Hopp til innhold

Byter ut hoppbakken med scena: – Ny form for adrenalin

Den olympiske meisteren har lagt hoppskia på hylla. Nå er det scena som gir Maren Lundby adrenalinkicket ho treng.

skihopp-maren-291123

NY ARENA: Tidlegare toppidrettsutøvar Maren Lundby har tatt steget inn i underhaldningsbransjen. Foredraget hennar, «Best i motvind» rullar og går. Snart skal ho fylle Chat Noir i Oslo.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Eg trivst godt. Det gir meg eit kick å stå på scena, seier Lundby.

Olympisk meister, den beste kvinnelege skihopparen i verda, eit førebilete og årets namn under idrettsgallaen.

I desember la ho opp etter mange år i toppidretten.

Nå har ho skifta arena. Frå hoppbakken til foredrag på teater- og revyscena.

– Det er ei god kjensle å stå på scena. Det er kanskje ei ny form for adrenalin som eg treng, seier 29-åringen frå Kolbu.

Maren Lundby

Hoppbakken er bytt ut med teater- og revyscena. Også der får Maren Lundby adrenalinkicket ho treng. Bildet er frå ei treningsøkt i Lysgårdsbakken i Lillehammer i 2022.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

«Best i motvind»

I februar står ho på scena på Chat Noir.

Ho vil sjølv omtale foredraget sitt, «Best i motvind» som ei god blanding av humor og alvor.

– Det er basert på karrieren min som var full av oppturar og nedturar.

Lundby markerte seg som den beste kvinnelege skihopparen i verda. Ho starta den internasjonale karrieren sin i 2011, og vann fleire verdscuprenn og tok fleire VM-medaljar.

Oppsummering av Maren Lundbys karriere.

Etter 15 år i toppidretten la Maren Lundby opp i desember i fjor. Sjå høgdepunkta frå karrieren hennar.

I 2018 vart ho olympisk meister under vinter-OL i Pyeongchang. Det var ein tittel ho ikkje ville prøve å forsvare fire år seinare.

For hausten 2021 sa det bom stopp for Lundby.

Då kunngjorde ho at ho kom til stå over OL i 2022. Vektutfordringar var blant årsakene.

Les også Best da det virkelig gjaldt

Maren Lundby

– Det var stort sett motvind heile vegen. Om ein står i dei stormane som er og jobbar godt undervegs, så får ein dei beste resultata til slutt.

– Å stå i motgang er ganske naturleg, og folk må ikkje gi seg av den grunn, seier Lundby.

Maren Lundby

Maren Lundby har vore i toppidretten i mange år. Kor vegen går vidare, er ho usikker på. Først skal ho til Chat Noir, men ho ser ikkje bort frå ein karriere innanfor idretten seinare.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Dedikert

Lundby er ikkje aleine om å ha ta steget ut på scena og inn i underhaldningsbransjen etter enda idrettskarriere.

Det har nemleg fleire idrettsutøvarar gjort før ho.

Olaf Tufte, Tiril Eckhoff og Kjetil André Aamodt er eksempel på tidlegare idrettsutøvarar som nå står på scena og held foredrag.

Lundby er ein del av Seriøst Firma på Kapp. Dei har i alt 21 artistar innanfor ulike sjangrar. Hoppdronninga frå Toten er éin av to idrettsutøvarar.

Idrettsgallaen 2024.

Lundby har stått på scener ved fleire høve, men måtte jobbe mykje for å bli komfortabel med det, ifølge Thomas Nyland i Seriøst firma.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Dagleg leiar i Seriøst Firma, Thomas Nyland, omtaler Lundby som dedikert, og seier han merker at ho er tidlegare toppidrettsutøvar.

– Då vi starta å jobbe saman, synest ho ikkje det var superartig å stå framfor folk og prate, men ho hadde lyst til å bli god på det.

– Då går ho inn med det med hud og hår, øver, trenar, vil ha attendemeldingar, flikkar og ordnar slik at produkta skal bli best mogleg og ho skal bli best mogleg, seier han.

Maren Lundby på Lillehammer før VM i Planica

Det «umoglege» prosjektet