Hopp til innhold

I kveld er det slutt på datokøyring

Fem dagar var nok. Klokka 22 i kveld er det fritt fram for alle bilskilt i Bergen.

Datokjøring i Bergen

OVER OG UT: Datokøyringa i Bergen har vara i fem dagar. Tysdag vedtok byrådet at det ikkje lenger er grunn til å halda fram med køyreforbodet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Byrådet i Bergen vedtok i byrådsmøtet i dag å avslutta datokøyringa.

Varsel om lite luftforureining frå onsdag morgon gjer at datokøyring ikkje lenger er eit naudsynt tiltak mot dårleg byluft.

Køyreforbodet innanfor den ytre bomringen i Bergen skal dermed ikkje vidareførast onsdag 13. januar.

LES OGSÅ: – Hev bompengene til 500 kroner

LES OGSÅ: Usikre på om datokjøring gir effekt

– Ikkje ideelt, men effektivt

Klimabyråd Julie Andersland (V) vedgår at tiltaket ikkje er ideelt, men peikar på at verkemiddelet har redusert trafikken i Bergen.

– Tal viser at det har vore ein nedgang på om lag 4.000 bilar gjennom bomringen kvar dag. Utsleppa frå dei bilane er openbert reduserte. Me har openbert også hatt mindre svevestøv enn me elles ville hatt. Hadde me ikkje innført dette tiltaket hadde nok luftforureiningsnivået ha vore høgare, seier Andersland til NRK.

– Du seier det openbert har blitt mindre forureining. Kva byggjer du det på?

– Når me veit at 4.000 bilar som elles ville ha køyrd i bomringen ikkje køyrer, og me veit at kvar bil i trafikken bidreg til mellom anna svevestøv, så er det openbart at det har hatt ein effekt, seier Andersland.

– Men kor stor del biltrafikken utgjer i det store bilete, og kor mykje utslepp som kjem frå kvar bil, er vanskeleg å måla.

LES OGSÅ: – Unnskyld, hvordan kjøper jeg bussbillett?

Klokka 08.30 i dag steig luftforureininga til raudt nivå på Danmarksplass. Då var det verdien av NO2, nitrogendioksid, som oversteig grenseverdiane. Dette er forureining som kjem hovudsakleg frå eksosutslipp, og då særskilt dieselkøyretøy.

Andersland seier byrådet har teke høgd for målingane, og viser til at Meteorologisk institutt melder om lite luftforureining i Bergen i morgon.

Meteorologisk institutt melder noko nedbør og nullføre i Bergen resten av veka, før det ser ut til å verta ein ny periode med kuldegrader til helga.

Klimabyråden vil ikkje leggja tiltaket heilt vekk.

– Me vil følgja med på vêrvarslinga dagleg og tiltaket kan vera aktuelt seinare i vinter.

Varslar tiltak

Byrådet skal vurdera alternative tiltak som kan erstatta datokøyring i løpet av våren. Mellombels høgare bompengar i rushtida og avgrensingar for dieselbilar er to tiltak som vil verta vurderte. Panteordninga for gamle vedomnar skal innførast på ny så snart som råd.

Fyrst vil byrådet evaluera ordninga med datokøyring, seier Andersland.

– Dette er andre gongen tiltaket er sett i verk og me må evaluera ordninga. Samstundes vil byrådet snart leggja fram ei sak for bystyret der ein tek opp andre tiltak enn datokøyring, seier byråden.

Byrådet, med klimabyråden i spissen, vedtok å innføra datokøyring onsdag førre veke.

I ein storkontroll fredag, på dag to av datokøyringa, vart åtte personar ilagd bøter for brot på reglane.