Hopp til innhold

I fjor vart han dømt i «rasisme-saka i Elverum»: No er han sikta igjen

Mannen er tidlegare dømt for vald og truslar mot ein norsk-somalisk familie. No er han varetektsfengsla grunna gjentakingsfare.

Politihuset i Innlandet

SIKTA: Ein mann i 20-åra er varetektsfengsla fram til 1. mars.

Foto: Per Magnussen

– Det gjeld misbruk av overmaktsforhold. Det er tale om seksuell omgang med ei kvinne, der me etterforskar om det har skjedd utnytting.

Det seier påtaleansvarleg og politiadvokat Maria Husebye Fossen i Innlandet politidistrikt.

Hendinga skjedde forrige helg. Kvinna skal ha meldt saka til politiet, og skal ha forklart seg.

Mannen er også sikta for eitt punkt der rettsavgjerda viser til at mor til fornærma melde sak til politiet. Saka blei ifølge Fossen meldt for ei kort stund sidan.

– Det andre forholdet han er sikta for er seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år, og for truslar, som me etterforskar, seier Fossen.

Les også Far og sønner dømt for vold og trusler mot norsk-somalisk familie

Ridwan Ali Mussa og Fadumo Ali Bulhan i tingretten

Varetektsfengsla

Retten har lagt vekt på at begge punkta gjeld seksuell omgang med unge eller sårbare jenter. Dei to jentene kjenner kvarandre, opplyser Fossen.

Mannen er attrådd varetektsfengsla fram til 1. mars 2023 når hovudforhandlingane i ei anna sak startar.

Fossen seier mannen er kjent for politiet i Elverum.

Han er tidlegare dømt for brot på vegtrafikkloven og for truslar og vald i saka som blei omtalt som rasismesaka i Elverum. Han er no også tiltalt for valdslovbrot og brot på vegtrafikkloven.

– Han er blitt varetektsfengsla på grunn av gjentakingsfare for nye straffbare forhold, seier Fossen.

Politiadvokat Maria Husebye Fossen

PÅTALE: Påtaleansvarleg og politiadvokat Fossen seier det ligg føre ein nyleg dom frå Øvre Romerike tingrett som ikkje er rettskraftig endå, og det er også tatt ut tiltale som skal opp for retten i mars i Elverum.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Meiner seg ikkje skuldig

I retten erklærte sikta seg ikkje straffskuldig. I rettsavgjerda står forklaringa til sikta, og han meinte at den seksuelle omgangen med kvinna skjedde etter at ho hadde sagt ja til det.

Han skal ha vore med broren sin då han var med jenta, og dei tre skal ha drukke og røykt saman før hendinga. Dei hadde også vore ute for å kjøpe hamburgar og brus. Sikta meinte kvinna ville betale for dette.

Politiet vil etterforske begge sakene som gjeld dei to jentene.

– Det er ei prioritert sak. Det vil bli tatt ei rekke avhøyr, av dei fornærma og eventuelle vitne, seier Fossen.

Strafferamma for siktinga er ifølge Fossen seks år.

NRK har vore i kontakt med forsvarar til mannen, Anders Frydenberg, og han seier klienten hans ikkje vil at Frydenberg skal uttale seg om saka. Dette fordi sikta har nekta straffskuld.

Tidlegare dømt for vald og truslar

Mannen blei i fjor, saman med far og bror, dømt for vald og truslar mot ein norsk-somalisk familie.

I saka opplevde familien så alvorlege truslar at dei orka ikkje meir, og valde å flytte til Oslo. Elverum blei omtalt som ein rasisme-by.

Faren blei dømt til fengsel, medan dei to sønene fekk vilkårsbunden fengselsstraffer på 30 og 60 dagar.

Dermed skulle dei to brørne sleppe å sone, dersom dei ikkje gjorde nye lovbrot i prøvetida på tre år.

Les også Rasisme i retten: – Tar kampen for mange andre

Aisha Abdullahi, Fadumo Ali Bulhan og Ridwan Ali Mussa

Tiltalt for valdshending og bilulykke

Mannen i 20-åra og ein gut under 18 år blei også tiltalt for kroppsskade i januar. I siktinga frå oktober 2022 kom det fram at dei to skal ha sparka ein soldat medan han låg nede.

Fornærma vart slått umedviten utanfor Kremmertorget i Elverum.

Ifølge bistandsadvokat til fornærma, Torgeir Røinås Pedersen, klarte ikkje 19-åringen å halde fram i militæret etter overfallet og måtte slutte.

Den yngste av dei tiltalte erkjente straffskuld for valdshendinga. Den eldste erkjente å ha slått den fornærma, med har sagt at han handla i nødverje.

Mannen i 20-åra er også tiltalt etter ei trafikkulykke i Elverum i juni 2022.

Han skal ha køyrd med promille og i høg fart. Bilen hamna i motgåande køyrebane, enda i grøfta og blei liggande på taket. Ingen av dei fire som var i bilen blei alvorleg skadd.

Rettssaka er sett opp i Østre Innlandet tingrett 1. og 2. mars.

Les også Soldat sparket i hodet mens han lå nede

Kremmertorget kjøpesenter i Elverum