«Åh, eg er så glad», skreik Maren Lundby då ho sikra det historiske VM-gullet i stor bakke.

Bak smilet var det ein kropp som ikkje hadde det bra.

FX6_0577.MXF.12_56_58_04.Still001

Då Lundby viste seg offentleg i vekene etter, fekk ein sjå ein heilt annan versjon av ho.

Maren Lundby på Lillehammer før VM i Planica

No er Lundby overbevist.

Ho skal aldri vinne på den måten igjen.

Maren Lundby

Det «umoglege» prosjektet

Det «umoglege» prosjektet

På Sognsvann strøymer menneske til for å nyte det varme sommarvêret som har bretta seg utover Noregs hovudstad.

Det er den siste dagen i juni, og gradestokken kryp opp mot 25 varmegrader. Det er heitt ute, men ikkje heitt nok.

Eit steinkast unna sit Maren Lundby i kjellaren på Olympiatoppen i ein kvit, lett T-skjorte, og ventar.

Det er under seks månader til sesongstart, og nye tiltak står på agendaen.

Lundby skal inn i varmerommet, eit spesiallaga rom som blei designa for utøvarar som skulle tilpasse seg varmen som venta dei i OL i Tokyo.

Ved sidan av sit ein av hennar næraste støttespelarar. Han tittar bort på Lundby, og forklarer økta.

Lars Haugvad er medisinsk koordinator, og har følgt opp Lundby gjennom dei siste åra.

Ho skal gå og springe lett i motbakke.

– Det var varmare i går, seier Lundby når ho tek steget inn. Då var det 35 grader i rommet.

Denne dagen er temperaturen lågare, men luftfukta høgare.

Det er nesten litt underleg at historias første kvinnelege VM-vinnar i stor bakke er her.

Haugvad har hatt mange utøvarar på besøk i rommet, men aldri ein skihoppar.

Bakteppet derimot, det er ikkje underleg. Det er alvorleg.

Ho ville ofra VM-gullet om ho hadde kjennskap til det ho veit no.

– Hadde eg visst at om eg avslutta sesongen i februar før VM, kunne eg vere med i OL året etter, hadde eg gjort det, seier ho.

Over 600 dagar tok det før Lundby returnerte til hoppbakken etter gullhoppet i Oberstdorf.

På den vegen starta ideen om eit heilt nytt prosjekt.

Ein slags Lundby 2.0.

To år seinare forsvarte Lundby nesten VM-gullet, men prosjektet kjennest som gull.

Det har gitt føringar for framtida.

– Det er ein historie for historiebøkene, seier landslagstrenar Christian Meyer.

Etterpåklokskapen

For å forstå kvifor Lundby tok steget inn i varmerommet, må vi tilbake i tid.

Kva var det eigentleg som skjedde med kroppen etter VM-gullet?

I fleire år hadde Lundby følgt eit vanleg treningsopplegg skreddarsydd for hopparar.

– Det er eit ganske lågt energiforbruk, og du er nøydd til å vere ganske lett. I starten gjekk det ganske bra, ein blir lettare og ein treng ikkje å jobbe så hardt for det, forklarar Lundby.

Men den lave energitilgangen over lengre tid, påverka forbrenninga og metabolismen.

– Det var det som skjedde over lengre tid, som gjorde det vanskeleg for meg, seier Lundby.

I sesongen før VM sleit Lundby med å komme seg ned i konkurransevekt, og det gjekk utover resultata.

– Det var som om kroppen slo seg av til slutt, seier ho.

Utfordringa gav hovudbry før det største høgdepunktet så langt i karrieren. Endeleg skulle kvinnene få hoppe stor bakke i VM.

Ho rådførte seg med eit team frå Olympiatoppen, og brukte ein metode som er vanleg i boksing, MMA og andre kampidrettar når ein skal ned i matchvekt i ein kort periode.

Marthin Hamlet

MMA-utøvaren Marthin Hamlet pleier å bruke badstove-telt, sveittedress, handklede og dyner for å kome seg ned i riktig konkurransevekt.

Foto: PRIVAT

Lundby fekk fritt spelerom, men på dag åtte heldt ho på å kaste inn handkleet.

Det var dagen før storbakkerennet.

– Då var eg så sliten og usikker på om eg orka ein runde til, men eg hadde eit så stort ynskje om å få til dette, seier ho.

Ho kallar metoden ein «quick fix», og oppmodar ingen til å gjere det same.

– Det er openbert at det var veldig dumt. Men eg ville nok fått same reaksjon uansett kva eg gjorde rett før det gullet, seier ho.

Den grufulle realiteten

I månadane etter VM, trente Lundby framleis to gonger for dagen og følgde eit vanleg kosthald. Likevel peika vekta oppover.

– Då folk såg meg, trudde dei nok at eg hadde lege på sofaen i to veker og ete sjokolade, seier ho då ho tenkjer tilbake på den sommaren.

Ikkje på den måten at ho kjente seg stor, men ho merka at kroppen var annleis.

FX6_0572.MXF.12_07_55_11.Still006
FX6_0571.MXF.12_02_48_22.Still002
FX6_0571.MXF.12_01_00_23.Still001

Ernæringsfysiolog Ina Garthe frå Olympiatoppen forklarar at Lundbys kroppslege reaksjon var ekstrem, men ikkje uvanleg.

– Det kom som ein følge av at Maren har manipulert vekta sidan ho var yngre. Ein har tødd strikken litt for langt over tid, forklarar Garthe til NRK.

Ho er ein av dei som har jobba tett med Lundby dei siste to åra, for å prøve å få kroppen tilbake i balanse.

– Når ein utøvar møter veggen, noko som er heilt «normalt» for oss som jobbar med dette til dagleg, blir dei frustrerte av den manglande responsen, og det er lett å forsøke å presse kroppen ytterlegare for å få ynskja respons, seier ho.

Ein slik smell kan for mange bety slutten på idrettskarrieren.

– For andre kan det vere aktuelt å snu det til «sin fordel» med tanke på å kjenne kroppens signal og kvar grensene går, og satse vidare på å bygge seg opp gradvis og med meir tolmod, seier Garthe.

Det bestemte Lundby seg for å gjere. Ho skulle kome tilbake, men på ein sakte og trygg måte.

Saman med eit tverrfagleg team frå Olympiatoppen og frå hopplandslaget, med Garthe, medisinsk koordinator Lars Haugvad og Ida Svendsen i spissen, la dei opp ein program som skulle få Lundby på rett spor.

Svendsen skreddarsydde uthaldsøktene og Garthe la opp kosthaldet.

– Vi har ikkje hatt fokus på måling, veging av mat og rapportering av kroppsvekt, men jobba godt med timing av måltid knytt opp mot kvalitet på treninga, forklarar Garthe.

Det var viktig å ta kloke matvareval for å fremje restitusjon, og legge energi- og karbohydratinntaket høgare på dagar ho trengde det mest.

Det tok nærare eitt år før Lundby byrja å merke effekt av alt arbeidet, og sjølv om at ho var bestemt på at det skulle gjerast på ein sunn måte, tæra det likevel litt på motivasjonen.

Vekevise møter blei gjennomført for å minne hopparen på å ha tolmod.

– Det var, og er framleis, ein føresetnad at vektreduksjonen skulle gjerast på ein helsemessig, forsvarleg måte. Det var aldri noko tvil om det i teamet, seier Garthe.

Maren Lundby trenar basisøvingar i Håkons hall på Lillehammer.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Offentleggjeringa

Ein månad før sesongstart, kom beskjeden om at Lundby skulle delta på Skal vi danse.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg mot kvinna som i utgangspunktet var i sesongoppkøyring.

No fortel ho den eigentlege årsaka bak valet.

– Først tenkte eg at eg burde vore med på 71 grader nord. Eg var heilt rådvill, for ingenting fungerte, seier ho.

Maren Lundby og Philip Raabe
Foto: Thomas Andersen / TV 2 / TV 2

Fagpersonell anbefala Lundby å ha ein aktiv kvardag, etter som forbrenninga hadde blitt senka av det låge energitilskotet i mange år.

– Eg måtte prøve noko heilt anna og sjå om det gav noko utslag på kroppen, seier ho.

Det hjelpte ikkje som ønska. Undervegs i programmet stod Lundby fram hos NRK og sa at sesongen var over for hennar del.

– Det var godt å seie at no set vi ein strek. Etter det vart det meir gradvis positivt, fortel Lundby.

Ho lærte seg å godta at kroppen måtte finne ein balanse der den trivst, og godtok at det ville ta tid.

Det skulle gå sakte, og gjerast trygt.

På same tid hoppa Lundby inn i eit treningsprogram som var ulikt alt anna ho har gjort tidlegare.

Den nye kvardagen

Tallause sats frå hoppbakken og lite intensiv trening var vanlegvis det som stod på kalenderen.

Fram mot sesongstart året etter, var dei planane viska ut.

– Då gjorde ho heilt motsett av det ho eigentleg skal gjere, forklarar Lars Haugvad.

Dagen før intervjuet hadde Haugvad og Lundby vore på ein tre timars lang sykkeltur. Haugvad på landevegssykkel, medan Lundby sykla på ein offroadsykkel, som er tyngre.

Dei vanlege spenst- og styrkeøktene med vekter, var bytta ut med lange, rolege løpeturar, og meir høgintensitetstrening i form av intervall.

– I forhold til tidlegare trenar ho annleis, stemmer landslagstrenar Christian Meyer i.

To til tre varierte økter stod på planen kvar dag. Både springeøkter, teknikkøkter og øvingar som styrka kjernemuskulaturen.

– Det er opplese og vedteke at Lundby har trent veldig mykje meir enn andre for å føre eit «energi-rekneskap», som bikkar i riktig retning, seier Garthe.

I sommarferien tok teamet treninga eitt skritt vidare, og det var då varmerommet dukka opp i tankane.

Det var fleire grunnar til at Lundby brukte delar av sommarferien i det rommet.

Ho kunne trene på ein lågare intensitet, men samstundes bli fortare sliten og auke forbrenninga på grunn av den høge temperaturen.

– Vi manipulerer omstenda slik at ho kan trene med lågare belastning, men få høg belastning på hjartet likevel, forklarar Haugvad.

Rommet var eit viktig grep å unngå at Lundby blei skada i perioden ho auka intensiteten i øktene.

– Det var ein ganske stor auke i trening, legg Lundby til.

I løpet av dei månadane lærte hopparen å kjenne kroppen på nytt.

– Eg reagerer veldig bra på høg intensitet, det verkar som kroppen får eit spark i rumpa og jobbar hardare. Det har vore litt av nøkkelen så langt, forklarar ho.

Den nøkkelen håpar Lundby kan opne dører for fleire.

Maren Lundby i Håkons hall
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Høgdepunktet

Eit halvanna år seinare var gevinsten nærare enn nokosinne. Dagen før den store dagen, gjekk Lundby i skapet i leilegheita si, og henta fram ein bag og ein splitter ny hoppdress.

Bagen hadde ho ikkje opna på mange månadar.

Då ho såg utstyret blei alt ekstra verkeleg.

På veg opp til Lysgårdsbakken på Lillehammer, kjente Lundby på kjensler som kan minne om ein forelsking.

Trenar Jermund Lunner blei gripen av nervøsiteten.

Som oftast gløymer hopparar og trenarar faren ved skihopping, men denne gongen minnast han det. Eitt og eit halvt år hadde det gått.

– Ho hoppar med ein heilt annan kropp enn då ho tok VM-gull, og det er ein utfordring, seier han.

Etter hoppet, var trenaren forbausa.

– Det var ikkje venta at ho skulle vere på det nivået som ho var. Hoppteknisk var det veldig bra, eg trur nesten ikkje ho har vore betre, seier Lunner til NRK.

Tårene trillar nedover andletet. Det er tydeleg at trenaren som har vore nærast Lundby i alle desse år, kjenner på sterke kjensler.

– Ho er ganske hard i hovudet. Det er givande å vere med på, seier han.

Den nye utgåva

Nesten to år har det gått sidan Lundby tok VM-gull.

Dette året har ho gjort comeback i verdscupen, men på lik linje som sesongen i 2021, har resultata late vente på seg.

Det er det fleire grunnar til.

Lundby nådde ikkje vektmålet ved sesongstart, og har difor måtte halde fram med meir trening medan sesongen rulla og gjekk.

Intensiteten på treningsøktene er ikkje like høg som i sommarferien, men talet økter var høgare enn i tidlegare år.

Maren Lundby
Maren Lundby
Maren Lundby
Maren Lundby

– Eg har ein enorm respekt for den treningsmengda som ho har lagt ned. Det er det ikkje så mange som veit, seier landslagstrenar Meyer.

Inn mot VM tok Lundby ned den totale treningsmengda, men ho har framleis hatt innslag av rolege springeøkter, nettopp av ein grunn.

– Eg har opplevd kva som har skjedd då eg har pusha det for langt. Det blir som ungar som tek på ei steikeplate. Ein gjer ikkje det igjen, seier Lundby.

I vekene før storbakkekonkurransen fungerte kroppen bra.

Ein onsdag kveld i snøføyka i Planica sette ho utfor, og publikum gispa då resultatet var klart.

Lundby sette først bakkerekord, og tok deretter sølv.

Det var det få, inkludert ho sjølv, som trudde var mogleg.

– Det er ganske uverkeleg, etter alt som har vore. Eg hoppa ikkje ein einaste gong på ski førre sesong. Det har vore ein røff veg, og stå her med sølvmedalje er mykje meir enn eg hadde håpa og drøymt om, seier Lundby.

Før konkurransen var hopparen usikker på når prosjektet ville gi utslag, men no er ho letta.

– Det har allereie gitt litt utslag. Og så trur eg det kjem meir. Eg er nærare enn nokon gong, og fornøgd med at eg berre føler meg bra, seier ho.

VM-sølvet kan gi føringar for framtida.

– Eg tykkjer dette er eit stort skritt framover. Ikkje berre for kvinnesport, men også for kvinner, seier den nye VM-vinnaren, Alexandria Loutitt, om Lundbys veg tilbake.

Maren Lundby
Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Dei norske kvinnehopparane har dei siste to åra starta eit nytt prosjekt som står i stil til programmet Lundby har følgt.

Dei trenar annleis og meir enn før.

– Det gjer vi for å ha eit høgare energiforbruk slik at ein ikkje treng å kutte så mykje ned på maten, forklarar Lundby.

Trenar Lunner meiner slike eksperiment er viktig for utviklinga av kvinnelege hopparar.

– Det er ein ung idrett, og vi har ikkje så mange referansar. Korleis skal jentene trene for å vere best rusta, best mogleg og ha ein lang karriere? Det er mykje vi ikkje veit svaret på, seier han.

Maren Lundby trenar basisøvingar i Håkons Hall på Lillehammer.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Ernæringsfysiolog Garthe har trua på at dette kan vere retninga å gå.

– Dette er løysninga viss vi ynskjer fleire kvinner inn i vektsensitive idrettar. Dessverre mistar vi fleire gode talent med vekt som årsak, seier Garthe.

VM-sølvet meiner Lundby viser ein ting:

– Dette er eit prosjekt som forhåpentlegvis vil gi fleire av dei yngre skihopparane kunnskap om korleis dei bør gjere ting i seinare år, seier ho, og legg til:

– Det er viktig å ha tolmod.

Maren Lundby
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK