Hopp til innhold

Trur på sjølvstyrte ferjer i norske fjordar innan 2020

I dag opna verdas første testområde for skip utan kaptein. Næringa og forskarar trur Noreg kan bli verdsleiande og få sjølvgåande skip om berre få år.

Modell av autonomt skip frå Rolls Royce

UTAN KAPTEIN: Slik ser Rolls-Royce Marine føre seg eit ubemanna ferje i norsk farvatn.

Foto: Rolls Royce

– Teknologi for fjernkontrollerte løysingar på skip finst allereie. Spørsmålet er kor langt me kan komma i retning av ubemanna fartøy, og kva typar skip dette er mest eigna for. Norske fjordar er ideelle testområde.

Det seier Jann Peter Strand, produktsjef for automasjon og kontroll i Rolls-Royce Marine.

Maritim industri trur at skip som er meir eller mindre ubemanna berre er få år unna.

– Me er tidleg i løypa, men ser gode moglegheiter for ubemanna fartøy, eventuelt at mannskap er om bord og kan gripa inn om naudsynt.

Verdas første testområde

Kystverket og Sjøfartsdirektoratet opna i dag Trondheimsfjorden som verdas første testområde for ubemanna skip.

Rolls-Royce trur såkalla autonome skip kan vera klare allereie om fire år.

Omtrent like optimistisk er seniorforskar Ørnulf Jan Rødseth i Marintek/SINTEF.

– Rundt 2020 er det realistisk å ha tilgjengeleg teknologi som kan setjast i drift.

Ørnulf Jan Rødseth i SINTEF

Ørnulf Jan Rødseth er seniorforskar i Marintek/SINTEF.

Foto: Privat

Rødseth ser føre seg lokal konteinartransport som eit aktuelt døme.

– Mykje tryggleik, juss og praktiske løysingar må drøftast, men me er i dialog med aktørar om ulike løysingar for kommersiell drift som kan vera på plass i 2020, seier Strand.

Rolls Royce Jann Peter Strand

TRYGGARE? Jann Peter Strand i Rolls-Royce trur ubemanna skip kan vera tryggare enn skip styrt av menneske.

– Globalt på sikt

– I første omgang blir det snakk om lokal transport, men på sikt også global skipsfart, trur Strand.

– Dagens sjøtryggleik er i stor grad bygd på at det er personar om bord, og me ønsker god dialog med utviklingsmiljøa for å kunna utvikla vår rolle både som myndigheit og tenesteleverandør, seier sjøtryggleiksdirektør Arve Dimmen i Kystverket.

Fleire store og små selskap jobbar med dei naudsynte teknologiane som skal til, og 4. oktober blir organisasjonen Norsk Forum for Autonome Skip skipa. Dei største aktørane i Noreg er ifølge Rødseth Kongsberg-gruppa og Rolls-Royce.

Autonom båt frå Maritime Robotics

FLYTANDE ROBOT: Selskapet Maritime Robotics har utvikla ein liten sjølvgåande båt som verken er bemanna eller fjernstyrt.

Foto: Andreas Misje / Maritime Robotics

– Noreg i særstilling

– Den faktiske teknologien blir i stor grad utvikla her i landet. Derfor er det veldig gledeleg at norske styremakter er positive til at me kan testa løysingane våre i norske farvatn, seier Strand i Rolls-Royce.

– Det er veldig stor aktivitet, og dette er ei kjempemoglegheit for norsk industri og transportnæring, seier Rødseth.

Han meiner Noreg er i ei særstilling, med nyskapande industrimiljø i til dømes Haugesund, Ålesund og Trondheim som kan landa denne teknologien.

Han håpar det blir opna for testing også i andre fjordar langs vestlandskysten.

– Men kva skjer med kajakkpadlaren som kjem i vegen for ei kapteinslaus ferje eller eit ubemanna konteinarskip?

– Vi jobbar med saka. Sikkerheit er heilt essensielt, seier Rødseth, og viser til at mesteparten av sjøfartsulukkene skuldast menneskeleg svikt.

– Ubemanna skip kan slik sett vera tryggare, på ein måte.