NRK Meny
Normal

Fylkesleiaren snur: – Dødsvegen E16 må prioriterast

Fylkesleiaren i Høgre opna for at planane for E16 og Vossebana burde nedskalerast. No har ho snudd.

Liv Kari Eskeland

SNUR: Fylkesleiaren i Høgre seier no at dei vil jobbe for å få på plass kortsiktige og langsiktige tiltak for å sikre E16 i Vaksdal og Vossebana.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Leiar for Hordaland Høgre og Stord-ordførar, Liv Kari Eskeland, sa i dag til NRK at planane for ny E16 og Vossebana er for ambisiøse og dyre.

Ho synte til kvalitetssikringsrapporten som har konkludert med at det ikkje er samfunnsøkonomisk nytte i å bruke 33 milliardar kroner på ny veg og bane.

– Ein må tenkje seg om når ein avgjer kva for eit traseval ein skal gjere for framtidige E16. Kvalitetssikringa syner at dette ikkje har den samfunnsnytten som eit sånt prosjekt bør ha, sa Eskeland.

Høgre: – Me jobbar for K5-alternativet

Ras E 16 mai 2015

RASUTSETT: E16 i Vaksdal har vore stengt 40 gonger dei siste 15 åra på grunn av ras.

Foto: Rikke Emilie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

NRK veit at mange i Høgre har reagert på utspelet frå Eskeland, og fredag ettermiddag ser det ut til at fylkesleiaren har snudd tvert.

Fredag ettermiddag sende fylkessekretær Charlotte Spurkeland ut ein pressemelding frå fylkesleiaren, der det heiter:

– Vi jobbar for K5-alternativet, som det langsiktige, heilskaplege alternativet, slik alle høyringsinstansar har anbefalt. Vi veit at departementet jobbar med saka no, og ser på moglegheitene. Vi ber om at departementet kjem med eit endeleg forslag så snart som mogleg. På kort sikt skal nødvendige sikringstiltak setjast i verk.

LES OGSÅ: – Situasjonen på E16 og Bergensbanen er kritisk

– E16 må prioriterast

I pressemeldinga understrekar Eskeland at trygge vegar og gode samband for næringslivet står høgt på Høgres dagsorden.

– Vi må jobbe både kortsiktig og langsiktig for å få dei forbindelsane som Hordaland trenger. Dødsvegen E16 må prioriterast for sikringstiltak på kort sikt, samtidig som vi må jobbe for ei trygg og god løysing for strekninga på lang sikt.

LES OGSÅ: – Uklart kva Hordaland vil prioritera

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik