Hopp til innhold

Brukar omstridd halsband for å unngå skrantesjuke

Villrein i Nordfjella hadde store isklumpar på satellitthalsbanda. No får fem friske reinsdyr liknande halsband for å unngå skrantesjuke. Det får Dyrevernalliansen til å sjå raudt.

Simle med isklump i halsbåndet

ISKLUMP: Reinsdyret som vart avliva i januar hadde ein isklump på 1,5 kilo i merkjehalsbandet.

Foto: Miljødirektoratet/SNO

– Staten driv dyreforsøk for å få bukt med skrantesjuka. Det seier Anton Krag, zoolog og dagleg leiar i Dyrevernalliansen.

Anton Krag

KAN VERA VERRE: Anton Krag i Dyrevernalliansen fryktar at dei nye halsbanda kan vera verre enn dei gamle.

Foto: Dyrevernalliansen

I januar vart det oppdaga at fleire av reinsdyra som var merkte med satellittsendarar i Nordfjella, bar på store isklumpar. På eitt eller anna vis hadde det isa på halsbanda, og isen hadde vakse seg til store klumpar. Eitt av reinsdyra hadde ein isklump på 1,5 kilo rundt halsen.

No er det gamle merkjehalsbandet bytt ut med ein ny type. Her er det mellom anna to koplingspunkt, som kan fjernopnast slik at halsbandet dett av. Det kan ein gjera om det er mistanke om at det legg seg is på det.

Dyrevernalliansen meiner at så lenge ein ikkje har funne årsaka til at det vert isklumpar på halsbanda, så kan ein ikkje bruka slike. Då hjelper det ikkje at halsbanda er av ein annan type.

– Ein veit jo ikkje om eller korleis is legg seg på desse. Dei kan jo vera verre enn dei gamle, seier Krag.

Skal hindra skrantesjuke

– Me kan ikkje garantera at det ikkje vil skje noko med desse nye halsbanda, men me skal føra tett tilsyn med flokkane og dei merkte dyra. Det seier Julie Enebo Grimstad, som er seniorrådgjevar i Mattilsynet.

Julie Enebo Grimstad

TETT OPPFØLGING: Me skal føra tett tilsyn med dei merkte dyra, seier seniorrådgjevar Julie Enebo Grimstad i Mattilsynet.

Foto: Privat

Mattilsynet og Miljødirektoratet meiner at det er heilt naudsynt å gjera dette. I februar vart alle reinsdyra som heldt til i den såkalla sone 1 i Nordfjella skotne for å bli kvitt skrantesjuka, som var oppdaga i flokken.

No må området liggja brakk i fem år, for å sikra at ikkje friske dyr får i seg smitte og spreier skrantesjuka vidare.

– Her er det snakk om å merkja dyr som del av handteringa av ei hending. Det er ikkje eit dyreforsøk, seier Grimstad, som avviser påstandane frå Krag.

Samstundes vedgår ho at det alltid vil vera ei viss ulempe for dyr å gå med merke.

– I denne saka må ulempene ved merking av fem dyr setjast opp imot fordelane med å halda dei friske dyra unna sone 1, og dermed unngå at dei vert smitta av den alvorlege skrantesjuka, seier Grimstad.

Viktig i periodar med dårleg vêr

Det er Statens naturoppsyn som har oppgåva med å merkja dyra.

– Me må vita kvar dyra er, at dei ikkje går ut av sone 2 i Nordfjella, seier Kjartan Knutsen i Statens naturoppsyn.

Kjartan Knutsen, seksjonssjef i Statens naturoppsyn

MÅ FØLGJA MED: Seksjonsleiar Kjartan Knutsen seier Statens naturoppsyn må vita kvar dyra er.

Foto: Frank Nygård / NRK

Skal dei greia det, så treng dei satellittinformasjon.

– Me skal også ha folk ute. Dei skal oppsøkja flokkane og sjå til at dyra har det bra, men utfordringa er periodar med skikkeleg dårleg vêr, seier Knutsen.

I desse periodane er ein avhengig av å kunna fylgja dyra elektronisk.

– Så langt i dag er tre simler merkte, fortel Kjartan Knutsen.