Hopp til innhold

Kan koste 170 millionar i året å halde ved like brua over Bjørnafjorden

Prosjektleiar i Vegvesenet vil tenke heilt nytt om drift og vedlikehald når ny gigantbru står klar på E39. Vedlikehaldsanslaget på brua utgjer 39 prosent av 2019-budsjettet til bruvedlikehald på riksvegane.

Illustrasjon av ny bru over Bjørnafjorden på E39

HORDFAST: Den nye brua på E39 over Bjørnafjorden vil bli over fem kilometer lang. I 2017 var den rekna til å kosta 17 milliardar kroner, men Vegvesenet jobbar kontinuerleg med å kutte kostnadane.

Foto: Illustrasjon / AMC

Denne veka kom anbefalinga om at ferjefri E39 mellom Stord og Os bør byggast som ei bogeforma flytebrua over den 550 meter djupe Bjørnafjorden.

Brua vil bli over fem kilometer lang og vil mellom anna erstatta Noregs tredje største ferjesamband, Halhjem-Sandvikvåg.

I 2017 rekna Vegvesenet med at brua kom til å kosta 17 milliardar kroner.

Kostar like mykje over 100 år

Men sjølv når ho står ferdig, vil det bli behov for betydelege beløp for å halda ho ved like.

– Vi har ein tommelfingerregel på at det over 100 år vil kosta like mykje å halda ved like ei bru, som det kosta å bygge ho, forklarer prosjektleiar for brua, Kjell Håvard Belsvik i Statens vegvesen.

For brua over Bjørnafjorden vil det bety eit grovt anslag på årlege vedlikehaldskostnader på 170 millionar kroner.

Brudirektør Børre Stensvold i Statens vegvesen opplyser til NRK at disponible midlar til vedlikehald av bruer og ferjekaiar på riksvegnettet i 2019-budsjettet er på i overkant av 400 millionar kroner.

I tillegg er det tildelt 30 millionar kroner ekstra over investeringsposten.

Reknar på vedlikehaldet i planlegginga

Belsvik er likevel overtydd om at den årlege snittsummen på brua over Bjørnafjorden vil bli lågare 170 millionar kroner.

Først og fremst fordi dei gjennom heile planlegginga har rekna inn vedlikehaldskostnadar for ulike bruløysingar og ulike material.

Til dømes har dei vald å bruka dyrare og betre stål på flyteelementa (potongar), slik at det i teorien skal ta fleire titals år før overflata her treng vedlikehald igjen.

I tillegg har Vegvesenet fått klar beskjed om å kutte kostnadane på gigantprosjektet.

Illustrasjon av Hordfast

REKNAR PÅ KOSTNADAR: Kva vedlikehaldet på brua vil kosta, har heile tida vore med i dei ulike utrekningane til Vegvesenet.

Illustrasjon: AMC

Ønskjer kontinuerleg vedlikehald

Belsvik lanserer også ei anna løysing han meiner vil vera med å bidra til låge vedlikehaldskostnader på brua.

I staden for at den ferdige brua skal venta på inspeksjonar og kontrollar i faste intervall og deretter få naudsynt vedlikehald, foreslår prosjektleiaren at brua over Bjørnafjorden får kontinuerleg overvaking og oppfølging.

Belsvik tek til orde for at eit selskap får ansvaret for drift og vedlikehald av den enorme brua.

– Bruvedlikehaldet i Noreg i dag er prega av skippertaks-metoden. Kvar gong vedlikehaldsarbeid blir lyst ut på anbod, vil det koma nye aktørar inn som kanskje ikkje kjenner til behova og eigenskapane til brua, forklarar Belsvik, og meiner dette kan bidra til at vedlikehaldskostnadane blir høgare.

Tidlegare i september omtalte NRK den store målejobben på Nordhordlandsbrua. Eitt år etter at dei skulle ha vore ferdig, er det ingen som veit sluttsummen eller sluttdatoen.

I 2017 avslørte VG at fleire tusen bruer i Noreg ikkje vart kontrollerte slik dei skal. Det er lite fare for at det vil skje med den rekordlange flytebrua i Bjørnafjorden, men Belsvik foreslår uansett at brua over Bjørnafjorden får spesialbehandling i norsk brusamanheng.

– Slik eg ser det, vil det vera betre at nokon tek seg av vedlikehaldet kontinuerleg. Særleg rett etter opning. Dei ti første åra vil det ikkje vera behov for vedlikehald, men vi må ha overvaking av brua for å kontrollera at ho fungerer som venta med både trafikk, bølger og vind.

Storebælt bru

DANSK LØYSING: Den 18 kilometer lange Storebæltsbroen knyter saman Fyn og Sjælland i Danmark. Eit eige selskap sørger for drift og vedlikehald av brua, mellom anna med dronar og anna ny teknologi.

Foto: NRK

Lært av danskane

Prosjektleiaren sitt ønskje er inspirert av korleis Danmark har organisert drift og vedlikehald av Øresundbroen og Storebæltsbroen. Dei har eigne private selskap som styrer med bruene.

Til no i år har Øresundbroen hatt driftsutgifter på kring 75 millionar danske kroner.

Ved hjelp av dronar, sensorar og kamera kan danskane raskt rette opp i små øydeleggingar før dei veks seg store og dyre.

– Dei har folk som kjenner brua og som tidleg kan gå inn og gjera grep, heller enn å venta til at det må gjerast eit stort vedlikehaldsprosjekt. Slik blir det også billegare.

Det skal ikkje mangle på teknologi og sensorar på den nye E39-brua. Belsvik ser for seg at alt blir styrt og kontrollert frå ein eigen operasjonssentral.

– I tillegg kan ein ha mottakssenter som kan ta imot besøk frå universitet, høgskular, skuleklassar og turistar. Gjerne lokalisert nær brua, til dømes på Reksteren.

Brudirektør Børre Stensvold seier til NRK at ei så stor bru som den som skal gå over Bjørnafjorden, krev spesialkompetanse på vedlikehald.

– Brua vil også trenge kontinuerleg oppfølging dei første åra etter opning. Korleis dette kan organiserast på beste og mest effektive måte, vil nok bli nøye vurdert, seier Stensvold.