Hopp til innhold

– Eg kjente meg heilt forlaten

Line kjem ikkje over det. Da ho var 15 vart ho buande igjen aleine i barndomsheimen etter at mor og far skilde seg.

Line kjem ikkje over det. Da ho var 15 vart ho buande igjen aleine i barndomsheimen når mor og far skilde seg.

LIKEVEL ALEINE: Line har eit godt liv med familie, fin jobb. Likevel kjenner å seg ofte einsam og forlaten.

LIKEVEL ALEINE: Line har eit godt liv med familie, fin jobb. Likevel kjenner å seg ofte einsam og forlaten.

– Eg vart overlaten til meg sjølv. Det sit i meg ennå, sjølv om eg er vaksen.

Line gret når ho snakkar om det, og ho vil ikkje at vi skriv hennar eigentlege namn, eller fortel kvar ho bur. For ho har framleis ein sterk lojalitet til både mor og far.

Sjølv om det dei gjorde for 25 år sidan gav henne eit djupt sår, er ho glad i dei. Ho vil behandle dei med respekt og ikkje såre dei.

Ikkje aleine i verda

Line er ei av 40 skilsmisseborn som har fortalt historia si til Sanna Sarromaa.

Den kjente og skarpe kronikøren og samfunnsdebattanten er samfunnsvitar, og da ho jobba som forskar i 10 år, forska ho på born og unge.

For to år sidan kom «Skillsmisseboken». Som eit resultat av sorga etter eiga skilsmisse, ho måtte undersøke korleis andre berga seg gjennom krisa.

Nå har ho skrive boka om skilsmisseborna. Ho synest dei fortener å få fortalt historia si.

Sanna Sarroma med bok om skilsmissebarn.

ANERKJENNE SORGA: Mange deler aldri sorga dei ber med seg etter at foreldra skiller seg. Sanna Sarromaa seier vi må anerkjenne kvar enkelt si sorg, ikkje trykke den ned.

ANERKJENNE SORGA: Mange deler aldri sorga dei ber med seg etter at foreldra skiller seg. Sanna Sarromaa seier vi må anerkjenne kvar enkelt si sorg, ikkje trykke den ned.

Les også Toppjobb øker faren for skilsmisse – for kvinner

Forretningsfolk og politikere på NHOs årskonferanse i Operaen

For sjølv om skilsmisse er heilt vanleg i dag, har kvart skilsmisseborn si eiga historie. Enten den er glad eller trist.

Ho har møtt dei som syntest det var heilt greitt, og ho har møtt vaksne, såkalla vellukka menn, som gret når dei fortel om da far flytte frå han og mor i barndommen.

– Eg vil vise at du ikkje er aleine i verda. Og at det går an å komme seg vidare. Og så er det ei bok for dei som står midt i skilsmisse sjølv. Med råd til korleis ein kan gjere det slik at det blir best for borna.

Stor og vanleg sorg

Skilsmissetala i Noreg har vore svært stabile dei siste 20 åra. Årleg opplever rundt 30.000 born i Noreg at mor og far går frå kvarandre.

I dette talet er også born av sambuarpar som splittar lag, og bonusfamiliar som går i oppløysing.

Samlivsbrot er vanleg, kvardagsleg og nokre vil seie det er trivielt. Men for kvar enkelt er det ikkje det.

Line

KVAR SIN SKJEBNE: Mange ber på ei sorg etter at den trygge familien og barndomsheimen endrar seg. Slik som Line.

KVAR SIN SKJEBNE: Mange ber på ei sorg etter at den trygge familien og barndomsheimen endrar seg. Slik som Line.

Les også Omfattende studie på ensomhet blant unge – ett funn er særlig oppløftende

Fri og aleine

I Line sitt tilfelle flytte mor frå den vesle bygda til ein annan by. Line valde å bli hos far, for å gå ferdig ungdomsskulen med vennene sine. Men far var pendlar og mykje borte.

– Eg vart alt for mykje aleine. Det var kult og fritt, og eg fekk vere så mykje eg ville med vennene mine. Men samtidig vart eg veldig einsam. Det var ikkje riktig å overlate meg så mykje til meg sjølv. Det pregar meg i dag.

Etter det einsame året i barndomsheimen, flytte Line på hybel for å ta vidaregåande.

Les også Nye tall: Færre separerer seg under pandemien

Bilde av et ektepar på bryllupsdagen i en knust ramme.

Den triste jula

I dag har Line eigen familie, fin jobb, ein vakker heim. Men kvar julekveld får ho ein knekk. Da kjem minna om den siste jula i familien opp.

– Mor kom og feira jul med oss i barndomsheimen. Men julemiddagen vart servert i kjelar, ikkje lagt på fat. Da forstod eg at nå blir ingen ting så fint som før.

Så åra etter at ho sjølv hadde flytt på hybel for å ta utdanning, laug ho om julekvelden.

– Eg sa til mor at eg var hos far, og omvendt. Men eg sat for meg sjølv. Eller eg jobba, for å sleppe å feire jul.

Line bearbeider de vanskelige tankene ved å skrive.

TERAPI: Å skrive har vore god terapi for Line. Det gjer godt å sette ord på kjenslene sine.

TERAPI: Å skrive har vore god terapi for Line. Det gjer godt å sette ord på kjenslene sine.

Les også Venter for lenge

Familieterapeut Kristin Askevold

Line er eit produkt av tida skilsmissa skjedde, på 90-talet. Og kanskje også av kvar det skjedde.

I bygdene i Innlandet var ikkje skilsmisse så vanleg, og enda meir uvanleg var det å snakke om kjensler.

– Vi snakka aldri om det etter at dei flytta frå kvarandre, som eg kan hugse. Vi har heller ikkje snakka om det etter eg vart vaksen.

Dei lykkelege skilsmisseborna

Ragne Stauri har ei heilt anna historie å fortelje. Foreldra hennar skilte seg når Ragne var 4 år. Dei valde å bu i kvar sin etasje, som borna kunne gå imellom.

Ragne Stauri er en av dem som har hatt en lykkelig barndom med skilte foreldre.

DET GJEKK FINT: Ragne Stauri med dottera Ronja. Foreldra til Ragne valde å bu i ulike etasjar i samme hus da dei skilde seg. - Ein god oppvekst, seier Ragne.

DET GJEKK FINT: Ragne Stauri med dottera Ronja. Foreldra til Ragne valde å bu i ulike etasjar i samme hus da dei skilde seg. - Ein god oppvekst, seier Ragne.

– Eg kjenner ikkje til noko anna enn at foreldra mine var venner. Og at dei lét oss vere der vi ville. Vi feira høgtidar, bursdagar og feriar saman helt til eg vart vaksen. Foreldra mine greidde å snakke saman og samarbeidde.

– Det heldt fram også når dei fekk nye partnarar. Dei er framleis gode venner. Og eg er veldig glad i dei nye partnarane til foreldra mine i dag og ville ikkje vore utan dei.

Ragne er også ein av informantane i boka til Sarromaa. Med bakgrunn i eiga erfaring har ho eit tydleg råd til foreldre som går frå kvarandre.

– Dei aller fleste nå går for delt omsorg, altså 50–50 hos mor og far. Viss mogleg, så bør foreldra bu så nær kvarandre som mogleg. Det var uvurderleg for meg å sleppa å føla at eg var på flyttefot annakvar veke, men kunne gå imellom på ein naturleg måte.

Les også Flere foreldre vil ha 50-50-løsninger for små barn

Gutt krabber ut av sandkasse

Vaksne må vere vaksne

Ifølge barnepsykolog Kerstin Söderström, som også er med i boka, kviler alt på foreldra. At dei både klarar å snakke saman, og med borna, slik at dei får ei kjensle av å høyre til i same familie.

Barnepsykolog Kjerstin Söderström

ALT KVILER PÅ FORELDRA: Barnepsykolog Kerstin Söderström er tydeleg på at ansvaret ligg hjå foreldra.

ALT KVILER PÅ FORELDRA: Barnepsykolog Kerstin Söderström er tydeleg på at ansvaret ligg hjå foreldra.

Men Söderström er også opptatt av at mange born kunne hatt godt av at foreldra gjekk frå kvarandre. Foreldre som kranglar, slår, mishandlar, ruser seg eller berre foraktar kvarandre, kan øydelegge mykje for born.

Les også Stadig flere får adresse hos far etter samlivsbrudd: – Et tema som skaper mye konflikt

Illustrasjon

Dei som bør gå frå kvarandre

Sanna Sarromaa fortel i boka om kor intenst ho ønskja at mor skulle gå frå far hennar, som var alkoholikar. Det var eit giftig forhold. Og til sist døydde far – like før mor.

Ho synest at slik skal ikkje born ha det. Likevel har ho gjennom samtalene med alle skilsmisseborna komme fram til at ein aldri skal argumentere med borna når ein vel å gå frå kvarandre. Teorien om at lykkelege foreldre har lykkelege born held ikkje alltid stikk.

Sanna Sarroma foran datamaskinen

FRÅ INTERVJU TIL BOK: Sanna Sarroma har samla intervjua ho gjorde med skilmisseborna i ei ny bok.

FRÅ INTERVJU TIL BOK: Sanna Sarroma har samla intervjua ho gjorde med skilmisseborna i ei ny bok.

– At mor har funne seg ein ny mann å elske, betyr ikkje at borna blir lykkelegare. Ei skilsmisse er eit brot som gjer vondt for born.

Verda er full av skilsmisseborn, små og store, born og vaksne. Med ulike erfaringar. Og mange med store eller små sorger dei ber på.

– Vi skal anerkjenne den sorga, seier Sanna Sarromaa.

Les også Til barnas beste

Familie på tur sett bakfra ill foto