Med pop og EDM har pinsebevegelsen stått opp igjen

Moderne lovsong har erstatta tungetale og lokkar fleire til gudstenester i pinsekyrkjene.

Høg musikk og blide fjes. Hender i været og allsong. Unge som hoppar i takt til livemusikken frå scena.

Det kjennest ut som vi er på konsert. Men vi er på gudsteneste i pinsekyrkja Salt.

Dei som er her er unge. Bodskapen dei får servert, er langt frå ny. Men den er pakka inn på ein ny måte.

Og det slår an hjå unge kristne.

På storskjermen blir det vist heilproffe filmsnuttar, med songteksten lagt oppå slik at ein kan synge med.

Bandet bygger opp til stadige musikalske klimaks. Publikum er med på notane. Det går i pop, soul og EDM (elektronisk dansemusikk), ikkje så reint forskjellig frå det som elles herjar spelelistene på Spotify.

«For Jesus eg har kommen for å øse ut mitt hjarte for deg» blir rulla ut over eit bilde av eit dansande nordlys på himmelen.

Himmelsk medlemsvekst

I 2018 samla Salt i snitt tusen personar til gudsteneste, kvar søndag på sju stader i landet.

Her i Bergen, der frikyrkja vart etablert først for 15 år sidan, har dei fire gudstenester aleine. På ein utestad midt i sentrum.

Frikyrkja er no ei av dei som veks aller raskast. Også den internasjonale bevegelsen Hillsong, som har det same moderne uttrykket i gudstenestene sine, er i vekst over heile landet.

Etter ein del år med nedgang fram til 2012, er Pinsebevegelsen på frammarsj. Nyleg passerte dei 40.000 medlemmar igjen.

Dei nye gudstenestene lokkar mange. Salt og Hillsong representerer det redaktør for religion og debatt i avisa Vårt Land, Alf Gjøsund, har kalla «det nye mainstream i Pinsebevegelsen».

På «shopping» etter Jesus

På toppen av Fløyen rettar Trine Hegre (22) den heimestrikka votten sin mot byen 300 høgdemeter lenger nede. Det er opplett og vestlandshovudstaden viser seg frå si beste side.

Medan ho peiker på ulike stader i byen, fortel Hegre om «kyrkjecrawlen» ho var på saman med 30 andre studentar, då ho først kom til Bergen frå Sirdal for tre år sidan.

– Vi gjekk til Salt, og så var vi i Salem. Vi var også i Betlehem og i nokre mindre frikyrkjer. Det var jo berre å velja og vraka, smiler den 22 år gamle jusstudenten.

For det er flust med frikyrkjer i Noreg. Unge kristne kan nærast «shoppe» meinigheiter dei sjølve ynskjer å gå i. Hegre, som vaks opp med tradisjonskristne foreldre, valde Salt som sin stad i Bergen.

– Når eg kom der vart eg så godt teken i mot. Det var god musikk og eit godt fokus på Jesus som din personlege ven og relasjon. Eg føler ein fred og ei glede på gudstenestene deira, og tenkjer «wow, er eg ein del av dette».

Eivind Galdal (21) frå Skien hadde allereie bestemt seg for at Salt var hans plass då han kom til Bergen i fjor haust. Galdal vaks opp i Misjonskyrkja.

For han var det avgjerande at kyrkja han går til kjennest relevant og «i tida».

– Dei nyttar moderne verktøy for å nå ut med bodskapen sin. Og dei klarer å gjere eit bodskap, som mange i dag ser på som utdatert, til noko relevant du kan ha med deg i kvardagen.

– Eg likar også at vi syng songar som liknar den musikken vi elles høyrer på. Meinigheita er liksom på akkord med resten av samfunnet. Gapet som har vore mellom kyrkja og samfunnet elles, er mindre. Det gjer det lettare å komme inn i fellesskapen, meiner 21-åringen.

Eivind Galdal og Trine Hegre på gudstjeneste i Salt Bergen

OPPLEVING: Eivind Galdal og Trine Hegre under studentgudstenesta i Salt i Bergen. – Ei gudsteneste med Salt er skikkeleg god stemning, seier Galdal

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Lovsong er blitt kult

– Kristent ungdomsarbeid veks i Noreg. Det går betre enn mange trur.

Bård Eirik Hallesby Norheim er ikkje overraska i det heile over utviklinga.

Førsteamanuensen ved den kristne høgskulen NLA i Bergen, har saman med kollega Knut Tveitereid forska på kva som gjer at kristent ungdomsarbeid fungerer.

Norheim har tre enkle forklaringar på kvifor unge blir lokka til dei moderne frikyrkjene:

Lovsongen, velkomsten og eit «teologisk slingringsmonn».

– Lovsong er blitt hipt og kult. Desse frikyrkjene er veldig gode på det. Og så er dei svært flinke til å ta i mot nye folk, slik at dei blir verande. Og det skapar eit visst teologisk slingringsmonn, seier Norheim og forklarer vidare:

– Du må vera med ei stund for å bli kjent med heile teologien i desse meinigheitene. Det er nåde og velkomst som står i front. Difor dukkar dei mest kjente stridsspørsmåla, som homofile sin plass i kyrkja og likekjønna ekteskap, først opp seinare eller på ein anna plass enn før.

For dei som ikkje trur så mykje

– Det er ingen som har fått heile doktrinen i ei frikyrkje presentert under den første kaffikoppen, seier Øystein Gjerme.

Han er hovudpastor og grunnleggar av Salt. Og snart sjef for eit nytt kulturhus.

Med vernehjelmen trygt på hovudet, viser Gjerme fram innsida av gamle og ærverdige Forum kino på Danmarks plass. Det har lenge lagt heilt i brakk, men no er her mange stillas og handverkarar i fullt arbeid.

Art deco-bygget i Bergen er i ferd med å stå opp frå dei døde.

Gjerme har kjøpt ein ny heim for den stadige veksande frikyrkja si. Men det skal også bli eit «kulturhus for heile Bergen». Investeringa er på over 100 millionar kroner.

– Framtida ligg i slå grendehus og bedehus saman. Då blir terskelen lågare og døra breiare, seier 43-åringen.

– Dette bygget kan nyttast til andre ting enn våre gudstenester. Då vil også overgangen vera enklast mogleg for folk flest i Bergen.

Moderne innpakning

Gjerme håpar altså på vidare medlemsvekst når dei til sommaren flyttar inn i nye Forum. Målet er å nå 2500 medlemmar.

Han trur Salt veks fordi dei held gudstenester som folk tør å vise fram til andre. Eit moderne og tilgjengeleg uttrykk, forklarer han.

Dei har gjort konkrete val i gudstenesta og fjerna dei tinga som tidlegare kunne skremme folk vekk. Metodane står ofte i vegen for å formidle den tradisjonelle evangeliske bodskapen, meiner Gjerme.

Difor er det ut med tungetale og folk som går i golvet til halleluja-rop. Inn med musikk som høyrest ut som noko Kygo kunne laga, og preken du kan laste ned som podkast og ta med deg over alt.

Vi vil vere ei kyrkje også for dei som ikkje trur så mykje

Øystein Gjerme, hovudpastor i Salt

Men, dette er framleis pinsebevegelsen. Det er bibeltru og konservative verdisyn. Ekteskapet skal vera mellom mann og kvinne. Læking ved bøn. Og dei talar i tunger, men altså ikkje på gudstenesta.

På spørsmål om han har innført eit teologisk slingringsmonn, slik Norheim ved NLA meiner, teiknar Gjerme opp ein sirkel med hendene.

– Tradisjonelt har ein tidlegare definert medlemmane i frikyrkja anten innanfor eller utanfor denne sirkelen. Vi trur det er mykje betre å løfte opp eit tydeleg sentrum: Jesus elskar alle og er her for alle.

I Salt er det pastor- og leiargruppa som har forplikta seg til å vera teologisk nærast sentrum. Lengre unna sentrum er ein mindre forplikta.

Men Gjerme vil også ha dei som medlemmar i kyrkja si.

– Det viktigaste er at du er på veg i retning mot Jesus. Folk skal få tilhøyre først, så kan dei gripe trua etter kvart, svarar Gjerme.

– Gud, takk for at for du inviterer oss til å gi

Tilbake i gudstenesta på utestaden Ricks i Bergen. På scena står ei av studentleiarane i Salt. I handa har ho ein bibel. Medan ho siterer frå Andre Mosebok, legg bandet eit roleg lydteppe trygt under opplesinga.

No handlar det om å gi ei gåve. Ikkje etter befaling frå Gud, men frivillig.

– Alright, skal vi be for dette?, spør ho frå scena.

Alle reiser seg. Nokre foldar hendene.

– Gud, takk for at du inviterer oss til å gi. Amen. De kan anten gi på bankkort bak i baren, eller så kan de vippsa til nummeret som står på skjermen no.

Mobilar blir plukka fram. I den mørke salen blir unge fjes lyst opp av den vesle skjermen.

Og, i denne frikyrkja gir medlemmane. Ifølgje Bergens Tidende drog Salt inn 1,5 millionar kroner på kollekt i 2017.

Det er med å gi god nok økonomi til at Salt kan flytte inn ein stad der dei kan vekse seg enno større.

Salt-pastor Øystein Gjerme i nye Forum i Bergen

KULTURHUS: I tillegg til den nye konsertscena i amfiet, byggjer frikyrkja til Øystein Gjerme konferanse- og møterom i dei gamle kinolokala i Forum.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kanskje ikkje for alle

Han blir pastor på søndagar. Forretningsmann resten av veka.

Jobben Øystein Gjerme har gjort med Salt vekkjer oppsikt. No er han føreslått som ny leiar av heile Pinsebevegelsen i Noreg.

Men først skal han gå frå å leige ein utestad i Bergen sentrum, til å driva utleige av eige kulturhus.

I storsalen som er under ombygging i Forum, vil det vera plass til eit publikum på 1500 under konsertar. Interessa frå arrangørar i kulturbyen skal vera stor. Bestillingar til hausten har allereie byrja å tikke inn.

Dermed ligg alt til rette for konsertar og alkoholservering på laurdagar. Forkynning og gudstenester på søndagar.

I amfiet gjentek Gjerme nok ein gong visjonen om å gi Forum tilbake til Bergen.

– Du er ikkje redd for at nokon ikkje vil leige hjå dykk då?

– Eg trur vi skal kunne klare å svare godt for det. Det er religionsfridom og ytringsfridom i Noreg. Vi vil samarbeide med ulike selskap som driv konsertar slik at vi har ei lik forståing i forhold til bruken av huset.

– Kva gjer du om Pride kjem og vil leige salen?

Vi hadde snakka med utleigeselskapet og leiinga vår, og tatt det opp i gruppa. Så hadde vi komme fram til ei avgjerd på det, er alt Gjerme vil seie til det spørsmålet.

Eivind Galdal på quiz-kveld i Salt

QUIZ: Kvar veke møtest ulike grupperingar i Salt til bibelmøte, fest eller samlingar. Her er 40 unge studentar samla på nettverksfest i eit kollektiv på Danmarks plass. Her er det ingen alkohol, men langt frå alle er likevel avhaldne. Etter Eivind Galdal sin quiz, er det ut på byen for å feste vidare.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Å leie i ei retning

Så er det kanskje ikkje alle som er like velkomne likevel. Gjerme innrømmer at det er komplisert å vera pastor for unge menneske i dag, i eit samfunn med mange liberale verdiar.

– Vi har ulike subkulturar, ulike uttrykksformer og orienteringspunkt. For å spegle dette mangfaldet, så trengst det fleire ulike typar frikyrkjer, meiner pastoren.

Han peikar tilbake på sirkelen, der han løfta Jesus opp i sentrum.

– Det er om å gjera halde sentrum tett nok med dei som har meldt seg. Så får folk elles få vere med så mykje dei vil. I kristent leiarskap er det vår oppgåve å leie i ei retning og halde fast på vårt trusgrunnlag.

Ikkje det viktigaste for dei unge

Dei to unge studentane vi møtte på Salt-gudstenesta, nektar for at det ikkje er rom i deira meinigheit for å ta opp dei klassiske stridsspørsmåla.

Men det skjer altså ikkje på dei opne gudstenestene.

Både Eivind Galdal og Trine Hegre meiner dei vekevise bibel- og leiarmøta er ein betre arena for å diskutere vanskelege tema.

Dette er møter som skjer heime hjå folk.

Samstundes seier dei at stridsspørsmåla ikkje er det som opptek dei mest.

– Å vera liberal eller konservativ, eg likar ikkje å kategoriserer meg og andre som det eller det. Begge ber med seg så mykje meir enn nemninga på ulike ståstader. Derfor er ikkje det mitt største fokus. Eg trur folk også gjer det i mindre grad enn før, meiner Galdal.

Gudstjeneste i Salt

I VEKST: Gudstenestene her i Salt, og i Hillsong, liknar på rock- og popkonsertar. Den moderne innpakninga slår an hjå unge kristne.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Unge på leit etter svar

Bård Erik Hallesby Norheim på NLA ser det same hjå dei unge kristne han har forska på. Det er andre grunnar til at dei blir med.

Norheim meiner dei moderne frikyrkjene treffer unge som i dag er på leit etter noko som kan gi dei svar.

– Unge har som si store oppgåve å finne ut «kven eg er» og «korleis kan eg best vere meg sjølv».

– Men når uttrykket er så moderne og liberalt. Er ungdommane klar over kor konservativt det eigentleg er?

– I forskjellig grad. Men først og fremst vert desse frikyrkjene arena for ein form for sjølvrealisering, svarar Norheim.

Eivind Galdal (21) dreg litt på det same spørsmålet.

– Det var ikkje det første eg tenkte på, men eg var fullt klar over kva Salt som kyrkjelyd stod for. Eg oppdaga ikkje det undervegs, liksom. Det er mykje snakk om verdisyn i dagens kyrkjedebatt. Det er ikkje det viktigaste.

– Eg trur ikkje vi blei sett til denne jorda for å argumentera og krangla. Vi er her for å elska Gud og elska andre menneske. Det prøver eg å leve etter, avsluttar Trine Hegre.

Trine Hegre og Eivind Galdal på Fløyen

FOKUSET OPPOVER: For Trine Hegre og Eivind Galdal er trua viktig i kvardagen. Hegre likar å kalle seg «Jesus-etterfølgjar".

Foto: Jon Bolstad / NRK