Hopp til innhold

Rekordmange førehandsrøyster skaper trøbbel for lokaldemokratiet

Bergen har vore dårlegast i landet på folkevalde per innbyggar. Nye bydelsstyre skulle hjelpe, men no blir innføringa utsett. – Veldig beklageleg, meiner Sp.

Valglokale 2019

LITE KØ: Rekordmange førehandsrøyster i 2019-valet gjorde køane kortare på sjølve valdagen mange stader i landet.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Bystyret i Bergen har vedteke at det skal opprettast åtte bydelsstyre. Ei styrking av nærdemokratiet, kalla dåverande byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) det då han lanserte planane i fjor.

Medlemmene skulle peikast ut av bystyret basert på valresultatet i kvar bydel.

Men, som mange andre stader i Noreg: I Bergen førehandsrøysta rekordmange av veljarane i 2019-valet – og dei 65.000 stemmene kan ikkje sorterast på kvar bydel.

Det er ein av årsakene til at Arbeidarpartiet no ikkje vil ha oppstart i april neste år likevel.

– Vi vil ikkje kunne få til god nok representativitet no. Difor føreslår byrådet at ein utset det til stortingsvalet i 2021, seier gruppeleiar Lubna Jaffery.

NRK kunne fortelje om utsettinga i samband med at byrådspartia Ap, KrF og Venstre onsdag skulle presentere sitt forslag til 2020-budsjett.

Lubna Boby Jaffery, byråd for arbeid, sosial og bolig i Bergen. Arbeiderpartiet.

UTSETT: Arbeidarpartiet og gruppeleiar Lubna Jaffery meiner den originale planen deira om at bystyret skal peike ut representantane ikkje er god nok, og vil heller ha direkteval allereie i 2021.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Veldig beklageleg

Bydelsstyra skal etter planen ha 13-17 faste medlemmer kvar, og er kostnadsrekna til 25 millionar kroner.

Pengar som no altså blir fjerna frå budsjettet. Det reagerer Senterpartiets Ove Sverre Bjørdal på.

– Eg synest det er veldig beklageleg. No har byrådet og bystyrets kontor jobba med denne saka i fire år, og ein burde forvente at dei hadde dette på plass til å kunne innføre bydelsstyra rett etter nyttår, seier han.

Det er tredje gong på 20 år at Bergen skal innføre bydelsutval.

I år 2000 fekk bydelsstyra ansvar for 85 prosent av kommunebudsjettet, men budsjetta sprakk og etter berre fire år blei ordninga skrota. I 2008 prøvde ein på nytt, med avgrensa fullmakter og utan budsjettansvar. Tre år seinare blei bydelsstyra igjen avvikla.

Sidan 2011 har Bergen vore kommunen i landet med færrast folkevalde per innbyggjar. Nye tall etter 2019-valet er ikkje klare.

Fylkesmannen i Hordaland er blant dei som har meint at det er plassert for mykje makt hos heiltidspolitikarane i bystyret, og at Bergen burde gjere som Oslo og innføre bydelsstyre.

Ove Sverre Bjørdal på Senterpartiet sin valgvake i Bergen

BEKLAGELEG: Ove Sverre Bjørdal (Sp) reagerer på at byrådet kjem med utsettinga i budsjettet når bystyret har vedteke at bydelsstyra skal opprettast. – Vi har ikkje fått signal om at dette skal utsettast i to år.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Vil ha direkteval

Kommuneadministrasjonen har no spurt Kommunaldepartementet om det er mogleg å halde direkteval til bydelsstyra under stortingsvalet i 2021, og ventar på tilbakemelding.

Men sidan partia framleis forhandlar om byrådsmakta i Bergen, kan mykje endre seg før budsjettet blir vedteke før jul. Sps Ove Sverre Bjørdal kan til dømes kome på vippen, og potensielt sørge for fleirtal for innføring av bydelsstyre allereie neste år.

Det åtvarar Ap mot.

– Vi har visst ei god stund at når veljarane i Bergen gjekk og stemte, kunne ikkje førehandsstemmene brytast ned på bydel. Så då måtte vi ha sett saman bydelsstyra basert på korleis byen som heilskap stemte. Og det er ikkje representativt, seier Jaffery.