Hopp til innhold

10.000 underskrifter og eigen advokat gav Hamnesjefen to nye veker

I eit siste forsøk på å redda livet til Noregs mest kjende svane, demonstrerte svaneforkjemparar utanfor rådhuset i Os måndag. Resultatet er at kommunen utset fellinga av «Hamnesjefen».

Bergitte Wiik leverte 9910 underskrifter til Os kommune

AKSJONERTE: 9.910 personar har skrive under på eit opprop om å la Hamnesjefen leva. Bergitte Wiik, som står bak kampanjen, leverte sjølv underskriftene måndag.

Foto: Mette Anthun / NRK

Den lange sagaa om knoppsvana «Hamnesjefen» i Os ser ikkje ut til å gå mot slutten med det første. Etter at svana gjekk til angrep på ei lita jente 30. juni, vedtok kommunen å avliva dyret innan 6. august.

Etter at om lag femti dyrvernarar demonstrerte i Os sentrum måndag, lova fungerande ordførar i Os, Laila Marie Reiertsen (Frp), at kommunen vil utsetja fellinga av den utskjelte hannknoppsvana.

Det skjer etter at advokat Per Magne Kristiansen, som organisasjonen «Svanehjelpen» har hyra inn, kontakta kommunen og bad om meir tid.

– Vedtaket for felling ligg framleis til grunn, men fristen er utsett fjorten dagar. Me håpar å koma fram til ei løysing som alle kan vera tilfreds med, seier fungerande ordførar i Os, Laila Marie Reiertsen (Frp).

Over hundre markerte avsky

Bergitte Wiik starta underskriftskampanjen dagen etter at fellingsvedtaket var eit faktum. Ho leverte sjølv den blå permen med dei 9910 underskriftene til ordføraren.

– Dette er langt meir enn eg hadde forventa. Eg tippa på rundt 3–4000 i starten. Engasjementet har vore heilt enormt, seier dyrevernaren.

Demonstrasjon mot avliving av Hamnesjefen

FEMTI FRAMMØTTE: Demonstrantar og dyrevernarar utanfor Os rådhus måndag ettermiddag.

Foto: Mette Anthun / NRK

I forkant av demonstrasjonen oppmoda arrangørane alle til å oppføra seg fint.

– Me ynskjer å gjennomføra ei fredeleg markering for å visa vår avsky og motstand mot vedtaket som Os kommune har basert på feil premiss, sa Torkel Erdal, ein av initiativtakarane til demonstrasjonen.

Hets og trugslar

Reaksjonane i lokalmiljøet og i diverse internettfora har vore overveldande. Både ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Reiertsen har vorte utsett for hets og trugslar etter at fuglen fekk dødsdommen.

Kritiske røyster meiner Os kommune burde ha lytta til ekspertane sine råd, som tok til orde for flytting framfor avliving.

Fungerande ordførar Reiertsen ville sjølv sett at svana fekk leva vidare, men meiner angrepet i Mobergsvikjo veg tyngre enn omsynet til svana.

Fungerende ordfører Laila Marie Reiertsen

ORDFØRAR: Fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) seier kommunen har all mogleg respekt for dei mange som har engasjert seg i saka om Hamnesjefen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Når sånt skjer, må noko gjerast. Vedtaket som har gjort, står eg hundre prosent bak, men landbrukskontoret har no utsett skadefellingsløyvet. Me veit ikkje når dette blir handtert, så fellinga kan skje i morgon eller om to veker.

Reiertsen meiner arbeidet med å finna ei alternativ hamn for knoppsvana, har vore nedslåande.

– Det er dei respektive fylkesmennene som skal ta ei avgjerd og så langt har me ikkje fått noko positivt svar.

Avslo flytting til innhegning

Miljødirektoratet har alt avslått ein førespurnad om å flytta Hamnesjefen til ein innhegning på Tysnes. I slutten av juli blei den lokale organisasjonen «Svanehjelpen» og Norsk Ornitologisk Forening einige om å forsøka å flytta den aggressive svana.

Havnesjefen

OMSTRIDD: Hannknoppsvana Hamnesjefen går framleis ei usikker framtid i møte.

Avlivingsvedtaket gjaldt opphavleg frå 23. juli og i to veker, men etter aksjonen måndag er det klart at dei som ynskjer at svana får eit lengre liv, får ytterlegare to veker til å klekka ut ei løysing.