Hopp til innhold

Kan stenge dieselbilar ute av Bergen

Bystyret i Bergen går inn for at bilar med store utslepp kan få køyreforbod i delar av byen på dagar med høg luftforureining. Tiltaket kan vere på plass frå november.

Forurenset luft ligger som et teppe over Bergen

KØYREFORBOD: Forureina luft låg tydeleg over Bergen som eit teppe, her frå førre veke. Med dårleg luft i framtida vil dei mest forureinande bilane få køyreforbod.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Bystyret meiner datokøyring har vore ein suksess, men meiner dette i seg sjølv ikkje er nok.

Det nye forslaget om såkalla «lavutsleppsoner» kom opphavleg frå SV. Sidan har dei andre partia slutta seg til eit litt endra framlegg der bystyret ber byrådet sørge for lavutsleppsoner eller nullutslippsoner i alle bydelar. Også Høgre slutta seg til fleirtalet i dag.

– Forslaget frå SV og byrådspartia er eit godt forslag. Det kjem vi til å støtte, sa partiets bystyrerepresentant, Henning Warloe, i debatten.

. Byrådet svarte med å love at dette kan vere på plass allereie frå november av.

Strengt for dieselbilar

Heller ikkje Framstegspartiet var helt avvisande til nye kortsiktige tiltak under handsaminga i dag. Dei valde likevel å ikkje støtte dei andre partia.

– Det er ein utfordring for alle i Bergen når vi har ein dårleg byluft, sa Silje Hjemdal frå Frp.

– Vi meiner likevel det er andre tiltak som må til og da på lengre sikt. Innføring av soner med avgrensa utslepp bør vi kome tilbake til på eit seinare tidspunkt, meinte ho.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har opna for at Bergen kan nytte tiltak som akutt-tiltak. Han har og fått støtte frå statsminister Erna Solberg.

– I praksis vil dei nye tiltaka mellom anna bety at dieselbilar ikkje vil kunne køyre i desse sonene. I Bergen sentrum vil det gjelde innanfor ytre bomring, fortel mannen bak dagens interpellasjon, Kerim Nisancioglu frå SV.

Forslaget opnar for at ein også i bydelane kan forby køyretøy som har høge utslepp i periodar. Mellom anna Åsane, Loddefjord og deler av Fana har slite med luftkvaliteten.

Også i dag er det røde nivå og høy luftforureining i Bergen.

Kerim Nisancioglu

GÅR FOR SONER: Kerim Nisancioglu og SV har kome med forslaget om lågutsleppssoner i Bergen, og trur på fleirtal i bystyret i dag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kan kome fleire tiltak

Det har vore full forvirring rundt kva tiltak byråda i dei norske storbyane kan bruke når luftkvaliteten er skadeleg.

Byane hevda regelverket er uklart, medan samferdsleministeren meiner dei ikkje har nytta spelerommet som allereie er tilgjengeleg.

ALT OM: Luftkvaliteten i Bergen

Førre veke invitere samferdsleminister Solvik-Olsen byrådet i Bergen til eit oppklaringsmøte, for å ein gong for alle rydde opp i forvirringa.

Dette kan føre til at bystyret og byrådet vil få endå fleire verktøy å rutte med for å få ned luftforureininga i norske byar.