berre vi, legg ho til.
Bileta av Jakob er viktige for Torger og Sissel
Foto: Arne Sørenes / NRKBileta av Jakob er viktige for Torger og Sissel
Foto: Arne Sørenes / NRKSidan konklusjonen frå Statsforvaltaren har teke tid, har foreldra i mellomtida søkt om erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning (NPE).
Så langt i 2025 har NPE gjort vedtak i 4883 saker. I berre 23 prosent av sakene er det gitt erstatning.
Foreldra til Jakob seier at økonomisk erstatning ikkje er viktig.
– Det betyr ingenting, seier Sissel Bolstad.
– Men vi har søkt om erstatning for å få ei uavhengig og nøytral vurdering av helsehjelpa Jakob fekk i forsvaret, legg ho til.
To uavhengige psykiatrar har på oppdrag frå NPE vurdert helsehjelpa Jakob fekk då han var elev ved Krigsskolen.
I begge rapportane konkluderer psykiatrane med at Jakob ikkje fekk tilstrekkeleg helsehjelp.
Den første rapporten er datert 3. januar 2025, og er signert Raman Dhawan som er spesialist i psykiatri.
Konklusjonen hans er klar:
Dhawan peiker mellom anna på at psykologen burde gjort ei personleg undersøking av Jakob ansikt til ansikt. I tillegg burde hen ha tilvist Jakob til spesialhelsetenesta.
Forsvaret kommenterer rapporten, og på bakgrunn av dette hentar NPE inn ei ny vurdering frå ein sakkunnig med erfaring frå helsehjelp i Forsvaret.
Den andre rapporten er datert 17. mai 2025, og er signert overlege Jon-Erik Hjeldnes. Også han er spesialist i psykiatri. I tillegg har han bakgrunn som militærpsykiater.
Han konkluderer på same måte:
Hjeldnes skriv at hans vurdering er at Jakob truleg hadde ein moderat til alvorleg depresjon. Han skriv at Jakob derfor burde ha blitt følgt opp tettare av psykologen, at depresjonen burde ha blitt kartlagd, samt at han burde ha blitt tilvist til poliklinikk/DPS i spesialhelsetenesta.
I NPE sitt endelege vedtaksbrev skriv dei at deira vurdering er at psykologen burde ha følgt opp Jakob etter det angivelege sjølvmordsforsøket, og ikkje bedt kullsjefen om å følge opp sidan han ikkje er autorisert helsepersonell.
På bakgrunn av dette konkluderer NPE i sitt vedtaksbrev:
NRK har i lang tid stilt Forsvaret fleire spørsmål om konklusjonen til NPE.
Mellom anna har vi spurt om kvifor Jakob ikkje vart tilvist tll spesialhelsetenesta, og om kvifor han ikkje vart følgt opp tettare av psykologen?
Like før publisering av denne saka sender sjefen for Institutt for militærpsykiatri og stressmeistring, Alexander Flaata, ein e-post til NRK.
Der skriv han at Forsvarets sanitet er ueinige i både premissane og konklusjonane til NPE.
– NPE har andre kriterium for å vurdere pasientbehandling, sidan dei handsamar krav om økonomisk erstatning i pasientsaker. I vedtektene til NPE står det at ein òg kan få erstatning sjølv om det ikkje har skjedd svikt i behandlinga, dersom skaden er særleg stor og uventa, avsluttar han.
NRK har også stilt dei same spørsmåla til psykologen som behandla Jakob Høsøien i Forsvaret. Hen vil ikkje kommentere saka, men viser til Flaata sitt svar.
Forsvaret: – Ei menneskeleg tragedie
– Denne saka er først og fremst ei djup menneskeleg tragedie.
Det er major Endre Nedberg som svarer på vegne av Krigsskulen og Forsvaret.
Han viser til at Forsvaret tar psykisk helse på alvor, og at dei har ei rekkje tiltak for å førebyggje sjølvmord i organisasjonen.
.
Endre Nedberg er major og kommunikasjonssjef ved Forsvarets høgskole.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBHan legg til at Forsvaret generelt er svært oppteken av å lære av alvorlege hendingar som dette.
– Vi arbeider kontinuerleg med å forbetre rutinane og systema våre for å redusere risikoen for at liknande situasjonar skal oppstå igjen. Dette arbeidet er driven av eit oppriktig ønskje om å ta vare på både våre tilsette, soldatar, studentar, kadettar og deira pårørande på best mogleg måte, skriv Nedberg.
– På generelt grunnlag må Forsvaret forhalde seg til at det er statsforvaltarane og Helsetilsynet som kan vurdere om helsetenester er gitt forsvarleg eller ikkje etter helsetilsynsloven, ikkje NPE, avsluttar Nedberg.
Brevet frå Statsforvaltaren
Heilt i slutten av september 2025 kjem brevet som avsluttar tilsynet frå Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
Den lange behandlingstida blir beklaga.
Men i motsetnad til NPE konkluderer ikkje Statsforvaltaren i forhold til om helsetilbodet Jakob fekk i Forsvaret var godt nok.
Kommandersersjant Kristian Elden er kommunikasjonssjef i Forsvarets sanitet. Han svarer dette på vegne av Forsvaret:
– Vi kommenterer ikkje innhaldet i enkeltsaker. Vi merkar oss at saka er avslutta frå Statsforvaltaren si side utan kritikk eller merknader om at forsvarleg helsehjelp ikkje er gitt i denne saka.
Kristian Elden er kommunikasjonssjef i Forsvarets sanitet.
Foto: ForsvaretKristian Elden er kommunikasjonssjef i Forsvarets sanitet.
Foto: ForsvaretLikevel, i tilsynsrapporten har Statsforvaltaren vurderingar rundt dobbeltrolla til legar og psykologar i Forsvaret:
På den eine sida skal dei avdekke sjukdom. På den andre skal dei hjelpe Forsvaret med å plukke ut soldatar som dei meiner ikkje er eigna for tenesta.
Statsforvaltaren skriv:
Men dette er ikkje unikt for Forsvaret, skriv Elden i ein e-post til NRK:
– Dobbeltroller er noko alt helsepersonell står i, både i og utanfor Forsvaret, der helsa spelar ei rolle for teneste, autorisasjon eller sertifikat. Ein fastlege har til dømes same rolle ved førarkortvurderingar.
I tillegg blir Forsvaret bedt om å vurdere om IMPS har for høg terskel når det gjeld å tilvise pasientar til spesialhelsetenesta:
– Dersom våre behandlarar avdekkjer alvorsgrad gjennom undersøking eller ved tilstandar som krev akutt helsehjelp som vi ikkje kan handtere med våre ressursar, så viser vi alltid vidare til helsevesenet etter vanlege kriterium, skriv Kristian Elden i Forsvarets sanitet.
I tilsynet legg Statsforvaltaren også vekt på at Forsvaret har gjennomført fleire relevante tiltak i etterkant av hendinga for å betre den kliniske praksisen. Mellom anna har dei gjennomført eit fagseminar, samt starta arbeid med ei klinisk handbok der rutinar for risikovurdering rundt sjølvmord blir tematisert.
Foreldra til Jakob er usikre på kva dei skal gjere vidare.
Dei er skuffa over tilsynsrapporten frå Forsvaret.
– Vi hadde venta ein klarare konklusjon, ikkje minst på ei juridisk vurdering opp mot lova for helsepersonell, seier Sissel Bolstad.
Statsforvaltaren ser på saka som avslutta, og ho kan ikkje klagast på.
Foreldre vurderer likevel å klage på behandlingsmetoden til Sivilombodsmannen og Helsetilsynet.
–Vi kan ikkje skjønne at dette blir vurdert som eit godt nok helsetilbod. Vi ventar framleis på ei innrømming og ei beklaging frå Forsvaret si side, seier Torger Høsøien.
Jakob skaut sin første elg under elgjakta hausten før han døydde.
Foto: privatJakob skaut sin første elg under elgjakta hausten før han døydde.
Foto: privatDet store spørsmålet
Vi starta denne historia med å spørje om Forsvaret tok godt nok vare på den unge soldaten Jakob Høsøien?
To offentlege organ har vurdert saka, i tillegg til partane sjølv.
Ja, svarer Forsvaret på spørsmålet vi stiller.
Nei, seier foreldra på Tynset.
Og nei, meiner også Norsk Pasienteerstatning (NPE). Som altså er ein statleg etat som behandlar krav om pasienterstatning etter svikt i helsetenesta.
Mens Statsforvaltaren, som har fått tilsynsmyndigheten delegert frå Statens helsetilsyn, seier korkje ja eller nei.
Vi lar Jon-Erik Hjeldnes utdjupe kor vanskeleg det er å svare på dette spørsmålet.
Han er ein av spesialistane i psykiatri som har konkludert med «nei» på vegner av NPE, og som altså meiner at helsehjelpa Jakob fekk, ikkje var i tråd med god medisinsk praksis.
Hjeldnes seier likevel at vurdering av sjølvmordsrisiko er noko av det vanskelegaste ein kan gjere som lege.
– Det er ikkje matematikk. Korkje legar eller psykologar er synske, seier han.
I rapporten skriv han:
På Tynset er foreldra opptekne av at ikkje fleire skal oppleve det same som dei.
Dei håper denne saka kan føre til at rutinane rundt psykisk helsevern i Forsvaret blir betre.
– Forsvaret må jo ha noko å lære av dette dei og? For om dei hamnar i same situasjon igjen, kva då? spør Torger Høsøien.
Minnene er gode etter livet med Jakob, seier Sissel Bolstad: – Han var ein glad gutt frå han var bitte liten. Han var der det skjedde, høgt og lågt. Han var nysgjerrrig, tillitsfull og viljesterk.
Det siste spørsmålet
Før pustemaskinen som heldt Jakob i live vart skrudd av, kom spørsmålet:
Kva med organdonasjon?
Jakob var ein frisk ung mann i god form.
– Vi veit jo at Jakob hadde sagt ja om han hadde fått spørsmålet sjølv, seier Torger Høsøien stille.
– Vi trur i alle fall det, skyt Sissel Bolstad inn.
No lever hjarta hans, og andre vitale organ, vidare i andre menneske.
– Det er rart å tenkje på, seier mor Sissel. Men skulle det komme noko positivt ut av dette her, så er det jo nettopp dette. At han redda nokre andre liv då.
Hei!
Har du innspel eller tips etter å ha lese denne saka? Då blir eg glad for å høyre frå deg!
Her er forresten nokre andre saker eg har skrive tidlegare:
- Juliana Mattson (22) vart sendt ut av landet: – Det var eit totalt sjokk
- Drikkevatn med ulovlege fluorverdiar: – Kommunen har visst om dette sidan 2009
- Oppturen
- Maryam (25) blir kasta ut av Noreg etter ni år: – Eg fryktar for framtida til barnet mitt
Og her er nokre litt eldre: