Det skulle ta tre år å måle brua. Etter fire er det ingen som veit når dei er ferdige

FLATØY (NRK): Vedlikehaldet av Noregs lengste flytebru blir dobbelt så dyrt som planlagd. Vegvesenet vedgår at dei undervurderte omfanget av jobben.

Maling av Nordhordlandsbrua

TEK TID: Fleire titals tusen liter med måling går med når Nordhordlandsbrua skal bli kvit igjen. No kranglar entreprenøren og Vegvesenet om tidsfrist og ekstrakostnadar, etter at arbeidet tek fleire år lenger tid enn planlagd.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Arbeidet vil sannsynlegvis halda på godt ut i 2020. Kanskje heile neste år. Vi har vel eigentleg ikkje full kontroll på når det er ferdig, vedgår byggeleiar Jan Ove Nygård i Statens vegvesen.

Den 1,6 kilometer lange Nordhordlandsbrua, som sikra fast samband mellom Bergen og Nordhordland, fyller 25 år denne månaden.

Dei over 17.000 bilane som dagleg passerer brua på kyststamvegen E39, har i fleire år observert store stillas som klamrar seg til begge sider av flytebrua.

Nordhordlandsbrua sett frå bergenssida

KVITT OG GRÅTT: Det er lett å sjå kva som er nymåla og kva som står att av arbeid på Nordhordlandsbrua mellom Hordvik og Flatøy.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Omfattande vedlikehaldsjobb

Stålkassen som stivar av køyrebana er måla i ein lett synleg kvit/lysegrå farge. Gjennom eit kvart hundreår har rufsete vestlandsvêr medført stor slitasje.

I 2015 lyste Statens vegvesen den enorme vedlikehaldsjobben ut på anbod. Det var store sprik i tilboda dei fekk inn.

Til slutt var det BMO Entreprenør, eit av Noregs største selskap innan bruvedlikehald, som fekk tilslaget, på 44,4 millionar kroner.

Oppgåva går ut på å sandblåsa flytebrua inn til stålet, før over 25.000 liter måling skal gi 50.000 kvadratmeter av brua to eller tre strøk med måling.

– Undervurderte omfanget

Arbeidet skulle vera ferdig i juli 2018 – og tidsfristen var omtala som raus.

Men over eitt år seinare er ein ny tidsfrist passert. Og stillasa er berre komen rundt halvveges ut på brua.

No vedgår Vegvesenet at dei har undervurdert omfanget av vedlikehaldet då dei la jobben ut på anbod.

– Ja, og vi tek sjølvkritikk på det. Vi har avgrensa erfaring med denne type jobbar. Ved bruvedlikehald dukkar det ofte opp ting undervegs som ein ikkje har sett føre seg, seier byggeleiar Nygård.

Nordhordlandsbrua september 2019

E39: Den kombinerte skråstagsbrua og flytebrua gir fast forbindelse mellom Bergen og Nordhordland, på kyststamvegen E39 mellom Stavanger og Trondheim. Brua kosta kring ein milliard. Staten bidrog med 70 millionar kroner, resten vart betalt inn med bompengar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Pengar og tid

No kranglar entreprenøren og byggherren. Usemje om kostnadar og tidsfrist står sentralt.

– Å sandblåse brua tek lenger tid enn entreprenøren såg føre seg. Belegget som må vekk før dei kan måle, er tjukkare enn venta. No diskuterer vi mellom anna kor stort tidsavvik dei måtte rekne med, seier Nygård.

Han reknar med at totalsummen for arbeidet vil stige til ein stad mellom 80 og 110 millionar kroner.

– Det kjem an på om vi ser at entreprenøren har rett på ein del av dei krava dei har fremja mot oss.

Prosjektleiar Geir Olafsen i BMO Entreprenør seier kontrakten deira med Vegvesenet gjer at dei ikkje kan kommentere saka.

Kva konsekvensar doblinga i pris får for vedlikehaldsprosjekt andre stader på riksvegnettet, er uklart.

No håpar Vegvesenet å unngå rettssak, slik det blei etter opninga for 25 år sidan. Heile vegprosjektet, inkludert tilførselsvegar, blei nær ein halv milliard kroner dyrare enn budsjettert, og partane krangla om kvifor.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon