Hopp til innhold

Femundløpet er i gang: Konflikt har prega miljøet

Ein oppheita diskusjon rundt dyrevelferd oppstod etter Finnmarksløpet 2022. No blir det klarare forventningar til hundespanna.

Femundlopt2

I GANG: Start og mål under Femundløpet er på Røros. Mange har møtt opp for å få med seg starten på løpet.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Startskotet har gått for hundekøyrarane på Røros. Fleire enn før stiller til start på dei fire distansane i langdistanseløpet, med rundt 200 påmelde hundespann.

Arrangøren har gledd seg lenge til å ta imot både «veteranar» og «rookies» på Røros.

– Vi skin om kapp med sola, seier Jon Anders Kokkvold, som er dagleg leiar.

Men det siste året har hundekøyrar-miljøet vore prega av ein konflikt rundt dyrevelferd.

Thomas Wærner, som vann Finnmarksløpet 2022 og vart noregsmeister, vart skulda for å køyre ut med skadde hundar.

Det sette i gang ein diskusjon om handheving av reglane. Wærner vart frikjent for dette, men konflikten har ført til ei presisering av rollefordelinga for dømminga under desse løpa.

Les også Sendt ny klage om norgesmester Thomas Wærner: – En stor skandale

Petter Jahnsen og Thomas Wærner på starten og slutten av Finnmarksløpet 2022.

Ny forskrift for konkurransedyr

I slike langdistanseløp som Finnmarks- og Femundløpet, må hundespanna gjennom obligatoriske sjekkar av veterinærar. Det er ein såkalla stevneveterinær med, som har det overordna ansvaret.

Frå 1. juli 2021, kom ei ny forskrift som handlar om konkurransedyr, og Finnmarksløpet var det første som vart arrangert etter reglane kom.

Femundlopet3

START: Løpet starta klokka 10 torsdag 2. februar og målgang er søndag.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Her finst det reglar for korleis arrangørar av blant anna hundeløp skal regulere konkurransane. Det er særleg punktet om stevneveterinæren som er blitt diskutert etter Finnmarksløpet.

Mattilsynet gav Finnmarksløpet pålegg om å presisere kva myndigheit stevneveterinæren skal ha.

Les også Som 10-åring skrev Annbjørg en huskelapp: – Du SKAL bli hundekjører

Annbjørg Bakken maserer en av hundene sine

Har hatt problem med å skaffe veterinærar

Dette har dei også teke grep om før Femundløpet 2023, ifølge Jon Anders Kokkvold, som er dagleg leiar for løpet.

Stevneveterinæren har det overordna ansvaret. Dei har full myndigheit over spannet. Dei kan ta spannet ut av konkurransen, eller enkelte hundar. Dei har siste ord, seier han.

Han fortel at dei har gått ei runde med forbundet og sporten i seg sjølv.

For oss som arrangør handlar det om å trygge dei frivillige på kva mandat dei skal operere under. Vi har lagt opp eit eiget opplegg som er presentert til køyrarane, korleis vi forventar at spannet skal presenterast ved sjekkpunkt, seier Kokkvold.

Han fortel at løpet har rundt 650 frivillige. Veterinærane er også det. Usikkerheit rundt mandatet veterinærane har ovanfor utøvarane har skapt problem før, seier Kokkvold.

Vi har hatt utfordring med å rekruttere norske veterinærar som ikkje ønsker å stå i konflikten mellom utøver og arrangør. Viss utøver vel å seie at hunden berre er stiv og at det går seg til – og om veterinæren er ueinig då må ein gå til det steg å pålegge og ta ut hunden.

Kokkvold seier dei ikkje kan legge skjul på at konflikten etter Finnmarksløpet har blitt mykje snakka om.

At det har prega sporten kan ein ikkje underslå. Slik som vi no opplever det er det fleire partar som har gått i seg sjølv og ser på korleis ein skal drifte sporten framover i tid.

Les også Hevder vinneren av Finnmarksløpet er utsatt for svertekampanje

Vart klaga inn og frikjent

Etter Finnmarksløpet i 2022, meinte fleire at den profilerte hundekøyraren, Thomas Wærner hadde køyrd med skadde hundar.

Ein av veterinærane under løpet meinte at to av hundane hans halta. Wærner sjølv, sa til NRK at hundane hans var godkjente av to andre veterinærar, som hadde gitt han grønt lys for å køyre.

Femundlopet

STILLER TIL START: Thomas Wærner er blant dei som deltek i Femundløpet 2023. Han vil ikkje kommentere konflikta han er innblanda i.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Men etter løpet klaga fem av konkurrentane hans til Hundekøyrerforbundet. Forbundet har frikjent han for dette.

Thomas Wærner ønsker ikkje å kommentere denne saka til NRK før Femundløpet startar.

– Eg gler meg til å køyre eit flott løp saman med mange andre flotte hundekøyrarar, seier han.

Les også Ber hundeløp-toppene trekke seg: – Gi jobben til noen som følger reglene

Sunt med diskusjonar

Hans Petter Dalby er ein av NRK sine ekspertkommentatorar, og har jobba mykje som kommentator under Finnmarksløpet.

Han seier også at denne konflikten har prega miljøet det siste året. Men Dalby meiner det kan vere sunt med slike diskusjonar.

– Finnmarksløpet og Femundløpet har blitt kalla for verdsmeisterskap i hundestell. For å få til samspelet må ein ha fokus på dyrevelferd. Og så kan det komme opp situasjonar der dette blir utfordra.

Presse Finnmarksløpet

BRA DEBATT: Hans Petter Dalby, som er NRK sin ekspertkommentator, meiner det er sunt å ha slike diskusjonar.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Han meiner det er bra denne diskusjonen blant anna har ført til at arrangørar nå har måtta tydeleggjere rollefordelinga for dømminga, og korleis stevneveterinæren skal utøve sin myndigheit dersom hundekøyrarar bryt løpets regelverk.

Dalby seier at hundekøyrarar er opptekne av dyrevelferd og aldri vil køyre med halte hundar. Det er dei som i dei aller fleste tilfella også bestemmer kva hundar som eventuelt ikkje skal vere med vidare.

Det kan vere tilfelle der utøvaren meiner at hunden berre er stiv og støl, men at dette kjem til å gå raskt over når hunden blir varm.

Men no skal stevneveterinær og andre løpsveterinærar eventuelt i samråd med dommar og jury krevje at hundar som er vurdert til ikkje å kunne delta vidare skal takast ut av løpet.

Regelverket er klart. Ein hund som reiser frå sjekkpunkt skal ikkje halte. Det er greitt for køyrarane også å få klargjort reglane.