Hopp til innhold

– Trekkhundar kan smitte rein

Jegerar fryktar hundespann tek med seg skrantesmitte til landets største villreinområde. – Noko burde ha blitt gjort før, meiner fjellstyreleiar.

Finnmarksløpet

HUNDESPANN: Jegerar på Hardangervidda fryktar hundespann som har konkurrert i Nord-Amerika, kan ha vore med å spreia skrantesjuka. Dei fryktar at hunden bidreg til smittefare.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Ved inngangen til årets villreinjakt er det uro og bekymring for jegerane på vestsida av Hardangervidda. Dei fryktar at skrantesjuka har spreidd seg frå Nordfjella.

– Då har vi verkeleg eit problem, seier leiar i Ullensvang fjellstyre, Steinar Langesæter.

Steinar Langesæter

LEIAR: Steinar Langesæter er leiar i Ullensvang fjellstyre. Han er uroa for jaktsesongen.

Foto: Thomas Halleland

– Kan alt vera tilfelle på Hardangervidda

Skrantesjuka vart oppdaga hjå nokre invidiv i ein av to villreinstammer i Nordfjella. Denne flokken, på over 2000 dyr, skal no slaktast.

Sjukdommen er dødeleg for hjortedyr, men har aldri smitta til menneske, verken frå dyr eller kjøt. I mars sa biolog Olav Strand i NINA at skrantesjuka i Nordfjella allereie kan ha blitt spreidd til villreinflokkar på Hardangervidda.

Fryktar hundar kan spreia sjukdomen

Mange jegerar fryktar no at jaktsesongen kan bli øydelagd.

Langesæter meiner Mattilsynet burde ha vore tidlegare og tydelegare på banen.

Villrein

VILLREIN: Villreinen på Hardangervidda kan gå i flokkar på fleire tusen dyr. Jegerar fryktar skrantesjuka kan ha blitt smitta via andre dyr.

Foto: Hans Jørgen Jahren

– Det skulle ha blitt gjort noko tidlegare når det gjeld avgrensingar av trafikk som kan spreia denne smita. Eit døme er bruk av hundespann som konkurrerer i Nord-Amerika (der skrantesjuka er utbreidd, red.merk). Hundane et reinsdyrmøkk, bein og horn og kan ta med seg smitta. Slik det er i dag kan hundane gå i Nordfjella og på vidda utan restriksjonar. Me ynskte det, men det blei ikkje gjort noko med. Det er litt underleg.

Langesæter presiserer at smittar frå hundar som har vore i Nord-Amerika berre er eit døme med liten teoretisk mogelegheit.

Fem dagar ut i villreinjakta i Nordfjella var 150 dyr tekne ut. To er mistenkt for å ha den smittsame sjukdomen.

Tar prøvar

I år er alle jegerane utstyrt med prøvesett. Det skal takast prøvar av alle vaksne dyr som blir felt, også i område der den smittsame sjukdomen ikkje er påvist.

– Vi er veldig spente på å sjå om dette har spreidd seg til Hardangervidda, seier jeger Vidar Riber frå Eidfjord.

Riber har jakta i området Eidfjord fjellstyre forvaltar i lang tid. Dei siste åra har talet på dyr minka på vestsida av vidda.

– Før var det gode område, både i Eidfjord og i Ullensvang, men dei seinare åra har det blitt færre dyr.

Har sett i verk tiltak

Mattilsynet har rådført seg med eit større panel av vitskapsfolk om kva dei bør gjere med skrantesjukesmitta. Dei meiner at andre dyr truleg betyr mindre for smittespreiing.

– Eitt av dei viktigaste tiltaka er å hindre forflytting av levande hjortedyr, seier avdelingsdirektør Karen Johanne Baalsrud.

Det er sett opp informasjonsplakatar i Nordfjella-området som seier at ein skal unngå kontakt mellom hundar og kadaver av hjortevilt.

– Vi meiner difor vi har gjeve klare råd om hundar i området, seier Baalsrud.

Mattilsynet håpar å få samla inn om lag 20 000 prøvar denne hausten.

Også Langesæter håpar prøvane vil verte flittig brukt.

– Det er i alle si interesse å vita om dyret dei har skote er berar av sjukdomen, seier Langesæter.

NRK presiserer: Denne saka har blitt endra etter første versjon. Setninga om at Steinar Langesæter presiserer dømet om hundar som smitteberar er lagt til. NRK er også gjort merksam på at norske hundespann i Nord-Amerika stort sett konkurrerer i område utan påvist skrantesjuke.