Hopp til innhold

Her ber dei folk om å la bilen stå

Dårleg luftkvalitet gjer at Trondheim kommune har sett i gang reinhald og støvdemping. Også andre plassar i landet blir det meldt om høg luftureining.

Biler i Trondheim sentrum

DÅRLEG LUFTKVALITET: Trondheim kommune ber befolkninga la bilen stå om mogleg.

Foto: Morten Karlsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

No er det dårleg luftkvalitet som følgje av svevestøv enkelte område i Trondheim.

Dette gjeld til dømes langs Elgeseter gate, Omkjøringsvegen og E6 på Tiller. Det melder kommunen torsdag.

Dei har alt sett i gang med reinhald og støvdemping for å få kontroll på situasjonen.

– La bilen stå

Kommunen følgjer situasjonen nøye saman med Statens vegvesen og Trøndelag fylkeskommune.

Dei vurderer fortløpande behovet for fleire tiltak.

Varslet luftforurensning Trondheim

Slik ser kartet ut for Trondheim fredag ettermiddag. Gul farge svarer til moderat luftureining. Raud svarer til høg.

Foto: Luftkvalitet i Norge

Ny informasjon kjem fredag.

I mellomtida oppmodar vi til å la bilen stå om mogleg.

Luftureininga kan gå spesielt utover astmatikarar og personar med andre luftvegssjukdommar eller hjarte-kar-sjukdommar.

Den kan også påverke barn, gravide og eldre.

Personar i desse gruppene bør redusere høg aktivitet og opphaldstid i dei mest ureina områda. Luftvegsirritasjonar og ubehag finst også hos friske personar.

Les også Overrasket over hvem som er klimaverstingene

Unge

Raudt også i Bergen

Ifølgje Luftkvalitet i Norge, er ureininga moderat i Trondheim torsdag kveld.

Men fredag varslar dei høg ureining – og ikkje berre i trønderhovudstaden.

Varslet luftforurensning

Varsla luftforureining i nokre av Noregs byar frå torsdag til fredag.

Foto: Luftkvalitet i Norge

Bergen kommune skriv på nettsidene sine at dei ventar moderat til høg luftureining. Dette gjeld langs trafikkerte vegar i sentrum i rushtida fredag.

Også i byar som Ålesund og Tromsø finn vi høg ureining fredag, ifølgje dette kartet.

Luftkvalitet i Norge sitt råd til den generelle befolkninga ved høg luftureining er klar:

– Utandørs aktivitet blir vanlegvis tilrådd. Personar med symptom som hoste eller sår hals bør vurdere å redusere høg fysisk aktivitet i dei mest ureina uteområda.

Les også Gratis for alle lastebiler med nullutslipp i bomstasjonene i Oslo og Trondheim

Bjørn Christian Finseth, distriktssjef Posten og Roar Melum, regionssjef Norges lastebileierforbund.