Hopp til innhold

Asylmottak blir lagt ned etter 23 år: – Bygda blir ein fattigare stad

Lokalsamfunnet sørger over å miste mottaket som har vore ein stor del av bygda. Marte seier det ikkje berre er eit tap for bebuarane, men at kommunen mistar eit vindauge mot verda.

Marte Tangen i Vang Frivilligsentral.

MEINER MOTTAK ER NØDVENDIG: Marte Tangen i Vang Frivilligsentral meiner bygda taper på å leggje ned asylmottaket. Ho synest det er vanskeleg å forstå at dei ikkje lenger skal ha mottak i Vang.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ved nyttår går kontrakten UDI har med Grindaheim asylmottak i Vang i Valdres ut. Det betyr etter alt å døme slutten for mottaket som har vore i drift sidan 1999.

På seks år har talet på asylmottak i Noreg gått frå 295 til 20. Eit av dei eldste mottaka i landet, Drevsjø i Engerdal blir lagt ned denne månaden. Dei har halde på i 30 år.

I Vang ligg mottaket midt i sentrum av fjellbygda, berre eit steinkast frå kommunehus, bibliotek, butikk og andre tilbod.

210 bebuarar blir flytta og dei tilsette mistar truleg jobben. Det vil få store konsekvensar, meiner innbyggarane.

– Mottaket betyr mykje for lokalsamfunnet her. Vang blir ein fattigare stad utan det, seier Marte Tangen, leiar for Vang frivilligsentral.

Grindaheim asylmottak

SNART SLUTT: Det raude bygget var hotell fram til slutten av 1990-talet. Sidan har det vore asylmottak. No er framtida til bygget uvisst.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Stort tap for lokalsamfunnet

Når 2021 blir til 2022 blir dørene etter alt å dømme stengt også i Vang. Marte Tangen hos Frivilligsentralen seier mottaket har vore ein viktig del av bygda.

– Mottaket er eit vindauge ut mot verda. Barna på skulen lærer andre barn å kjenne, vi får smake mat frå andre delar av verda og vi får oppleve ein del av verda, sjølv om vi bur i ei lita bygd i Noreg, fortel Tangen hos Frivilligsentralen.

Ho har mange med seg når ho seier at nedlegginga er ei sorg for bygda.

– Vang-samfunnet er mangfaldig, med både lange sterke tradisjonar og masse folk som kjem utanfrå. Mykje blir fattigare utan mottaket, seier ho.

Ordfører i Vang, Vidar Eltun.
– Det er så mange som vil tape på det, så eg ser ingen fordeler i det heile tatt, seier ordførar Vidar Eltun (Ap).
Asylmottaket som hun jobber på legges ned.
Dei tilsette på mottaket smiler foreløpig, men trur Vang vil lide av at leggast ned. – Me lærer noko nytt av beboerne og kvarandre kvar dag, seier mottaksleier, Bente L. Dalåker.
vang-smittefri anine kattevold
Også butikksjefen i Vang seier mottaket og folka der vil bli djupt sakna. – Vi har så godt forhold til dei, seier Anine Kattevold.

UDI: Treng ikkje like mange langsiktige mottak

Siv Kjelstrup er regiondirektør i UDI. Ho seier dei har vore veldig nøgde med drifta ved asylmottaket i Vang.

Planane om nedlegging kjem av at UDI ikkje lenger har behov for like mange langsiktige mottak.

– Vi har hatt mykje lågare innkomstar dei siste åra. Og den siste tida med pandemien har det vore ekstremt låge innkomstar. Dermed er ikkje behovet lenger til stades for så mange plassar, seier Kjelstrup.

Asylmottaket i Valdres har ikke lenger kontrakt til å fortsette.

IKKJE GRUNNLAG FOR MOTTAK: Kjelstrup fortel at prognosetalet i dag ikkje gir grunnlag for fleire mottak no. – Det kostar mykje pengar å ha asylmottak som ikkje har bebuarar.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Som ein del av beredskapen har UDI avtaler med operatørar som kan skaffe innkvartering svært raskt. Nokre av disse avtalane er no tatt i bruk ved evakueringa frå Afghanistan.

Det er mottaket i Hå i Rogaland eit døme på. I august vart det lagt ned etter 12 års drift, men måndag kom meldinga om at det skal opne opp igjen – denne gongen som akuttmottak for nye flyktningar frå Afghanistan.

Ordførar Vidar Eltun (Ap), seier dei har bygd opp mykje kompetanse ved mottaket, som han er redd forsvinn.

Med tanke på situasjonen i Afghanistan er han skeptisk til å bygge ned kompetansen akkurat no.

– Det er jo ei enorm flyktningkrise og vi ser kor fort det endrar seg. Det kan jo komme fleire flyktningar. Viss ein bygger ned så tar det lengre tid å bygge opp igjen. Kompetansen som er her på mottaket er heilt enorm.

Vil du vite meir om asylmottak? Ferske tal viser at ein asylsøkjar i Noreg i gjennomsnitt bur over 1600 dagar på mottak. – Det slit på psyken til bebuarane, seier leiar på asylmottak.

Ahmad er redd for å miste vennene

Blant dei som no må flytte frå Vang i Valdres, er 39 år gamle Ahmad Mohamed Ali Obo.

Han kjem frå øya Fumaiyu i Sør-Somalia, men har budd på asylmottaket i Valdres i 11 år.

– Det er veldig tøft for meg.

Obo jobbar på frivilligsentralen i Vang, og er med å hjelpe til der det trengst.

Ahmed Ali må flytte fra asylmottaket i Valdres.

KLART MÅL: Ahmed Ali er ikkje i tvil om kva som er dei store målet – han håpar han ein dag kan få opphaldsløyve. – Eg håpar ein dag å få opphald, så eg kan jobbe med folk og prate norsk, seier han.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Men etter nyttår må han, med resten av gjengen på mottaket, flytte ut.

– Vi prøver å berre tenkje positivt, men det blir veldig tungt for meg om mottaket blir lagt ned. Då mistar eg mange venner her, seier han.

  • Nahla Alhelfee og familien flytta nyleg til eit nyetablert mottak i Ringsaker, men føler ikkje dei ikkje får den støtta dei treng. Les meir om familien si historie her: