NRK Meny
Normal

Meiner to tredelar av traséen mot Åsane er klar

– No er målet å få slutt på kaoset rundt bybaneplanlegginga, og bokstaveleg talt få den på skjener igjen.

Anna Elisa Tryti

PLANLEGG MOT NORD OG VEST: – Det viktigaste no er å få fortgang i planane, seier Anna Elisa Tryti, byutviklingsbyråd i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det seier byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti. Ho har saman med byrådsleiar Harald Schjelderup no førebudd ei sak som skal handsamast av bystyret neste veke.

– Det viktigaste no er å få fortgang i planane, seier Tryti.

Byrådet som blei sett saman av Arbeidarpartiet, KrF og Venstre etter valet i fjor haust ser for seg at heile planen for den framtidige bybanetraseen mellom Bergen sentrum og Åsane, skal spikrast i løpet av 2016. Allereie no er dei klare til å vedta to tredelar av traséen. Sentrum og Åsane.

  • I sentrum går byrådet for alternativ 1 Aa, dagløysing via Kaigaten – Småstrandgaten–Bryggen–Sandbrogaten.
  • I Åsane går byrådet for alternativ 2C frå Eidsvåg til Vågsbotn gjennom Åsane sentrum.

Bystyret blir dermed i førstkomande møte bedt om å oppheva vedtaket frå 18. juni i fjor, der det blei avgjort at bybanen skulle gå i tunnel ved Kjøttbasaren.

– Det er desse to traséane, altså over Bryggen og i Åsane, vi allereie no går til vedtak på. Når det gjeld Sandviken vil vi greia ut den og komme med sak til hausten, forklarar byråden for byutvikling.

Les også: Nytt byråd einige om Bybanen: – Ein stor kamel å svelge

Bybanen over Bryggen

TILBAKE I PLANEN: Byrådet i Bergen vil ha bystyret til å skrote tunnel bak Bryggen, og vedta bybanetrasé langs Bryggen.

Foto: Nils Eivind Horneland / Illustrasjon

Underjordisk stopp?

Gjennom Sandviken vil byrådet ha undersøkt desse tre alternativa:

  1. Som alternativ til stopp i dagen ved Sandviken kyrkje, skal det greiast ut eit mogleg underjordisk stopp ved Rothaugen, med vidare trasé i tunnel til haldeplass i Amalie Skrams veg.
  2. Forlenging av eitt løp i Fløyfjellstunnelen.
  3. Vurdering av 3Ba utan forlenga Fløyfjellstunnelen, men med omkøyring via Arna på Ringveg Aust.

Byrådet vil komme tilbake med ei sak til bystyret når dei ser kva alternativ dei meiner er det beste.

Vurderer å utvide verdsarvområdet

– Byrådet ønskjer ei raskast mogleg utbygging til alle bydelar. Difor har vi no full framdrift med planlegging av bybanen til Fyllingsdalen samstundes som vi ønskjer å komma vidare med planlegginga mot nord til Åsane, grunngir Tryti.

I saka som bystyret skal ta stilling til på neste bystyremøtet vil byrådet også at det skal leggjast ein plan for ein samanhengande «høgkvalitets» sykkelløysing frå sentrum til Åsane samstundes som trasévalet blir bestemt.

Byrådet ønskjer også at det blir vurdert om det geografiske området for verdsarvstaden skal omfatta ein større del av det historiske sentrum.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo