Hopp til innhold

104 smitta på ei veke: – Fare for at vi mistar kontroll over utbrotet

Smitten er spreidd over tre kommuner i Hamarregionen og fleire har ukjent smitteveg. Kommuneoverlegen fryktar dei snart sprenger kapasiteten.

Teststasjonen på Hedmarken, koronatest, korona, smitte

Dei siste tre dagane er 42 nye personar i Hamar, Ringsaker og Stange bekrefta smitta. Smitten er spreidd utover og det er mange små klynger av utbrotet.

Det fortel kommuneoverlegen i Hamarregionen, Cecilie Blakstad Eikenes. Ho seier situasjonen er utfordrande. Hos rundt 17 prosent av dei smitta, veit ein ikkje kor dei har fått viruset frå.

– Vi ser at smittesporing og testkapasiteten er i ferd med å bli sprengt. Det er ei fare for at vi kan miste kontroll over utbrotet.

Oppretta karanteneforskrift

Fleire av dei som er smitta er ungar i skulealder. Ved skulestart 16. august vart det vedteke nasjonalt at ungar skulle bli friteke frå smittekarantene, og i staden bli testa.

Det la høgt press på teststasjonane i Hamarregionen.

– Det vart raskt ei utfordring fordi vi fekk veldig mange smitta ungar i løpet av få dagar, fortel kommuneoverlegen.

Cecilie Blakstad Eikenes, kommuneoverlege Hamarregionen

SPRENGT: Kommuneoverlege Cecilie Blakstad Eikenes seier det har vore ei veldig travel veke. Ho håpar ikkje dei sprenger kapasiteten sin fullstendig.

Foto: Privat

Dei vedtok å gå tilbake til karanteneordninga ein hadde før mellombels for å få kontroll på situasjonen. Det er smitte på meir enn 20 ulike klassetrinn, fleire barnehagar, høgskular og idrettsgrupper i desse kommunane.

Blakstad Eikenes er bekymra for at situasjonen skal eskalere og at dei skal få eit enno større utbrot.

Ho oppmodar at også ungar er heime og testar seg om dei får symptom, med unntak av om dei berre har rennande nase.

Kommuneoverlegen seier det kan bli aktuelt med fleire lokale tiltak og forskrifter.

– Vi må fortløpande vurdere tiltak ut frå smittesituasjonen og det er viktig å finne tiltak som treff så godt som mogleg.

Ålesund vurderer også å innføre lokale restriksjonar der. Der er 30 nye smitta i helga og 13 av dei er studentar.

  • Også nytt i haust, er at studentar ikkje treng å ha ein meter avstand mellom seg i førelesingssalen. Det reagerte studentar i Innlandet på:

– Vi er lei

Førre veke gjekk kommunane ut med ei anbefaling om å avgrense sosial kontakt og helst ikkje vere fleire enn ti personar i private heimar. Dei anbefalte også folk å ta på munnbindet igjen der dei ikkje kan halde ein meter avstand.

Kommunalsjefen i Ringsaker, Sverre Rudjord synest det var leit å nok ein gong måtte gå ut med ein slik bodskap til befolkninga.

– Det er i grunnen litt kjedeleg. No begynner vi å bli lei av denne pandemien alle saman. Men vi er i ein vaksineinnspurt som vi snart blir ferdige med, seier Rudjord.

Sverre Rudjord, kommunalsjef i Ringsaker

KJEDELEG: Kommunalsjef, Sverre Rudjord synest ikkje noko om å måtte be befolkninga ta i enno eit tak.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Smitten er spreidd, og noko kjem frå reiseverksemd, seier han. Og blant dei 104 smitta er det folk som har fått både ei og to vaksinedosar.

Rudjord oppmodar om å ikkje slappe av sjølv om ein er vaksinert.

– Eg tenker kanskje folk kan ha lett for å tru at når dei har fått vaksine er dei trygge. Det er dei stort sett, men ein kan bli smitta. Vi oppfordrar folk til å teste seg sjølv om dei er vaksinerte.

Flere saker fra Innlandet