Hopp til innhold

Uroa for tryggleiken etter nestenulukker

Hadde gassen som lak ut på Mongstad tatt fyr, kunne det ha utvikla seg til ein eksplosjon. – Vi har vore redde for slike hendingar i lang tid, seier tillitsvald.

Mongstad

GASSLEKKASJE: Tillitsvalde er uroa over at kostnadskutt går utover tryggleiken. 600 personar vart evakuert her på Mongstad tysdag.

Foto: Bergen Foto og Media

600 menneske vart evakuert frå Statoil sitt anlegg på Mongstad i Nordhordland tysdag, då hydrogengass lak ut frå eit bensinanlegg.

Nestenulukka er ein av seks alvorlege hendingar for Statoil dei siste to vekene.

– Det er klart ein blir prega av det. Det er arbeidsplassen vår og vi har spisskompetanse på det vi held på med. Men vi veit også konsekvensane viss vi ikkje har kontroll på ting, seier Erik Neverdal.

Dette er noko vi har vore redde for i lang tid og no er det byrja å skje ein del ting.

Hovudtillitsvald Jan Eirik Feste i fagforbundet Safe

Sjokkert

Han er hovudverneombod på Mongstad, og møter NRK utanfor gjerda ved anlegget dagen etter lekkasjen.

Han undrar seg over at Statoil har hatt fem gasslekkasjar og ein brann på sine anlegg dei siste to vekene.

– Vi har i alle fall hatt tryggleik og tryggleiksforståing som varemerke. Det undrar og sjokkerer meg at vi skal ha så mange hendingar på kort tid, seier Neverdal.

Statfjord A

Førre veke braut det ut ein brann på Statfjord A-plattforma i Nordsjøen. Hendinga er no under gransking hjå Petroleumstilsynet.

Foto: Harald Pettersen

– Vi har vore redde i lang tid

Toppleiinga i Statoil var i dag kalla inn på teppet hjå Petroleumstilsynet i Stavanger. Ptil granskar tre av hendingane dei siste to vekene, og vil ha klare svar frå Statoil om det er kostnadskutta som har skulda.

Ein av dei som stiller spørsmål ved om det er effektivisering og innsparing som no forårsakar fleire nestenulukker, er hovudtillitsvald Jan Eirik Feste i fagforbundet Safe.

– Dette er noko vi har vore redde for i lang tid, og no er det byrja å skje ein del ting.

– Vi har åtvara Statoil-leiinga lenge om at innsparingar og nedskjeringar kan gi konsekvensar som dette. Om det er det som er tilfelle her, det må granskinga avgjere, presiserer Feste.

Tek bekymringane på alvor

Kva som forårsaka lekkasjen på Mongstad tysdag veit Statoil førebels ikkje. Statoils Arne Sigve Nylund møtte pressen etter møtet med Ptil i Stavanger i dag.

– Er det samanheng mellom hendingane og kostnadskutta?

– Det har vi ikkje noko grunnlag for å seie noko om i dag. Vi granskar hendingane nøye, og når vi har bildet frå kvar hending vil vi sjå om det er noko samanheng, svara Nylund.

Administrerande direktør på Mongstad, Rasmus F. Wille forstår at tilsette er uroa.

– Det tek vi på alvor. Når det er sagt, så ser vi ikkje noko direkte samanheng mellom nedskjeringar og dårlege tryggleiksresultat, snarare tvert om. Vi jobbar knallhardt, og når vi har ein tøff agenda på innsparingar, så må vi ha ein tøffare agenda på tryggleik, seier Wille.

Statoil og Ptil

Statoils norgessjef Arne Sigve Nylund var i dag i møte med direktør Anne Myhrvold i Petroleumstilsynet.

Foto: Sander Lid Fiskå