For to år sidan sa det bom stopp for Maren Lundby.
Etter ski-VM i Oberstdorf ville ikkje kroppen hennar samarbeide meir.
Vekta gjekk fort opp. Ho fann ikkje ut av problemet, og tok pause frå hoppsporten.
– Det var eit veldig spesielt tilfelle der eg gjekk fort opp i vekt på kort tid, seier Lundby.
No, to år seinare, har ho gjort comeback og tatt VM-sølv i Planica. No kjenner ho at ho er på ein annan stad fysisk.
– Den største forskjellen eg kjenner er at ting fungerer meir som normalt no. Det tyder på at eg har gjort ting rett i løpet av vinteren. Utanom det, kjenner eg meg i bra form, seier ho.
Usikker
Framleis kjenner hoppdronninga frå Vestre Toten at ho har ein jobb å gjere før ho er på den vekta ho må ha for å igjen bli den beste skihopparen i verda.
– Den jobben er ein prosess eg framleis er usikker på om eg får til å løyse optimalt eller om det blir halvvegs, men eg har eit betre utgangspunkt i år enn i fjor, seier Lundby.
– Eg veit kva som blir kravd, men eg er usikker på om det lar seg gjere å komme ned på den vekta eg skal for å prestere optimalt ein heil sesong.
SØLV: Sjølv om Lundby tok VM-sølv i Planica i vinter, kjente ho seg ikkje i toppform. No trener ho utradisjonelt for å komme i den beste forma, og føler sjølv at ho har eit betre utgangspunkt no.
Foto: Heiko Junge / NTBFram til desember skal Lundby fortsette å følgje oppskrifta som fekk henne i medaljeform under VM i Planica sist vinter.
I månadene før VM vart det mykje uthaldstrening, og milevis med skiturar for å finne forma.
– For meg er det noko som kanskje har vorte nødvendig for å halde energiforbruket oppe, og å ha god helse og trivast på ei lågare vekt.
Comeback på fotballbanen
Lundby har gått fleire utradisjonelle vegar for å prøve å finne toppforma. For to år sidan testa ho ut dansing då ho deltok i underhaldningsprogrammet Skal vi danse.
I år prøver ho igjen noko nytt.
Denne sesongen har ho gjort comeback med fotballsko på føtene for Kolbu KK i 5. divisjon.
– Fotball er gøy, også er det fint å bryte opp litt, og trene i ei gruppe. Ein får litt gratis trening ved å springe etter ein ball. Det er noko eg synest er mykje meir moro enn å berre springe. Det er ein fin måte å halde seg i gang på, seier ho.



Lagvenninnene på Kolbu KK er glade for å ha Lundby på laget.
– Ho gir ekstra trøkk og energi til eit lag som treng det. Ho er teknisk god, løpsvillig, duellsterk og god å ha på midten, seier Caroline Nerseth Prøven.
LAGVENNINNER: Caroline Nerseth Prøven og Ragnhild Olstad fortel at Maren Lundby bidreg med både energi, humør og litt ekstra trøkk til 5. divisjonslaget.
Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRKKlare mål
Om Lundby finn storforma, er målet til vinteren å gjenerobre trona som den beste kvinnelege skihopparen i verda.
Men, ho er klar på at vegen dit framleis er lang.
– Ut frå korleis det går med det fysiske og kroppen gjennom sommaren, og at eg får ting til å fungere optimalt, så har eg eit mål om å vinne verdscupen samanlagt.
– Men eg er open på at det ikkje er sikkert at eg får til det, for eg veit kor vanskeleg det er, fortel ho.
DRAUM: Det var fotballspelar Maren Lundby skulle bli då ho var yngre, men så kom hoppinga og tok ho. No har ho igjen funne fram fotballskoa.
Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRKEit anna mål ho har sett seg, er å fly langt i Vikersund, og å setje verdsrekord for kvinner.
I mars vart det nemleg klart at Vikersund får to verdscuprenn i skiflyging for kvinner.
Det er noko Lundby og dei andre hoppkvinnene har etterlyst i fleire år.
– Det er kjempeartig at vi har to verdscuprenn i skiflyging. «Bånne» Vikersund, det hadde vore heilt rått, seier Lundby.