NRK Meny
Normal

Seks år sidan bergenslufta var like dårleg

Onsdag var den verste dagen for bylufta i Bergen på mange år. SV og Høgre langar ut mot byrådet for at dei ikkje innførte datokøyring.

Såkalt giftlokk over Bergen januar 2016

ULOVLEG: I løpet av 20 dagar i januar har det allereie vore 16 timar med målingar over dei juridiske grensene på Danmarks plass. Om det i løpet av resten av året vert to timar til med målingar over grenseverdiane vert bergenslufta stempla som ulovleg helseskadeleg. I januar har Bergen sett slik ut fleire gonger.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

I sju timar var målingane av nitrogendioksid over dei lovlege grensene i Bergen i går. Både eksos frå tett trafikk og kalde temperaturar som triggar vedfyring var med å bidra til at luftkvaliteten var særs dårleg i vestlandsbyen.

For nokre veker sidan innførte byrådet datokøyring, og tiltaket varte i fem kvardagar. Men sjølv om varslingane på tysdag viste at ville bli ille på onsdag, vart ikkje det dempande tiltaket innført av byrådet denne gongen.

– Burde innført datokøyring

Det er opposisjonen kritiske til.

– Det er skuffande. Vi har visst ganske lenge at dette kom til å skje. Her burde byrådet vore klar med tiltak, seier Kerim Hestnes Nisancioglu (SV).

- Det ville vera naturleg at ein gjekk på ein ny runde med datokøyring i starten av veka, slik at vi forhåpentlegvis kunne unngått mesteparten av dei overskridingane, seier Henning Warloe (H).

Henning Warloe

KRITISK: Henning Warloe (H), som var klimabyråd då Høgre regjerte Bergen, meiner det burde vore innført datokøyring i Bergen denne veka.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Verste lufta på mange år

I løpet av 20 dagar i januar har det allereie vore 16 timar med målingar over dei juridiske grensene på Danmarks plass.

Om det i løpet av 2016 vert to timar til med målingar over grenseverdiane, vert bergenslufta stempla som ulovleg helseskadeleg.

Ein må tilbake til 2010 for å finna sist det var fleire timar med skadeleg luft i Bergen.

– Det er absolutt ikkje bra. Det er ein situasjon vi ikkje ønskjer å vera i. Men vi treng betre verkemiddel lokalt for å overvinne forureininga, seier klimabyråd Julie Andersland (V) til NRK.

I går gjekk bystyret i Bergen inn for at bilar med store utslepp kan få køyreforbod i delar av byen på dagar med høg luftforureining.

Julie Andersland

UTFORDRANDE VINTER: Klimabyråd i Bergen, Julie Andersland (V).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Syner til beredskapsplanen

Andersland forsvarar at byrådet på tysdag lét vera å innføra datokøyring, og viser til kommunens beredskapsplan som byrådet følgjer.

– Ifølgje den skal det vere varsla tre dagar eller meir med fare for høg eller svært høg luftforureining, før eit tiltak som datokøyring kan vurderast. Når vi får varsel om ein dag med slike verdiar, då er datokøyring eit verkemiddel som har store konsekvensar for folks kvardag, argumenterer Andersland.

Opposisjonspolitikarane i bystyret let seg likevel ikkje imponera over avgjerda. Warloe og Nisancioglu trur bergensarane hadde akseptert å måtta la bilen stå.

– Vi har sett at datokøyring har effekt. Det er ein belastning for dei som blir råka, men på meg verkar det som om bergensarane har ein sporty innstilling og at aksepten er stor, seier Warloe.

– Vi må vera i forkant, og ikkje venta til det lyser raud på Danmarks plass før vi set i verk tiltak.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik