Vegdirektoratet har nå avgjort at ferjeselskapet Torghatten Nord får overta drifta av strekninga i åtte år, frå 1. januar 2019.
Torghatten Nord utkonkurrerte Fjord1, som driv dette sambandet i dag. Medan Fjord1 har tre ferjer på strekninga, skal Torghatten ha fire det første året, og fem ferjer frå januar 2020.
Dermed blir det avgang kvart 25. minutt frå kvar side i 2019, og avgang kvart 20. minutt frå 1. januar 2020. I dag har Fjord1 ferjeavgang kvart 30. minutt.
50 prosent fleire avgangar frå 2020
Halhjem-Sandvikvåg er Noregs tredje største ferjesamband. I dagens rutetabell er det 36 turar i døgeret kvar veg måndag til fredag. Fleire ferjer gjer at talet på avgangar aukar til 44 det første året, og 54 avgangar frå 2020. Det er 50 prosent fleire enn i dag.
Dessutan skal dette sambandet få ei eiga ekstraferje tilgjengeleg til kvar tid. I dag deler Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika på ei ekstraferje.
Saktare og mindre utslepp
Til gjengjeld vil overfarten ta fem minutt meir når Torghatten Nord overtar ansvaret. Dagens gassferjer brukar 40 minutt mellom Sandvikvåg og Halhjem. Årsaka er at dei nye gassferjene Torghatten Nord skal bygga, blir noko mindre og skal gå med litt lågare toppfart.
Med lågare fart, går forureininga på kvar ferjetur markant ned. Statens vegvesen har førebels ikkje oversikt over kor mykje utsleppa blir redusert med det nye ruteopplegget.
Éin milliard billigare
I august vart det kjent at Torghatten Nord hadde levert det klart billigaste tilbodet på åtteårs-perioden. Selskapet tilbaud å drifta sambandet for 4,7 milliardar kroner. Tilbodet frå Fjord1 var 5,8 milliardar kroner, altså over éin milliard dyrare.
I tildelingsbrevet forklarer Vegdirektoratet at Torghatten Nord vann tilbodskonkurransen der økonomien talde 80 prosent og miljø 20 prosent.
Les også:
– Dette er veldig hyggeleg og ein stor kontrakt for oss, seier direktør i reiarlaget Torghatten Nord AS, Torkild Torkildsen, til Os- og Fusaposten.
Fjord1 kan klaga
Men det er tre vekers klagefrist på at Vegdirektoratet har tildelt Torghatten Nord løyvet. Saka blir dermed først endeleg avgjort 21. oktober.
Utover at selskapet kjem til å skaffa heilt nye ferjer å setja inn på strekninga, ønskjer Torkildsen ikkje å utdjupa meir om korleis Torghatten Nord vil drifta sambandet, før avtalen er offisielt signert.
Regionsleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, opplyser at selskapet no vil sjå på om det er grunnlag for å klaga.
Dei tre ferjene som Fjord1 driv her i dag har plass til 212 personbileiningar. Frå 1. januar 2019 er kravet ein samla kapasitet på 630 personbileiningar fordelt på tre eller fire båtar. Året etter aukar kravet til 800 personbileiningar fordelt på fire eller fem båtar.
NRK rettar: Då saka vart publisert, skreiv NRK at Torghatten tilbaud å drifta sambandet for 4,7 milliardar kroner årleg. Det riktige er 4,7 milliardar kroner for heile perioden på åtte år.