Det førti meter breie jordraset som gjekk i Vaksdal i går, sperrer framleis E16, hovudvegen mellom Bergen og Oslo.
Ap-ordførar i Voss Hans-Erik Ringkjøb sat i fyrste vogn då lokaltoget frå Bergen til Voss brasa inn i jordmassane, som dekte både vegen og jernbaneskinnene på Bergensbanen.
– Det var ei veldig kraftig bremsing, så smalt det. Toget blei dekt av søle. Ingen blei skadd, men det er veldig små marginar ute og går, seier Ringkjøb.
Krev ny veg og ny bane
Ifølgje statistikken til Jernbaneverket var det 22. gongen på 10 år at Bergensbanen måtte knele for ras eller flaum. Totalt har naturhendingar stengt jernbana mellom Oslo og Bergen i 52 døgn i den same perioden.
Kravet frå ordføraren er klart: Ny veg og ny bane til 33 milliardar kroner.
– Situasjonen på denne vegen og bana er så kritisk, at ein trenger ikkje fleire argument for å seie at dette skal me gjere noko med. Me er heilt avhengige av at vegen, seier Ringkjøb.
LES OGSÅ:
|– Kan ikkje vente til 2022
E16 har vore heilt stengt 40 gonger dei siste 15 åra på grunn av ras, og det er berre på strekninga mellom Bergen og Voss.
Men dei reisande må vente lenge på at vegen og jernbana vert trygg. Det er ikkje gjort over natta å få realisert planane om ny trafikksikker veg og bane, seier Torill Eidsheim som sit i Transportkomiteen på Stortinget for Høgre.
– Det er frustrerande. Ingen har noko rask løysing på dette, enten dei heiter Høgre eller noko anna. Det som har vorte signalisert er 2022, men i ein situasjon som dette, verkar det frykteleg langt fram i tid, seier Eidsheim.
– Ikkje godt nok
Fylkesordførar i Hordaland Tom Christer Nilsen frå same parti meiner også det går altfor seint.
– Det er ikkje godt nok. Det tek altfor lang tid å setje i gong dei prosjekta me veit me må gjennomføre. Me må jobbe for at dette arbeidet skal starte opp før, seier Nilsen.
Bergensbanen kunne opne att i 23-tida i går. E16 er venta å opne i ettermiddag klokka 17.
LES OGSÅ: