Hopp til innhold
Bybanen i Bergen
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politikk i Bergen

Oppsummert

Byrådet i Bergen består av Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet. Byrådsleder er Christine Meyer (H).

  • Riksantikvaren vil freda innseglinga til Bergen

    Riksantikvaren varslar i ei pressemelding oppstart av områdefreding av områda rundt Bergenhus festning.

    – Bergenhus festning og Bergen er knytt til kvarandre, og dette er eit av dei viktigaste historiske anlegga i Noreg, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

    Ifølgje BT vil dette skapa problem for utbygging av ny cruisehamn.

  • Hemmelegheld informasjon om tur betalt av kommunen

    Byrådsleiar Christine Meyer (H) held hemmeleg sin kommunikasjon i samband med at ho i desember drog til København saman med nasjonale Høgre-toppar for å lære om arbeid mot ungdomskriminalitet, skriv BA.

    Bergen kommune betalte reiserekninga hennar på 22.000 kroner.

    Bystyreopposisjonen er kritisk til at skattebetalarane i Bergen betalte for «ei rein parti-reise for Høgre», men Meyer har tidlegare svart at ho deltok som byrådsleiar.

    Likevel blir kommunikasjonen i samband med turen ikkje offentleggjort, ved at det blir vist til at turen ikkje kom i stand gjennom hennar verksemd som byrådsleiar.

    – Enten bryt du offentligheitslova ved å ikkje gi innsyn i dokumenta, eller så misbrukar du offentlege middel til å betale for ein privat tur, meinte Thor-Haakon Bakke (MDG) i bystyremøtet i dag.

    Meyer heldt fast ved at dokumenta er intern kommunikasjon i høvesvis byrådsavdelinga og Høgre.

    Christine Meyer (H), byrådsleiar i Bergen
    Foto: Leif Rune Løland / NRK
  • Opnar faste matingsplassar for fuglar i Bergen

    Fleirtalet i Bergen bystyre skulle til å avvise eit innbyggarinitiativ for å kunne mate fuglar på trappa ved Festplassen ned mot Lille Lungegårdsvann. Men så fekk INP og Pensjonistpartiet med seg fleirtalet på å opprette faste, avgrensa foringsplassar for fuglar i bymiljøet. Det kan skje i samarbeid med frivillige organisasjonar som BirdLife.

    I fjor innførte kommunen forbod mot å mate fuglar i Bergen sentrum etter lengre tids problem med rottebestanden. Men fleire innbyggarar har sakna å mate fuglar.

    I bystyret blei det elles fleirtal for å sette opp fleire bosspann, mens eit forslag frå MDG om å forby fuglepiggar på hus og tak, vart avvist av bystyret.

    Video Frode Falkenberg
    Foto: NRK
  • Bergen nattestenger elsparkesyklane kvar dag

    Bystyret i Bergen vedtok onsdag å stramme inn på reglane for elsparkesyklar i byen. Dei vil ha høve til å stenge tilbodet om natta kvar dag mellom klokka 23 og 05, for å unngå fyllekøyring og skadar.

    Vidare krev dei at det blir sett opp stativ der ein må hente og levere elsparkesyklane, slik det i dag er med bysyklane. Det blir også høve for å skrive dagbøter når drift og vedlikehald er for dårleg.

  • Bergen utset ny bybane-trasé, men ønsker lokal ferje

    Opposisjonen kritiserer byrådet for ikkje å ta stilling til korleis traseen for ein framtidig bybane frå sentrum og vestover mot Loddefjord skal gå. Onsdag handsama bystyret kommunedelplanen for kollektivtrafikken mellom sentrum og Bergen vest.

    Fleirtalet vedtok å jobbe vidare med å avklare traseen snarast mogleg, og tilrår at den blir lagt nær eller på dagens Puddefjordsbro. Vidare løp skal bli lagt i ein tunnel eller dagløysing som gjer det mogleg med hurtig endring og full utvikling av Indre Laksevåg.

    I same sak fekk Høgre fleirtal for å opprette ei ferjerute mellom Laksevåg og Nøstet.