SISTE: Klokka 09 er lekkasjen isolert, området sjekka og alle tilsette tilbake på anlegget.
Alle naudetatane rykte ut til Mongstad i Nordhordland etter meldingar om ein større lekkasje. Lekkasjen blei meldt klokka 07.20.
– Det er snakk om ein større lekkasje av stoffet nafta. Mannskap jobbar no med å stoppa lekkasjen.
Ingen personskadar
Fem personar var i det aktuelle lekkasjeområdet då lekkasjen oppstod, men ingen skal vera skadd, ifølge politiet.
– Det er ingen personskadar. Det er usikkert kor mykje av stoffet som har lekt ut i væskemengde. Men eg kjenner ikkje detaljane, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Nafta er eit viktig råstoff i den petrokjemiske industrien og blir brukt i produksjonen av bensin. Stoffet er svært brann- og eksplosjonsfarleg. Produktet blir også brukt som løysingsmiddel i kjemisk industri.
– Det er kontroll på det som er av lekkasje. Status per 08.23 er at lekkasjen er meir eller mindre stansa, men det står att nokre dropar, seier Kolltveit i politiet.
Den som er av lekkasje har gått i grunnen og er fanga opp av eigne kummar på anlegget. Kor stor lekkasjen er, er framleis uvisst.
– Lekkasjen minkar
Lekkasjen oppstod i ei pumpe i samband med bensinproduksjon og utsleppet var innleiingsvis rekna som stort. Dei første meldingane gjekk ut på at brann- og eksplosjonsfaren var høg.
– Det er ingen avgassing på området. Gassmålingane har ikkje gitt utslag, så så langt ser det ut til det er kontroll på staden
– Kor stort er farepotensialet no?
– Det er redusert kraftig og det me har fått opplyst er at det ikkje lenger er stort farepotensial, seier Kolltveit.
Statoil starta umiddelbart nedstengig av produksjonen og anlegget. Klokka 9 var faren avklart, lekkasjen isolert og dei tilsette fekk returnera til anlegget.
– Eg kan stadfesta at me har hatt ein lekkasje av nafta. Lekkasjen blei meldt oss klokka 7.20. Me evakuerer no alt personell som ikkje har ei rolle i beredskapsgruppa, sa pressekontakt Elin A. Isaksen til NRK klokka 08.20.
Andre lekkasje på eit år
Administrerande direktør Rasmus Wille opplyser til NRK at det var 108 tilsette på jobb då lekkasjen oppstod.
– Me tar ingen sjansar i slike saker. No er lekkasjen isolert og faren er over.
Det er ganske nøyaktig eitt år sidan ein hydrogenlekkasje førte til at 600 tilsette blei evakuert frå Mongstad.
Petroleumstilsynet gav i ettertid Statoil skarp kritikk for den alvorlege hendinga. Statoil konkluderte med at lekkasjen i verste fall kunne ført til dødsfall.
- Les også:
Administrerande direktør Rasmus Wille avviser at lekkasjen tysdag oppstod ved det same anlegget.
– Det er snakk om eit anna anlegg. Før me har fått granska hendinga, veit me ikkje om det var noko samanheng mellom desse to, seier Wille.