NRK Meny
Normal

– Oslo er betre enn Bergen på demokrati

Fylkesmann Lars Sponheim meiner det er plassert for mykje makt hjå heiltidspolitikarane på rådhuset i Bergen, og meiner bergenspolitikarane bør sjå til hovudstaden og innføra bydelsstyret.

Lars Sponheim

STERK SENTRALISERING: Lars Sponheim meiner lokaldemokratiet fungerer betre i Oslo enn i Bergen.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

Sidan 2011 har parlamentarisme-styrte Bergen vore den kommunen i landet med færrast folkevalde per innbyggar. Fylkesmann Lars Sponheim meiner fråvær av eit meir lokalt nivå i politikken er eit problem for lokaldemokratiet.

– Mi erfaring, etter å ha budd i Oslo og Bergen dei siste tjue åra, er at lokaldemokratiet i Oslo, gjennom direktevalde bydelsutval, fungerer betre enn i Bergen, seier Sponheim.

Han meiner for mykje makt er plassert hjå heiltidspolitikarane på rådhuset i Bergen.

– Parlamentarismen sentraliserer makt, og slik er det jo veldig i Bergen, seier fylkesmannen i Hordaland.

Martin Smith-Sivertsen og Ragnhild Stolt-Nielsen

SEIER NEI TIL BYDELSSTYRE: Arbeidarpartiet og fylkesmannen meiner for mykje makt er konsentrert på rådhuset i Bergen. Men byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H), som tok over for Ragnhild Stolt-Nielsen i fjor haust, vil ikkje gjeninnføra bydelsstyra.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Tidlegare bydelsstyreleiar: – Stor avstand til rådhuset

Dei direktevalde bydelsutvala i Oslo har ein ganske omfattande bydelsadministrasjon, med fleire oppgåver samanliknbare med kommunestyra elles i landet.

I Bergen praktiserte ein lenge ei ordning med utnemnde bydelsstyre, som var meir som eit høyringsorgan for politikarane på rådhuset å rekne. Bydelsstyra blei lagd ned for fire og eit halvt år sidan.

LES MEIR: Frykter for lokaldemokratiet

Gunnar Ramsdal var i tre år leiar for bydelsstyret i Fyllingsdalen. Han meiner bydelsstyret var viktig for demokratiet, sjølv om ein i Bergen ikkje hadde like mykje makt som i Oslo.

– Vi fekk reist ein del lokale saker, seier han.

Ramsdal trur Bergen mista mykje av kontakten med det lokale engasjementet då bydelsstyra vart borte.

– Eg trur avstanden til rådhuset er ganske stor. Det var mykje lettare å ta kontakt med oss, meiner Ramsdal.

Ap: – Vil ha eit betre og meir ope lokaldemokrati

Mykje tyder på at Ramsdal og andre lokaldemokratiforkjemparar blir høyrt. Alle opposisjonspartia i Bergen tar no nemleg til orde for å gjeninnføra bydelsstyra.

Schjelderup og Støre

VIL HA LEVANDE LOKALDEMOKRATI: Harald Schjelderup, her saman med Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Leif Rune Løland

Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat, Harald Schjelderup, lovar å spreie makta i Bergen ut i bydelane dersom han vinn valet.

– Vi har veldig klare visjonar for eit betre og meir ope lokaldemokrati, seier han.

Om dei går inn for ei ordning lik den i Oslo, eller den same som tidlegare var i Bergen, er ikkje klart.

Høgre: – Ei dyr ordning vi ikkje har behov for

Byrådspartia er langt meir skeptiske til bydelsstyra.

Dag Skansen

DYRT: – Denne ordninga er veldig kostbar å administrere, og det er mykje ressursar som går med i byråkratiet, seier Høgre-gruppeleiar Dag Skansen om bydelsstyra.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Eg ønskjer ikkje å gjeninnføra bydelsstyra, seier byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H).

– Denne ordninga er veldig kostbar å administrere, og det er mykje ressursar som går med i byråkratiet. Vi har vel også til sjuande og sist funne ut at vi ikkje har behov for bydelsstyra, seier Høgre-gruppeleiar Dag Skansen.

Ramsdal set derimot si lit til at opposisjonen kan einast i fleirtal om ei løysing som etter hans meining vil gi meir lokaldemokrati.

– Eg føler politikarane har mista nærleiken til innbyggjarane i distrikta. Det er noko som manglar, seier han.

LES OGSÅ: Mener siktelsen viser at byrådet har for mye makt

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Se kampen fra 1. runde i cupen 18.04.18. Foto/teknikk: Rune Endre Larsen. Kommentator: Sindre Helgheim.